Religion og vald
i Bibelen og Koranen

 

Tekstutval ved Oddbjørn Leirvik, desember 2001/april 2002

 

Det gamle testamentet / den jødiske Bibelen

 

I lovbøkene: auge for auge, tann for tann

 

Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy … Når nokon skadar landsmannen sin på kroppen, skal det same gjerast med han som han sjølv har gjort: brot for brot, auga for auga, tann for tann. Den same skaden som han gjer ein annan, skal han sjølv få (3. Mosebok 24: 19).

 

I dei historiske bøkene:

etnisk reinsing (?) og jødisk motstandskamp

 

Så tok folket til å ropa, og prestane bles i horna. Med det same folket høyrde hornlåten, sette dei i med eit sterkt rop. Då ramla muren ned, og folket gjekk rett inn i byen og tok han. Dei bannstøytte alt som fanst der. Både menn og kvinner, unge og gamle, storfe, småfe og esel hogg dei ned med sverd (Josva 6: 20f - om den jødiske erobringskrigen, Jeriko/Kanaan).

 

Med sverd i hand gjekk jødane til strid mot uvenene sine. Dei drap og tynte og gjorde som dei ville med fiendane sine … Dei andre jødane i dei provinsane [persar]kongen rådde over, slo seg òg saman og ville verja livet sitt og få fred for uvenene sine. Dei drap syttifem tusen av fiendane sine, men rørte ikkje eigedomane deira (Esters bok 9: 5+16 – om jødisk motstandkamp i Babylonia)

 

I profetbøkene: fredsvisjonar

 

I dei siste dagar skal det henda at Herrens tempelberg [Sion] skal stå grunnfest over alle fjell og lyfta seg opp over haugane … Då skal dei smida sverda sine om til plogjern og spyda sine til vingardsknivar. Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk og ikkje lenger læra å føra krig (Jesaja 2: 1+4).

 

Gled deg storleg, Sions dotter, set i og jubla, Jerusalem! Sjå kongen din kjem til deg. Rettferdig er han, og siger har han fått; audmjuk rid han på eit esel, på den unge eselfolen. Eg vil rydja ut vognene i Efraim og hestane i Jerusalem, og stridsbogen skal brytast sund. Han skal skapa fred for folka, hans velde skal nå frå hav til hav, frå Eufrat til heimsens endar (Sakarja 9: 9-10 – om fredskongen på Sion)

 

– men også omstyrtande bodskap

 

Herren, Allhærs Gud, har sett ein dag til dom over alt som er stort og stolt, over alt som ris i veret – det skal siga i hop … Då vert det stolte mennesket bøygt og den hovmodige mannen audmykt ... (Jesaja 2: 12).


 

Det nye testamentet

 

Jesus som valdsoffer

– for nasjonalistisk, brutalisert gudstru, og for ufølsom okkupasjonsmakt ...

 

Profetisk ikkje-vald, pasifistisk nytolking den jødiske lova:

 

(I Bergpreika:) De har høyrt det er sagt: Auga for auga og tann for tann. Men eg seier dykk: Set dykk ikkje imot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på den høgre kinnet, så vend òg det andre til (Matteus 5: 38-39)

 

(Under arrestasjonen i Getsemane:) Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde øyra av han. Då sa Jesus: "Stikk sverdet ditt i slira! For den som grip til sverd, skal falla for sverd" (Matteus 26: 51f)

 

Men også omstyrtande bodskap:

 

Storverk gjorde han med sin sterke arm; han spreidde dei som bar på hovmodstankar, og støytte stormenn ned frå trona, men lyfte dei låge opp (Marias lovsong i Lukas 1: 51-52).

 

Sterkt aggressivt språk mot "jødane":

 

De [greske kristne] har mått tola det same av dykkar landsmenn som dei har mått tola av jødane, dei som drap Herren Jesus og profetane og forfylgde oss. Dei er ikkje Gud til hugnad og står alle menneske imot, fordi dei hindrar oss i å tale til heidningane, så dei kan verta frelste. Såleis fyller dei alltid syndemålet sitt. Men til sist har vreiden nått dei (Paulus' 1. brev til tessalonikarane 2: 14-16).

 

Demonisering av fiendane?

 

– De har djevelen til far ... (Jesus mot sine jødiske motstandarar, Johannes 8: 44)

– Den som syndar, er av djevelen ... (1. Johannes’ brev 3: 8)

– Eg veit òg at du blir spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge (Johannes’ Openberring 2: 9)

 

Asosial (?) fordøming av ”heidningane":

 

Det er nok at de i farne tider har levt på heidensk vis, i sedløyse og sanselege lyster, i drikk og svir, og i stygg avgudsdyrking. No undrar dei [naboane?] seg når de ikkje lenger kastar dykk ut i denne straumen av skamløyse saman med dei, og spottar dykk. Men dei skal få gjera rekneskap for han som står ferdig til å døma levande og døde (1. Peters brev 4:3f).

