Religionskritikk – og sekularismekritikk

 

Det blir meir og meir tydeleg at «religionens tid» ikkje er «forbi». Er det noko som er forbi, så er det nettopp slagord og haldningar som har prøvd å parkere religionen som ein marginal, ikkje-seriøs del av den offentlege diskursen.

 

Av Arnfinn Haram

 

Kronikk Morgenbladet 2. juli 2004

 

 

For mange, ikkje minst mellom pressefolk og intellektuelle, har «bulderet» av tilbakevendande religion skapt ein slags panikk. Det er særleg den islamske kulturens banking på Vestens dører som valdar uro. Kort og godt fordi kristendomen og kyrkjene i vest så lenge har late seg idiotforklare og kue av den sjølvsikre moderniteten. Vestleg kristendom har funne seg i bli privatisert og «åndeleggjort». Ja, når folk i dag skal assosiere noko med religion, går ikkje tanken lenger utan vidare til kristendomen, som er blitt nokså bleik og sekularisert, men nettopp til islam. Muslimar har ein tydeleg, religiøs praksis og kjenner ikkje den instinktive serviliteten for det vestlege samfunnsprosjektet som kyrkjene er fanga i. Med ein gong kjem då skræmebilda på bordet og ein ser for seg – i marerittaktige visjonarkorleis religionen på nytt trugar med å tyne demokrati, menneskerettar og tankefridom. Panikken ytrar seg i ein stundom temmeleg tabloid religionskritikk. Rett nok kjenner ein seg dregen til ulike sider, fordi ein gjerne vil stå for kulturelt mangfald og liberalitet. Vi kan kalle det ein versjon – og i dag kanskje den mest typiske – av «det liberale dilemma».
Vi kjem ikkje vidare, meiner eg, utan ein viss vilje til kritikk også av sekularismen som ideologi. Altså: Gjerne (seriøs og rimeleg respektfull) religionskritikk, men også ditto sekularismekritikk. Skulle det vere for mykje forlangt? Skulle det vere å gje veslefingeren til fanden?
Difor fylgjande, ikkje udiskutable, men mulege påminning om nokre av sekularismens illusjonar.

Illusjonen om sekularismens nøytralitet. Mange er i dag, med rette, opptekne av å sikre det offentlege rommet som eit felles forum. For å verkleggjere dette, meiner ein det er nødvendig å halde unna alle særinteresser og særkulturar frå forum. Det partikulære høyrer heime i privatsfæren. Skjønt der også må det haldast auge med, så det ikkje i løynda utviklar pretensjonar om å overta forum og tvinge dei andre agentane til innordning og underkasting. Vel og bra – men den utrulege feilslutninga trør til når ein meiner at alt som ikkje er sekulært, er partikularistisk og uttrykk for særinteresser. Denne tankegangen har si rot i Opplysinga sin freistnad om å skape ein universalisme som er eit alternativ til det religiøse, basert på rein rasjonalitet. Den politiske modelleringa av desse tankane, finn vi sjølvsagt i krass og klassisk form i den franske revolusjonen. Sjølv i si tempererte, republikanske utgåve held han oppe ei forståing av seg sjølv som nøytral forvaltar av det offentlege rommet, under slagordet «laïcité», forstått som motsetnad til «prestestyre».
Men kvifor ser ein ikkje det altfor synlege: at «prestane» berre skifter namn og kappe og at «religionen» berre skifter credo og kultformer? Også det programmatisk «sekulære» samfunnet har sine symbol og sine verdisignal, så vel i klesvegen som i sedar og skikkar. Ikkje berre skal denne symbolikken fremje det sekularistiske livvsynet, men han er også tenleg for dette samfunnets sterkaste alliansepartnar: Den globale kapitalismen og konsumkulturen. Mennesket skal ikkje ha nokon annan identitet enn den det kan kjøpe og skru saman sjølv. All overlevering (tradisjon) skal skje over disk.
Det må vere klårt at makt-sekulariseringa av forum ikkje berre er ei snill regulering av innbyrdes motsetningsfylte kulturar og livsformer, men ein medviten reduksjonisme i høve til det religiøse. Kvifor skulle religiøse kulturar åleine vere forbodne som offentlege aktørar? Er ulike etiske og politiske retningar meir nøytrale, meir altruistiske, mindre omvendande og misjonerande? Og kva med sterke identitetsrørsler som proffidretten? Kven vil i dag hevde at sport berre dreiar seg om uskuldig leik og ikkje om tunge føringar på menneskesyn, økonomi og samfunn?
Det er underleg at generasjonar av mektige folk, innan akademia, media, skuleverk og partipolitikk som har teke mot inntrykk både frå marxistisk maktkritikk og hermeneutisk filosofi, kan vere så enkle i si tru på (eigen) nøytralitet. Igjen synest det som om det er eit snev av angst i reaksjonsmønsteret når ein, litt uventa, må takle religion som viser musklar. Då grip ein lettare til gamal, sekularistisk barnelærdom, til enkle skræmebilde av religionen. Når trusselen opplevast sterk nok, er ein mindre nøyereknande med argumentasjonen; alt passerer, fordi ein appellerar intenst til mulege medsamansvorne. Det er mange som har agg mot det religiøse, det handlar om kjensler og røynsler, ikkje berre om teoretisk-intellektuelle spørsmål. Slik kan ein bli blind for at ein sjølv ikkje er meir habil enn andre når det gjeld kven som skal vere garantist for den offentlege nøytraliteten og liberaliteten.

