Oddbjørn Leirvik:

 

BØKER OM RELIGIONSMØTE OG DIALOG, PÅ NORSK

 

Trykt i Nytt Norsk Kirkeblad 8: 2004, s. 17-20.


 

For berre eit par tiår sidan var ”religionsdialog” eit framandord i det norske språket. I den same perioden som religionsdialogen har blitt jorda i norsk kontekst, har det gått inflasjon i ordet ”dialog” som i dag blir brukt av alt og alle som ønskjer å signalisere vilje til open og forpliktande samtale i den eine eller andre samanhengen.

 

I dette oversynet vil eg konsentrere meg om bøker på norsk om religionsdialog frå byrjinga 1990-talet og framover. Den nye religionspluralismen skjerpar ikkje berre interessa for dialog mellom religionane men også medvitet om at religionsmøte kan vere konfliktfylte. Derfor vil eg også omtale nokre bøker som tematiserer religionsmøtet – spesielt det mellom kristne og muslimar – i historisk perspektiv.

 

I tillegg til bøker har artiklar om religionsmøte og dialogproblematikk for lengst gjort sitt inntog i teologiske, kyrkjelege og allmennkulturelle tidsskrift. Men eg skal her nøye meg med å presentere relevante bøker.

 

Av norske teologar er Notto R. Thelle ein av dei store pionerane i religionsdialogen, særleg då den kristen-buddhistiske. Bakgrunnen for Thelles bøker er hans mangeårige dialogerfaringar frå Japan, som han har ført vidare gjennom å engasjere seg i norske religionsdialogar. Mange har hatt stort åndeleg og intellektuelt utbytte av å lese om hans ”Vandringer i grenseland mellom øst og vest”. Dette er undertittelen til den kanskje mest kjende boka hans, Hvem kan stoppe vinden? (Oriens forlag 1995). Thelle har skrive dialogiske lærebøker om buddhismen, vore med å gi ut tekstar frå zenbuddhismen og taoismen på norsk og har også eit interreligiøst perspektiv i sine meditative andaktsbøker. 

 

Mi eiga bok Religionsdialog på norsk (Pax 2001, den første utgåva kom i 1996) gir eit drøftande oversyn over av trus- og livssynssamtalen i Norge. Med eit kart over det nye religiøse Norge som bakgrunn tar boka for seg etiske og menneskerettslege, trusmessige og politiske aspekt ved religionsdialogen her til lands. Boka drøftar forskjellen på det eg kallar ”nødvendig” og ”spirituell” dialog, og utfordringa til dialog i skulen er vigd eit eige kapittel.

 

Apropos skulen: eit viktig aspekt ved KRL-faget er at det no, for første gong i norsk historie, blir skrivne lærebøker som legg til rette for dialogisk etikk- og religionsundervisning i skulen. For ungdomstrinnet sin del er religionsmøte og religionsdialog eit eksplisitt tema. Kanskje er det her den mest konsekvensrike utviklinga av religionsdialogisk litteratur skjer? Også lærebøkene i Religion og etikk for vidaregåande skule er sjølvsagt viktige i dette perspektivet.

 

Sentrale eksempel på kva ein har kome fram til i meir organiserte livssynsdialogar om religion, etikk og menneskerettar, finn ein dokumentert i dei to bøkene Fellesskapsetikk i et flerkulturelt Norge (red. Inge Eidsvåg, Universitetsforlaget 1993) og Religion, livssyn og menneskerettigheter i Norge (red. Inge Eidsvåg og Lena Larsen, Universitetsforlaget 1997). Bøkene er vel verd ein tur på biblioteket. Dei gir eit spennande innsyn i kva jødar, kristne, muslimar, buddhistar, hinduar, sikhar, baha’i-truande, nyreligiøse og humanetikarar kan stå saman om når dei engasjerer kvarandre i forpliktande dialog, men viser også kvar vegane somme tider skiljest og at den usemja som blir tydeleg slett ikkje treng å følgje religionsgrensene.

