Oddbjørn Leirvik:

Religionsdialogen si framtid

 

Trykt i Morgenbladet nr. 46, 12.-18. november 2004, s. 14-17. 

Essayet byggjer på eit foredrag til Skjervheimseminaret 2004


 

Forholdet mellom kristne og muslimar i Norge byrjar å bli komplekst. Medan kyrkjeleiarane synest å ha kome på god talefot med muslimske leiarar, har Fremskrittspartiet ein viss suksess med å spele på vanlege folks islamfrykt – i sommar til applaus frå karismatiske vestlandskristne.

Då Carl I. Hagen gjekk på talarstolen i Levende Ord, talte han i namnet til ”vi kristne” og stempla islam som ein valdeleg religion i kamp for verdsherredøme. Til stor applaus frå forsamlinga sette han den milde Jesus opp mot krigsherren Muhammad: ”Vi kristne er veldig opptatt av barn. La de små barn komme til meg, sa Jesus. Jeg kan ikke skjønne at Mohammed har sagt det samme. I tilfelle … måtte det være: La de små barn komme til meg, slik at jeg kan utnytte dem i min kamp for å islamisere verden.”

Men Hagen fekk ikkje stå uimotsagt. Reaksjonane viste at dei andre politiske partia (med unnatak av nokre KrF-leiarar på Vestlandet) tok unisont avstand frå Hagens utspel. Men også leiarane i dei store kristne organisasjonane reagerte. I slutten av september kom eit breitt spekter av kristenleiarar saman og distanserte seg klart og tydeleg frå Carl I. Hagens åtak på islam. Her stod Den norske kyrkja hand i hand med pinsepastorar som Aril Edvardsen og Åge Åleskjær samt leiarane i dei store misjonsorganisasjonane, i ei felles markering mot det dei kalla ”islamofobi og muslimhets”.

Og dette var ikkje første gongen at kyrkjeleiarane fann det nødvendig å åtvare mot Fremskrittspartiet si utnytting av folks framandfrykt. Alt i 1996 kom Mellomkyrkjeleg Råd for Den norske kyrkja med ei tilsvarande åtvaring mot at ”norske politikere i høyt betrodde verv gjennom sin offentlige virksomhet bidrar til å skape splittelse mellom norske borgere på grunnlag av deres religion”. Også i 1997 spela Fremskrittpartiet ut det muslimske kortet i valkampen og appellerte til kristenfolket om å støtte dei i kampen mot den islamske faren. Men kristenfolket beit ikkje på agnet, i alle fall ikkje hyrdingane deira. I staden gjekk kristenleiarar frå alle delar av norsk kyrkjeliv – frå det konservative Misjonssambandet til det liberale Norges Kristelige Studentforbund, frå pinsevennar til katolikkar – saman om eit hyrdebrev der ein sjølvkritisk uttrykte at kristne miljø har eit stort arbeid å gjere for å rydde opp i hundreårsgamle fordommar mot muslimar. I flokk og følgje gjekk kristenleiarane til den største pakistanske moskeen i Oslo for å uttrykke sin solidaritet med muslimane. For mange var dette deira første besøk i ein norsk moské. Hendinga var historisk: kyrkjeleiarar som elles har store problem med å bli samde om noko som helst, samla seg til ein felles kritikk av Fremskrittspartiet sin omtale av muslimane som ein fare for det norske samfunnet.

At majoriteten av kristenleiarar tar avstand frå Fremskrittspartiets islamhets, er såleis i ferd med å bli ein tradisjon. Men for mange er dette likevel nokså usynleg. Medan Hagen sin karismatiske tale mot islam i sommar fekk enorm merksemd, har kyrkjeleiarane sine stadige åtvaringar mot Fremskrittspartiet ikkje fått tilsvarande oppslag i media.

Heller ikkje det tillitsskapande dialogarbeidet mellom kristne og muslimske leiarar gjennom det siste tiåret har media vist noko særleg interesse for, med den kristne dagsavisa Vårt Land som eit heiderleg men ikkje særleg opplagssterkt unnatak. Media er vel for det meste styrt av den opplyste næringsinteressa og journalistar veit betre enn andre at dei aspekta ved religion som vekkjer mest interesse hos folk flest er det som har med konflikt, misbruk og helseskade å gjere.

 

DIALOGENS FIENDE: ARVESYNDA ELLER IDENTITETSPOLITIKKEN?