 

Valdeleg visjon av endetidsdommen:

 

Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter "Trufast og Sannferdig", for han dømer og strider med rettferd … Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, den Allmektige. På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane (Johannes' openberring 19:11-16)



Koranen

 

Forholdet til fiendane i Mekka – ikkje-valdeleg konfrontasjon:

 

Avvis det onde med det som er bedre (Koranen 23: 96/98 - Mekka)

 

Si til dem som tror, at de må tilgi dem som ikke ser frem til Guds dager, så Han kan belønne folk for det de har fortjent (Koranen 45: 14/13 - Mekka)

 

Så hør ikke efter de vantro, men før en drabelig kamp [jihâd kabîr, "stor jihad"] mot dem ved hjelp av den [Koranen?] (Koranen 25: 52/54 - Mekka)

 

Men omstyrtande bodskap:

 

Vi ønsket å vise nåde mot dem som var undertrykket i landet, og gjøre dem til ledere og arvtagere og gi dem fotfeste i landet ...” (K 28: 5f/4f – Mekka).

 

Obs. det sosio-politiske aspektet ved konflikten:

 

Hva er det med dere? At dere ikke vil kjempe for Guds sak, og for de svake, – menn, kvinner og barn, som sier: "Herre, før oss ut fra denne by av illgjeringsmenn, send oss fra Deg en som kan ta seg av oss, en hjelper!" (Koranen 4: 75/77 – Medina, merk framhaldet:)

 

Demonisering av fienden?

 

De troende kjemper for Guds sak. De vantro kjemper for de falske guders sak. Bekjemp Satans venner! Sannelig, Satans strategi er svak! (Koranen 4: 76/78 – Medina)

 

De som lever av renteutbytting skal på oppstandelsens dag stå frem lik en som Satan har slått med sin berøring (Koranen 2: 275/276 – Medina)

 

Forholdet til fiendane i Mekka, i Medina-perioden:

 

De vantro må bare ikke tro at de kan komme unna. De kan ikke forpurre noe. Gjør klart mot dem [wa-‘addû = mottoet til Det muslimske brorskap] alt dere makter av stridskrefter og rytteri, så dere kan sette skrekk i Guds og deres fiende og andre i tillegg, som dere ikke vet om (Koranen 8: 59f/61f - Medina)

 

Men, når de fredlyste måneder er til ende, så drep avgudsdyrkerne hvor dere finner dem, - pågrip dem, beleir dem, legg bakhold for dem overalt! Men hvis de omvender seg, foretter bønnen og betaler det rituelle bidrag, så la dem dra sin vei. Gud er tilgivende, - nåderik (Koranen 9: 5 – Medina, det såkalla "sverdverset")


Martyriet:

 

”For dem, som har forlatt sine hjem og ble drevet bort fra dem, som har lidt for Min sak, som har kjempet, og mistet livet, sandelig, for dem vil Jeg utviske deres misgjerninger, og Jeg vil føre dem inn i paradisets haver, hvor bekker sildrer” (3: 194/193)

 

Jf. jihad i Hadith-samlingane:

 

Dei seks autoritative samlingane til al-Bukhârî, Muslim etc. har eigne bøker om jihâd og militære ekspedisjonar (Kitâb al-jihâd wa-l-siyar). Obs 1: bøkene skildrar også korleis Muhammad gav amnesti til sine tidlegare fiendar då han erobra Mekka, og let vere og ta hemn. Gir forskrifter for krigføring som seinare blir systematisert til ein teori om rettferdige krigen. Obs. 2: ein hadith som al-Ghazâlî og andre siterer der Muhammad helsar sine menn på denne måten etter eit slag mot fiendane i Mekka: "Velkomen skal de vere. De har kome tilbake frå den mindre jihâd (al-jihâd al-asghar) til den store jihâd (al-jihâd al-akbar). Dei sa: Å Sendebod, kva er den store jihâd? Han sa: Kampen mot sjela (jihâd al-nafs)."

 

Forholdet til jødane og dei kristne – aksept av trusforskjellar:

 

Hver og en har Vi gitt en norm og en praksis! Om Gud hadde villet, kunne Han ha gjort dere til et samlet trossamfunn (umma), men Han ønsket å stille dere på prøve ved det Han har gitt dere.  Så kappes i å gjøre det gode! Til Gud skal dere alle vende tilbake. Han vil redegjøre for det dere var uenige om (Koranen 5: 48/52f).

 

– mest vennlegsinna tone overfor dei kristne:

 

Du vil sikkert finne at jøder og hedninger [dvs. avgudsdyrkarane] er de mest fiendtligsinnede av alle overfor de troende [dvs. muslimane]. Og du vil finne at de som sier, "Vi er kristne", er nærmest til å like de troende. Dette fordi det er prester og munker blant dem, og fordi de ikke er hovmodige (Koranen 5: 82/85 – Medina)

 

– kan jødane og dei kristne likevel kallast ”vantru”?

 

Jødene sier: ”Ezra er Guds sønn”, og de kristne sier, ”Messias er Guds sønn”. Dette er faktisk det de sier, og de tar etter det som vantro før dem har hevdet. Måtte Gud ta dem fatt. Hvor de er forvridd! De har tatt sine rabbier og munker til herrer utenom Gud, og Messias, Marias sønn! Men de ble pålagt å tjene én Gud! (9: 30f).

 

Vantro er de som sier, ”Gud, det er  Kristus, Marias sønn!” ... Vantro er de som sier, ”Gud er den tredje av tre” (5: 72f/76f).

 

– skal islam uansett ha herreveldet?

 

Bekjemp dem som ikke tror på Gud og Dommens dag, som ikke forbyr det Gud og Hans sendebud har erklært forbudt, og som ikkje bekjenner Sannhets religion, av skriftfolkene, til de punger ut med tributt (jizya) i ydmykhet (Koranen 9: 29 – Medina).