Gi mennesket det som Guds er!

 

Preike i Paulus kirke

24. søndag etter pinse, 18. november 2001

Lesetekstar: Amos 8.4-7, 1. Tim. 2.1-6

Preiketekst: Matt. 22.15-22

 


 

Gud, eller keisaren?

 

I ei tid då dei mest forferdelege handlingar blir utført i guds namn, styrt av menn med fromme smil i skjegget …

 

I ei tid då keisaren rår med uavgrensa militærmakt over heile verda, frå sin tronstol i God's own country …

 

då kjenner eg med heile meg at alternativet gud eller keisar er utilstrekkeleg.

 

Eg vil heller gi min lojalitet til dei sårbare menneska som er offer for valdeleg gudstale og rå keisarmakt.

 

Keisaren har ikkje krav på uavgrensa lojalitet. Dei første kristne betalte skatt til den romerske keisaren, ja. Men dei nekta å tilbe keisaren som ein gud. Dei nekta også å delta i hans militære styrkar.

 

Gud har heller ikkje krav på ukritisk lojalitet. Viss gudstrua gjer oss mindre menneskelege, eller senkar valdsterskelen, er det vår fordømte plikt å revurdere vår gudstru, eller rope ut vår protest mot andres valdsinfiserte gudsbilete. Valdsinfiserte gudsbilete finst det dessverre altfor mange av, både i heilagskriftene og religionssamfunna.

 

Også delar av Bibelen er prega av valdeleg gudstale. Vi les om ein gud som regisserer etnisk reinsing, styrtar dei rike ned i avgrunnen og trugar dei ulydige med død og forderving. Det hjelper ikkje at han er dei fattige sin gud, han er like valdeleg for det. Men side om side med dette: Ein gud som lovar at sverda ein dag skal smidast om til vingardsknivar. Ein gud som legg frå seg våpna og sjølv blir eit offer.

 

Kanskje kan Bibelen lesast som ei bok om menneska sin kamp for å humanisere Gud. Eller kanskje like gjerne om Guds kamp for å humanisere våre gudsbilete? Ta Abraham som eksempel. Abraham vaks opp i ein brutalisert kultur, og godtok utan vidare å ofre sonen sin då han meinte å høyre at Gud kravde det av han. Men Isak vart berga i siste augneblink av Guds engel. Gud humaniserte Abraham. I ei anna fortelling er det Abraham som kjempar for å humanisere Gud, når han går i forhandlingar med sin Herre for å redusere omfanget av Guds påtenkte straffedom over Sodoma og Gomorra.

 

Som kristne trur vi at Bibelen sine valdsame spenningar blir forløyst når Gud sjølv blir eit menneske, og døyr. Kven var det som drap Jesus? Ein vanheilag allianse av valdelege gudsmenn og brutale representantar for den romerske keisaren. 


Etter Golgata er det berre eín stad vi kan vere heilt sikre på at vi ser Gud: nemleg i det andre mennesket sitt sårbare ansikt. Derfor har verken ein valdeleg Gud eller ein kynisk keisar krav på vår uavkorta lojalitet. Det har berre det utsette, sårbare og trengande mennesket.

 

Det er vanlege folk som treng keisarens mynt, ikkje keisaren. 

 

Kva med Gud? Gud treng vel ingen ting. Kva vil det då seie å gi Gud det som Guds er? Om det er sant at Gud ein gong for alle har gjort seg sjølv til menneske, då må svaret kanskje bli: Gi mennesket det som er Guds. Bli menneskeleg, som Gud har blitt det.

 

Kvekarane seier: vi må respektere "det av Gud" i eitkvart menneske. Det av Gud kan aldri fangast i ord, det kan berre respekterast.

 

Den jødiske filosofen Emmanuel Levinas seier: i eitkvart menneskes ansikt finst det spor av det uendelege, spor av ein Gud som rett framfor våre augo går nesten umerkeleg forbi.

 

Så umerkeleg at vi overser han, og heller prøver å fange han i ord, eller med valdelege gripetak. Farisearane som kom til Jesus var ikkje interessert i "det av Gud" hos Jesus. Dei ville fange han i ord, og helst få tatt livet av han.

 

Men Jesus lar seg ikkje fange, ikkje før han heilt frivillig overgir seg. Som ein dreven zen-meister avvæpnar Jesus sine opponentar med ei gåte: Gi keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.

 

Framleis grunnar vi over den gåta Jesus gav oss. Eg trur ikkje akkurat at eg har funne løysinga. Men kanskje er vi på spor av noko viktig når vi innser at Gud har blitt menneske. Å gi Gud det som høyrer Gud til … er det ikkje å respektere "det av Gud" i eitkvart menneske, og sette lojaliteten mot vår sårbare neste over alt?

 

Gi det trengande mennesket det som Guds er. Keisaren skal ikkje få meir enn høgst nødvendig. Ein umenneskeleg Gud skal aldri, aldri meir få noko som helst av oss.

 

Den einaste som har krav på vår uavgrensa lojalitet, er det andre mennesket. Når vi for alvor opnar oss for eit anna menneskes ansikt, taler det sterkare til oss enn tusen himmelgudar. 

 

Jøden Levinas seier det slik, med Holocaust som disharmonisk klangbotn: "Det vidunderlige ved ansiktet er at det sier, det sier: nød, sårbarhet, det ber, bønnfaller meg om hjelp, det setter meg under ansvar". Og han held fram: "Gud, guden, det er en lang vei dit, ein vei som går om den Annen. Å elske Gud er å elske den Annen".

 

Om det verkeleg er sant at Gud har blitt menneske, då kan vi også tenkje med fortrøysting på det som kjem etter dette livet. For etter at Gud vart menneske i Jesus Kristus, kan vi stole på at Gud for evig og alltid er menneskeleg. Ikkje brutalt menneskeleg, men sårbart menneskeleg som oss.

 

På den sjuande dagen var Gud sliten, og måtte kvile. Nokre av oss har enno tid og krefter til å skape ein meir human verden. Men ein gong skal også vi få legge frå oss alt ansvar. Alt som då står att, er å bli elska slik vi - i våre beste stunder - har elska.

 

Gi mennesket det som Guds er. Og den som gir, skal få.


Oddbjørn Leirvik