Men det nyttar ikkje berre å skulde på media. Kanskje ligg ei arvesynd djupt i oss alle som gjer at vi brukar det mest heilage til å styrke oss sjølve på andres kostnad. Forfattaren Amin Maalouf, som er kjend av norske lesarar for sine historiske romanar og kritiske essays om kulturmøte og identitetskonfliktar, sa det nyleg slik i eit intervju i Aftenposten: ”Det ser ut som om vi er på vei inn i en tidsalder preget av vold og konflikt. Vi kan nok selv tenke oss utveier som virker tilforlatelige, men de som går inn for dialog og brobygging skyves til side. Vi er i en verden hvor partene i konflikten demoniserer hverandre, sier han, og tror dette er noe vi kan måtte leve med i 20 til 30 år fremover.”

Er det slik, at dei som går inn for dialog og brubygging systematisk blir skuva til side, av konfliktentrepenørar som med langt større suksess spelar på folks framandfrykt?

Eg trur Maalouf har rett i at den som vil engasjere seg i lyttande religionsdialog, risikerer å bli sett på sidelinja av meir konfronterande krefter i religionane. Det er likevel eit streif av lys i Maaloufs hjartesukk: Den rådande identitetspolitikken, som set folk opp mot kvarandre i kulturen og religionen sitt namn, er eit nytt fenomen og kanskje likevel ikkje ei arvesynd som vi må bere med oss i all framtid. Identitetspolitikken er kjenneteikna ved tanken om at du er fødd med ein bestemt identitet og at det dominerande elementet i identiteten din har med ”kultur” og ”religion” å gjere. Men denne måten å tenkje på har ikkje vore rådande i heile moderniteten, minner Maalouf oss om. Han viser til at fram til 1980 tenkte folk flest i meir ideologiske baner. Alle visste for eksempel at både kristne, muslimar og meir sekulært innstilte borgarar fordelte seg over heile den politiske skalaen – etter ideologiske og ikkje identitetspolitiske skiljeliner.

Slik er det sjølvsagt også i dag. Norske muslimar er like ueinige seg i mellom som norske kristne, og politisk ser dei allereie ut til å fordele seg nokså jamt over det meste av partiskalaen. Likevel speglar den offentlege samtalen den identitetspolitiske grunntanken at du først og sist er muslim, og berre sekundært borgar og menneske. Også mange muslimar er aktivt med på å teikne eit bilete av seg sjølve som muslim først, menneske så.

Så må vi også ta på alvor at religion og livssyn faktisk er eit viktig identitetsmerke, både for muslimar, kristne, jødar, buddhistar, sikhar, hinduar, baha’i-truande, alternativreligiøse og humanetikarar. Utfordringa er å engasjere den biten av vår samla identitet som har med tru og livssyn å gjere, i opnande og forpliktande dialog – som motmiddel mot det sterke konfliktskapande potensialet som både religionar og ikkje-religiøse livssyn har i seg. For det er sterke krefter i oss og omkring oss som driv oss frå kvarandre, i Guds namn. Når eg i det følgjande skal gi eit riss av religionsdialogen sin framvekst på norsk mark (med vekt på muslimane si rolle i denne), er det denne innsikta som utgjer det barske bakteppet, nemleg at religionane og livssyna har ei kraft i seg som kan kalle fram både det verste og det beste i oss. Om vi ikkje engasjerer kvarandre i dialog, er det store sjansar for at vi brukar vår tru (eller vantru) som våpen mot kvarandre.

 

RELIGIONSDIALOGEN: EIN GODT GØYMT LØYNDOM?

At det faktisk føregår tillitsbygging og dialog på tvers av trusgrensene i Norge, er for mange ein godt gøymt løyndom. Rett skal vere rett: fjernsynskanalane produserer ikkje berre krigsliknande debattar om islam, kristendom og Vesten. Dei lagar også dialogprogram der representantar for det nye religiøse Norge engasjerer kvarandre i meir godhjarta samtalar, som (i TV2 nyleg) under vignetten ”Allah og Buddha i Peer Gynts rike”. NRK overførte no i oktober ei ettermiddagsgudsteneste frå Bakke kirke i Trondheim med muslimske gjestar som var med leste og bad frå Koranen – som ein integrert del av liturgien. Og preika var ein dialog mellom presten og ein muslim.