 

Av bøker om ”religionsdialog på norsk” må også Anne Hege Grung og Lena Larsens Dialog med og uten slør (Pax 2000) framhevast. Boka, som er sjeldan både i norsk og internasjonal samanheng, skildrar ein dialogprosess mellom kristne og muslimske kvinner og gir eit tydeleg kjønnsperspektiv på religionsmøtet. Boka gir også ei dialogisk innføring i islam og kristendom og inkluderer ein forteljande refleksjon over forfattarane si felles reise til Israel og Palestina.

 

Også kristne forlag har gitt ut bøker om islam og kristendom, men då i form av kristen sjølvrefleksjon. Eksempel på slike bøker er Mellom kors og halvmåne. Kristne perspektiver på møtet med islam (redigert av Jan Opsal og Arild M. Bakke, Credo 1994) og den omsette boka av Johan Bouman Kristne og muslimer. Hva er felles og hva skiller (Luther forlag 2002).

 

Vi ser også at dei store forlaga har byrja gi ut bøker på norsk om forholdet mellom religionane. Eit eksempel på dette er Karen Armstrongs Historien om Gud i jødedom, kristendom og islam (Gyldendal 1995/2002).

 

Hovudfokus i dette oversynet er likevel bøker som relaterer meir direkte til den norske konteksten. Den nyaste boka om kristen-muslimsk dialog i vår samanheng er eit dansk-norsk fellesprodukt. Eg tenkjer på boka Islam, kristendom og det moderne, som vart gitt ut tidlegare i år av det danske forlaget Tiderne Skifter og er redigert av Lissi Rasmussen og Lena Larsen. Her blir forholdet mellom kristendom og islam drøfta i lys av dei felles utfordringane som modernitetens individsentrering og seinmodernitetens pluralisme stiller dei to religionane overfor. Norske bidragsytarar er Peder Graven, Anne Hege Grung, Beate Indrebø Hovland og Oddbjørn Leirvik (samt den kjende muslimen og islamforskaren Anne Sofie Roald som er norsk men bur i Sverige og nyleg har gitt ut boka Islam på Pax forlag).

 

Boka Islam, kristendom og det moderne har som tittelen viser religion og modernitet som felles referanseramme. Eit anna interessant eksempel på korleis kristne og muslimar kan etablere ein felles horisont for religionssamtalen, er NKS-heftet Religiøs ungdom i et sekularisert samfunn (2002) som byggjer på ein konferanse arrangert av Norges Kristelige Studentforbund og Muslimsk Studentsamfunn. Her møter vi ein ny generasjon i dialog som har vakse opp saman i det norske samfunnet og ikkje er prega av dei kulturforskjellane som den første dialoggenerasjonen i Norge måtte byggje bru over.

 

Det nye religionsmøtet i Norge står sjølvsagt i ein vidare, global kontekst. Når det gjeld forholdet mellom islam og Vesten meir allment, må bøkene til Peter Normann Waage nemnast. Den nyaste boka hans er Islam i en moderne verden. Et essay om dialog (Cappelen 2004). Alt i 1989 gav han ut Når kulturer kolliderer (Aventura 1993), eit essay om islam og Europa med Salman Rushdies "Sataniske vers" som utgangspunkt. Bøkene hans gir spennande allmennkulturelle og kulturfilosofiske perspektiv på religionsmøtet.

 

Når først Rushdies namn er nemnt, bør ein jo minne om at hans kontroversielle Sataniske vers (på norsk i 1989) faktisk handlar om kultur- og religionsmøte – nærare bestemt muslimske innvandrarar sitt forvirrande møte med moderne samfunn der grensene mellom det heilage og det jordiske kan vere like utydelege som dei britiske øyane sitt typiske gråver med jord og himmel som flyt umerkeleg over i kvarandre (ein sentral metafor hos Rushdie). Sjølv prøvde eg meg på ei kristen-muslimsk lesing av Sataniske vers (”Var det sjel i hans tvil?”) i den første boka eg gav ut om religionsdialog, Møte med islam (Pax 1990).