Den omfattande dialogen mellom leiarane for religions- og livssynssamfunna i Norge er likevel lite kjent mellom folk flest. Det same er muslimane si rolle i denne. I den institusjonaliseringa av religionsdialogen som har skjedd i Norge frå 1990-talet av, har muslimane tatt aktivt del. Alt i 1992 tok dei muslimske organisasjonane imot ein invitasjon frå Den norske kyrkja om å skipe ei nasjonal kontaktgruppe for kyrkjene og Islamsk Råd. Det var faktisk dette initiativet som var bakgrunnen for at paraplyorganisasjonen Islamsk Råd vart skipa, som ein samlande dialogpartnar for kyrkjene og styresmaktene. I 1996 var Islamsk Råd aktivt med på å skipe Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn, som no femner om mest alle trus- og livssynssamfunn i Norge. Mot dei som trur at muslimar ikkje kan forhalde seg til jødar og ateistar, kan det nemnast at Islamsk Råd, Det Mosaiske Trossamfund og Human-Etisk Forbund i 1995 gjekk saman i ein felles aksjon for å sikre livssynsfridommen i skulen, i protest mot det kristendomsdominerte KRL-faget som då var i emning. Gjennom slike fora har norske muslimar bygd gode relasjonar ikkje berre til kristne, men også til norske jødar – i eit gjensidig tillitsforhold som overrabbinar Michael Melchior kvitterte då han under opninga av det nyrestaurerte jødiske samfunnshuset i Oslo i september nytta høve til å åtvare mot den tiltakande muslimhetsen i det norske samfunnet.

I den kristen-muslimske Kontaktgruppa har ein, i ein atmosfære av veksande tillit, drøfta vanskelege saker som religion i den norske skulen og tilhøva for den kristne minoriteten i Pakistan. Saman har Kontaktgruppa tatt initiativ til feministisk orienterte dialogprosjekt mellom kristne og muslimske kvinner (dokumentert i boka Dialog med uten slør frå 2000) og laga ei felles fråsegn om den betente Palestinakonflikten.

I stigande grad samarbeider også kristne og muslimar (i lag med jødar, humanetikarar og buddhistar) om konfliktløysing, fremjing av religionsfridom og toleranseundervisning internasjonalt. Fundamentet er den tillitsbyggande religionsdialogen i Norge. Det viktigaste forumet for det internasjonale dialogarbeidet er den såkalla Oslo-koalisjonen for tros- og livssynsfrihet som vart skipa i 1998. Oslokoalisjonen har muslimen Lena Larsen som koordinator og pinsevennen Dag Nygård som leiar for styret. Eit av prosjekta til Oslokoalisjonen tar sikte på å styrke nettverket mellom liberale, islamske reformtenkjarar i ulike delar av verda.

Ved sidan av denne politisk orienterte dialogen har leiande folk i dei pakistanske moskeane, representantar for Den mosaiske trossamfund og prestar i Den norske kyrkja det siste året hatt åndelege samtalar med kvarandre i Oslo, med fokus på bøn og gudsteneste. I Trondheim har biskopen og Muslim Society tatt initiativ til ei tilsvarande, djuptloddande dialoggruppe der ein ikkje nøyer seg med religionspolitiske spørsmål men engasjerer kvarandre i samtale om gudsbilete, synet på Jesus og Muhammad, og andre trusspørsmål.

Mange fleire eksempel kunne ha vore nemnde på dialogfora av ulik karakter der norske muslimar heilt frå starten har vore aktive partnarar. Den første generasjonen av dialogarbeidarar har alt blitt noko tilårskomne. Dess meir gledeleg er det å sjå at det veks fram ein ny generasjon av dialogarbeidarar som set sin eigen dagsorden. Når for eksempel Norges Kristelige Studentforbund og Muslimsk Studentsamfunn engasjerer kvarandre i dialog, gjer dei det som unge aktivistar som har vakse opp saman i det norske samfunnet. Til forskjell frå den første generasjonen av dialogarbeidar, har dei ingen store kulturforskjellar å overvinne. Dei er norsk, religiøs ungdom med ulik tru i eit langt på veg sekularisert samfunn. Både biletet av islam og dei kulturelle vilkåra for religionsdialog endrar seg når leiaren for Norges Muslimske Ungdom snakkar kav haugesundar. Ein del av desse unge dialogaktivistane gjennomførte i sommar ei felles kristen-muslimsk pilegrims- og solidaritetsreise til Palestina og Israel.

At mange norske muslimar er sterkt engasjert i opnande dialogarbeid, tyder ikkje at alle er det. Somme artikulerer meir konfronterande haldningar, opent eller til innvortes bruk i moskeen. Ein kan også sjå at muslimar som engasjerer seg i dialog, primært er engasjert i indremuslimsk organisasjons- og nettverksbygging. Men det kan ein knapt fortenkje dei i. Dei fortener snarare ros for det frivillige dobbeltarbeidet dei legg ned, medan kristne dialogaktivistar kan leve ut sitt engasjement for religionsdialogen i arbeidstida.

Som sagt: Lite av denne religionsdialogen er kjend for folk flest. Du må nesten vere spesielt interessert for å få vite om det.

Om religionsdialogen skal bli noko meir enn ei sak for dei spesielt interesserte, må den finne fora der alle kan møtast. Derfor er det heilt avgjerande for religionsdialogen si framtid om ein lukkast i å gjere skulen til ein arena for dialogtrening. Ambisjonen for KRL-faget er at det skal bli ein slik dialogarena. Ikkje mange land i verda har våga å lage eit felles religions- og livssynsfag i skulen. Målet for KRL-faget er ambisiøst: elevane skal ikkje berre lære om religionane og livssyna men også frå dei. I  eit samspel mellom identitetsutvikling og dialogtrening skal elevane – i følgje læreplanen – bli kjende med religionane som ”levande kjelde til tru, moral og livstolking”. Konfliktane omkring faget viser kor vanskeleg det er å få til ei inkluderande religionsundervisning. Minoritetane – med jødar, muslimar og humanetikarar i spissen – har meint at KRL-faget er altfor kristendomsorientert til å kunne vere eit reelt fellesfag og ført sak mot staten for å ha tatt bort fritaksretten. Samtidig ser vi at faget på mange skular blir praktisert på ein reelt inkluderande måte. Det vesle vi har av forsking på faget tyder då også på at mange minoritetselevar er meir positive til fellesfaget enn kva deira foreldre og trussamfunn har vore. Kanskje ser vi teikn på at den nye generasjonen rører seg friare i det fleirreligiøse landskapet enn sine meir fryktsame foreldre?

 

KRITISKE RØYSTER

Det blir også stadig tydelegare at andre- og tredjegenerasjonen av muslimar i Vesten er mykje meir frimodige enn sine foreldre når det gjeld å stille kritiske spørsmål til den måten religionen blir praktisert på i dagens globaliserte samfunn. Dei kritiserer  ikkje berre Bush sin imperialistiske kristendom og Israels militante jødedom men også former for islamsk trusutøving som er prega av intoleranse og aggressive forsvarsreaksjonar. Også eg – som mangeårig dialogaktivist – kjenner trong til å vere tydeleg i min kritikk av det eg meiner er uakseptable haldningar i ein del muslimske miljø. Når ein luftar kritiske synspunkt, må ein likevel ikkje gløyme kor utmattande det er for muslimar flest dagstøtt må svare for alt det trussøsken måtte finne på i namnet til islam. Men kanskje har tida likevel kome for ein enda meir open og kritisk religionssamtale. For i stigande grad adresserer muslimar sjølve dei kritiske forholda som opptar alle som er interessert i religion og kultur – dei tronge kåra for kvinnene, det demokratiske underskotet i dei religiøse organisasjonane, dei inngrodde fordommane mot kristne og jødar, og den religiøst motiverte terroren. I USA har nettsida til organisasjonen Muslim WakeUp nyleg publisert ein tipunkts manifest som krev rom og respekt for kvinner i moskeane. I Canada publiserte den lesbisk sambuande muslimen Irshad Manji i 2003 ei bok som ber tittelen The trouble with Islam. A wake-up call for honesty and change. Her går ho ikkje berre i rette med det rådande synet på seksualitet i islam, men også dei autoritære haldningane som ho har møtt i moskeane, sperrene mot å stille kritiske spørsmål til den islamske læra, og dei antijødiske haldningane som ho finn i muslimske miljø verda over. Irshad Manji meiner at det i desse spørsmåla både er nødvendig og mogeleg å lese Koranen med nye auge. Med sine kontorversielle meiningar nektar ho å la seg marginalisere og ho insisterer ho på å bli respektert som del av det tolkande fellesskapet innanfor islam.