 

Som nemnt innleiingsvis, skjerpar det nye religionsmøtet interessa for korleis folk av ulik tru har relatert til kvarandre i tidlegare historiske epokar. I boka Abrahams barn (Pax 2000) gir eg sjølv ei kortfatta historisk oversikt over forholdet mellom jødar, kristne og muslimar i Midtaustens og Europas historie, med eit sluttkapittel om jødisk, kristen og muslimsk frigjeringsteologi i Det heilage landet.

 

Det er elles påfallande kor mange bøker om korstogstida som har blitt publisert dei siste åra. Før eg gir norske eksempel, vil eg nemne bøkene til den kristne fransk-libanesaren Amin Maalouf som Pax forlag gir ut på norsk. I bøkene Leo Afrikaneren, Samarkand, Lysets hager, Taniosklippen, Havnene i Levanten og Baldassares rundreise gir Maalouf gir ein historisk og skjønnlitterær tilgong til det religiøse mangfaldet som både Midtaustens og Europas historie kan by på. Maalouf har også skrive tankevekkande prosa om det konfliktfylte forholdet mellom religionane, i Korstogene sett fra arabernes side og essayet Identitet som dreper.

 

Ein norsk forfattar som har skrive innsiktsfulle historiske romanar om møtet mellom kristne og muslimar, med fokus på korstogstida, er Thorvald Steen. I Konstantinopel (Tiden 1999) møter vi Sigurd Jorsalfar på væpna pilegrimsferd til Jerusalem og Konstantinopel. Korsfarartida er også ramma for Steens nyaste roman Kamelskyer (Oktober 2004) der det er den muslimske hærføraren Saladin som er sentralfigur. Ein annan nordisk forfattar som har skrive skjønnlitterært om religionsmøtet i mellomalder og korsfarartid, er Jan Guillou. I hans trilogi om Arn av Gothia er det Tempelridderen (på norsk i 1999) som mest eksplisitt tar opp den interreligiøse tematikken. Kanskje som eit ironisk hint til skandinaven sitt sjølvbilete som fredsmeklar, lar han den svenske tempelriddaren Arn overtyde Saladin til å la nåde gå for rett når Saladin tar Jerusalem tilbake frå korsfararane. (I røynda hadde vel Saladin nok av islamske ideal å ause av, med Muhammads amnesti til fiendane i Mekka som det store førebiletet.)

 

Det finst også norsk skjønnlitteratur som tar opp kultur- og religionsmøtet i eit notids- og framtidsperspektiv. Det mest slåande eksemplet er kanskje Torgrim Eggens bok Hilal (Gyldendal 1995), ei bok som rullar opp eit scenario av framtidig religionskonflikt i Oslo.

 

Mange fleire bøker kunne vore nemnde. Dei siste åra har ein internasjonalt sett framveksten av ein markert islamkritisk litteratur, utgitt på norsk av høvesvis humanetikarar (Ibn Warraq: Hvorfor jeg ikke er muslim, Humanist forlag 2003) og fundamentalistiske kristne (Mark Gabriel: Islam og terrorisme, ProklaMedia 2003). Slik skaper det nye religionsmøtet ikkje berre dialogisk orientert litteratur men også konfronterande pamflettar.

 

Når det gjeld bøker og hefter om islam og kristendom som blir spreidd gjennom moskeane (førebels i liten grad på norsk), er denne for det meste av klart apologetisk natur. Dette er også tradisjonen på kristen side. Litteratur som speglar og inviterer til ein kritisk og opnande samtale mellom religionane, er ein langt nyare og mindre etablert sjanger. Men den er i vekst, i Norge og i enda større grad internasjonalt.