Når det gjeld islam og terror, kom den kjende skribenten Abdel Rahman al-Rashed i september med ein sjølvkritisk kraftsats under overskrifta ”A Wake-up Call: Almost all terrorists are Muslims”. Al-Rasheed er ingen marginal figur. Han er ein sentral skribent i avisa Al-Sharq al-Awsat som er finansiert av saudi-arabiske pengar og blir lesen av mange muslimar i både Midtausten og Vesten. Han skriv: ”Det er eit sikkert faktum at ikkje alle muslimar er terroristar, men det er like sikkert, og forferdeleg smertefullt, at nesten alle terroristar er muslimar.” Al-Rashed nøyer seg ikkje med dei vanlege og rettkomne forsikringane om at all terror er i mot islam sitt sanne vesen. Han oppmodar i staden muslimar til å vurdere kritisk den revolusjonære ideologien som blir propagandert av mange islamistiske organisasjonar og forkynt i moskeane deira, for å sjå om det her (trass i forsikringar om det motsette) kan ligge ideologiske spirar til valdsdåd i islam sitt namn.

Slike kritiske røyster blir det stadig fleire av, innanfor det muslimske fellesskapet.

No må det også seiast at nokre av dei som har kritisert islam innanfrå – som Ibn Warraq, forfattaren av boka Hvorfor jeg ikke er muslim – har forlate det islamske trusfellesskapet. I norsk samanheng har Shabana Rehman i Dagbladet andre fora markert seg som eit sterkt islam- og religionskritisk stemme, med kraftsatsar som denne: ”De religiøses praksis kveler menneskets frihet. Til helvete med dem!”

Dei muslimske miljøa i Vest strevar enno med å venje seg til den opne og kritiske samtalen i demokratiske samfunn der ytringsfridom rår. Nokre reagerer med å slutte rekkjene. Andre opnar seg for ein meir demokratisk religionssamtale internt og innser at dei også må leve med dei fråfalne sin ofte overdrivne og unyanserte kritikk. Men alle blir dei nok ganske så slitne av at den religionen dei tilhøyrer dagstøtt blir utsett for offentleg og slett ikkje alltid velinformert kritikk.

Når det gjeld dei som sterkast kritiserer islam utanfrå, er det to grupper som har markert seg særleg sterkt dei siste åra, nemleg kristne fundamentalistar og gudlause humanistar.

Dei kristne fundamentalistane allierer seg somme tider med høgrepopulistiske politikarar, som vi har sett eit norsk eksempel på med Carl I. Hagen og Levende Ord. Dei sekulære humanistane står i derimot ein religionskritisk tradisjon der brodden tradisjonelt har vore retta mot kristendommen. Når humanistar no rettar hovudskytset mot islam, skjer det ironisk nok samtidig med at kristne fundamentalistar – som jo er immune for allmenn religionskritikk – peikar ut islam som sjølve hovudfienden i den globale åndskampen.

 

FRÅ KRISTENDOMSKRITIKK TIL ISLAMKRITIKK?

I ein bokomtale i Morgenbladet frå oktober i fjor av den norske utgåva av Nietzsches ”Antikrist. Forbannelse over kristendommen”, peika Helge Jordheim på at den allmenne religionskritikken i vestlege samfunn synest å ha avgått ved døden men gjenoppstått som islamkritikk. Då Arnulf Øverland heldt sitt historiske foredrag i 1931 om ”Kristendommen – den tiende landeplage”, var religionskritikk synonymt med kristendomskritikk. Øverlands religionskritikk hadde både ein rasjonalistisk og ein moralsk brodd. Han meinte at den kristendomsundervisninga som borna vart utsett for i skulen ”ødelegger deres forstand”, men var også moralsk forarga over kristendommen sine autoritære og valdelege ytringsformer. I dag rettar hans åndelege arvingar, norske humanetikarar, den same brodden mot islam. Samtidig har leiande humanetikarar gått langt i retning av å friskmelde kristendommen. I eit oppsiktsvekkande intervju i mai 2003, som Dagbladet gav overskrifta ”Islam er livsfarlig”, rosar Levi Fragell utviklinga i vestleg kristendom men uttrykker seg bastant og sterkt kritisk om islam. Han slår fast at kristne ikkje lenger nødvendigvis meiner ”at alt som står i Bibelen er Guds ord som skal følges til punkt og prikke”. Dette har skapt eit prisverdig ”tvisyn i kirka”, seier Fragell, og held fram: ”Hvis ikke vi klarer å åpne for det samme tvisynet i islam, er vi fortapt”. For medan mange kristne har tatt det beste ut av sin tro” og erstatta ”hat med toleranse”, er altfor mange muslimar framleis prega av ”islams kulturhat mot Vesten”. ”I dag er islam mye farligere enn kristendommen”, konkluderer Fragell. Alt året før, i debatten etter Fadime-drapet i Sverige i 2002, gjekk generalsekretær Lars Gule langt i retning av å gi islam som religion skulda for dei kvinneundertrykkande haldningane som er utbreidd i tradisjonelle, muslimske kulturar.

Ein del av den humanetiske kritikken er rettkomen, for eksempel av den livstrugande forfølginga som dissidentar og fråfalne blir utsett for i mange muslimske samfunn. Problemet er at humanetikarane somme tider blir like unyanserte i sin kritikk av islam som dei før har vore det i sin kristendomskritikk. Somme tider skin det også igjennom ein essensialistisk tanke om at islam ”i seg sjølv” er autoritær, kvinneundertrykkande eller valdsfremjande.

Her er det ironisk nok eit samanfall mellom den mest unyanserte islamkritikken frå humanetisk hald (slik den for eksempel kjem til uttrykk i Ibn Warraqs Hvorfor jeg ikke er muslim, som Humanist forlag gav ut på norsk i fjor), og den tiltakande kritikken av islam frå kristne, konservative krinsar. Det tydeleg at kristne fundamentalistar i Norge har sett seg leie på den lyttande haldninga til islam som dei meir etablerte kyrkjeleiarane her til lands har målbore. Når ein ser korleis dei no konfronterer islam, er det tydeleg at dei norske fundamentalistane har ikkje funne opp krutet sjølve. I Enevald Flåten og Carl I. Hagen sine utfall mot islam finn ein dei same elementa som vi kjenner frå den nykonservative islamkritikken i USA. Ei viktig kjelde for islamkritikken deira er bøker som er skrive av kristne konvertittar frå islam. Eit eksempel på slike bøker er Islam og terrorisme av Mark Gabriel som Prokla-Media, forlaget til den kristne misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag, gav ut i 2003. I denne boka, som visstnok sel særleg godt på Vestlandet, får vi vite at islam si historie er som ei elv av blod; at muslimar meiner at dei fredsæle passasjane i Koranen er avskaffa av dei mest konfronterande versa; at det fremste målet for einkvar muslim er verdsherredøme i Allahs namn; og at ein må rekne med at dialogvennlegge muslimar systematisk løyner sine eigentlege formål om å ta kontroll over Vesten. Etter å ha konvertert til ei fundamentalistisk form for kristendom, insisterer Mark Gabriel på fundamentalistisk vis at det berre finst éi sanning om islam – og at den er mykje verre enn vi trur.

Står så muslimane overfor ein verdsvid konspirasjon av kristne og humanetiske åndskjemparar? Slik er det heldigvis ikkje. Etter at Carl I. Hagen kledde seg i kristen rustning i sommar, har Lars Gule kritisert både han og dei andre kristenfundamentalistane for reinspikka hets mot islam. Sjølv tar Gule no til orde for ein meir nyansert kritikk som tar høgde for det konfliktfylte mangfaldet i dagens islam. Som moralsk forarga, kjempande rasjonalist ønskjer han seg også ein meir allmenn religionskritikk, ein kritikk som rammar kristenfundamentalistane like hardt som deira muslimske slektningar.

 

KRITISK DIALOG OM GRENSENE FOR MORALSK AKSEPTABEL USEMJE

Sjølv om ein såleis kan sjå nyansar i den humanetiske kritikken av islam, kjenner eg meg somme tider – i mitt ønskje om ein kritisk samtale med islam – sett ut av spel av eit trekløver av muslimske, kristne og humanetiske fundamentalistar.

Likevel gir eg ikkje opp håpet om at det skal vere mogeleg å få til ein kritisk samtale på tvers av trusgrensene. 

Målet med religionsdialogen og den kritiske samtalen er ikkje at alle skal bli like. Eit hovudmål må heller vere at alle lærer seg til å leve godt med til dels store forskjellar i tru og moralsyn. Men eg vil insistere på at det samtidig må settast grenser for kva som bør reknast for moralsk akseptabel framferd i det fleirreligiøse samfunnet. Rommet for kulturell og religiøs usemje må vere romsleg. Men for fellesskapets skuld må vi saman trekkje nokre kritiske grenser for kva måtar vi vernar moralen og hevdar vår tru på.

Lat meg nemne nokre eksempel på kvar eg meiner dei moralske grensene for akseptabel framferd i religionane sitt landskap må trekkjast:

·        Ved former for forkynning og religiøs organisering som siktar mot politisk verdsherredøme i den eigne religionens namn og slik trugar verdsfreden (eventuelt kamuflert som ein kamp for ”det godes” siger).

·        Ved litteratur og religiøs forkynning som taler nedsettande om andres tru, sementerer fiendebilete og slik undergrev fleirreligiøs sameksistens i nasjonane.

·        Ved alle former religiøs praksis som trugar liv og helse og integriteten til individet (inklusive religiøst motiverte sanksjonar som er uforeinlege med humanitetsprinsippet i menneskerettstenkinga).

Kva juridiske grenser som bør trekkjast, er eit anna spørsmål enn det som gjeld moralske grenser. Når religionane trugar liv, helse og personleg integritet, er også rettsleg grensesetting aktuelt. Men like viktig er samtalen om moralske eller haldningsmessige grenser som  religionane bør forplikte seg på, av omsyn til den nødvendige sameksistensen i fleirreligiøse samfunn.

Ikkje all tru (eller truspraksis) er verdig respekt. Må vi ikkje alle – kva anten vi er kristne eller muslimar eller noko anna – våge å seie at det er utbreidde trusformer og tankesett som utgjer eit konstant trugsmål mot menneskeverdet, sameksistensen og verdsfreden, og som alle bør vere moralsk forplikta til å omvende seg frå?

Det vi treng, er ein felles etisk samtale, ein samtale som må inkludere eit element av moralsk basert religionskritikk. Og her må i ein viss forstand alle svare for alt. Vi lever i ein globalisert tidsalder og vi er moralsk forplikta til å seie vår meining ikkje berre om det som skjer i Norge men kvar som helst på kloden der intolerante og aggressive handlingar blir forsvart med jødiske, kristne, muslimske, hinduiske eller for den saks skuld kjølig rasjonelle argument.

Både for muslimar og kristne er det slitsamt å skulle svare for det trussøsken i andre delar av verda står for. Men sidan både islam og kristendom byr seg fram som universelle identitetar, må både kristne og muslimar i prinsippet vere budde på å ta stilling til alt som skjer i desse religionane sitt namn.

Einkvar muslim må kunne gi klare svar på kva han eller ho meiner om harde straffer (i verste fall dødsstraff) for ekteskapsbrot, homofil praksis eller fråfall frå islam – i land som Pakistan, Iran eller Nigeria. Det er ikkje godt nok, som ein representant for Muslimsk Studentsamfunn gjorde her om dagen i etterkant av Norgesbesøket til islamisten Qazi Hussain Ahmed (som har dødsstraff for homofili på partiprogrammet sitt i Pakistan), å seie at det er opp til kvart einskild land å bestemme kor strengt ein vil straffe homofili.

Einkvar norsk kristen må tilsvarande vere budd på å gi klare svar når muslimar spør oss om kva vi meiner om den amerikanske gud-med-oss-religionen, dei nye formene for politisert, kristen nasjonalreligiøsitet som vi har vore vitne til dei siste åra (i land som Serbia, Russland eller for den saks skuld Danmark og Norge), eller kristenkonservative åtak på andre religionar sin integritet.

Det store spørsmålet er korleis vi skal få til ein felles samtale om nødvendige haldningsendringar i religionane. For det er vanskelege spørsmål det handlar om, spørsmål som krev til dels radikale revurderingar av våre tradisjonar.

Det som trengst, er ein samtale som utfordrande men på same tid tillitsskapande. I Norge har vi kome relativt langt i å skape tillit på tvers av trusgrensene. Mange er også klare for å gå inn ein enda meir kritisk samtale. Men eg fryktar at den kritiske religionsdialogen skal bli overdøyvd av ein kakofoni av røyster som ropar at det einaste saliggjerande er den ”sanne” kristendom, det ”reine” islam, eller gudlaus rasjonalisme.