Illusjonen om sekularismen som særleg fredselskande. Religionskritikkens glansnummer er å påpeike at religionane er aggressive og ein hovudårsak til krig og ufred. Opplysinga skulle skape fred i Europa nettopp ved å plassere religionen utanfor det offentlege rommet. Så kunne teologane slåss på kammerset og ikkje plage andre. Bakteppet for dette, var det ein kalla «religionskrigane» i det etterreformatoriske Europa. Men var det (berre) religionskrigar? Det er eit faktum at det fanst katolikkar og protestantar på begge sider av frontane. Krigføringa galdt kanskje primært ulike statsinteresser? Forvitringa av den gamle «kristenheten» hang saman med framveksten av nasjonalstatane, ikkje berre som eit politisk faktum, men som ei sentral, politisk målsetjing. Det var viktig å sikre og stengje grensene så dei moderne fyrstane kunne ha betre kontroll, både ad intra og ad extra. Eit nytt samfunnsprosjekt tok form med fyrsten/kongen som både symbolsk og maktpolitisk topp-punkt. Det opplyste eineveldet var første hovudetappe i den nye statsabsoluttismen. Ingen institusjonell religion utanfor eller «ovanfor» statsmakta skulle kunne forstyrre den nye, politiske visjonen. Fornuft, vitskap og teknologi skulle skape ny velstand og rikdom for folket, og ikkje minst for fyrsten.
Effektivitet og rikdom vart det saktens – men vart det meir fred i tida som fylgde? Er det ikkje heller sanninga at dei to siste hundreåra har vore dei mest blodige og krigerske av alle? Det er sjølvsagt for enkelt å dra direkte liner mellom sekulariseringa av samfunnet og opptrappinga av krig og konfliktar. Men det er tydeleg nok at ein ikkje fjerna krigen ved å fjerne religionen. Tydeleg er det og at dei moderne, europeiske samfunna har utvikla sin eigen aggressivitet, i sin kulturelle, politiske og økonomiske imperialisme med tilhøyrande arroganse overfor andre samfunn og kulturar.

Illusjonen om sekularismens universelle siger. Noko av det mest urovekkjande med sekularismen er nettopp dens instinktive og djupt rotfesta medvit om å vere historia sin sigerherre. Sekularismen ser seg som det sjølvinnlysande Framsteget. Sekularismens bundne portefølje; parlamentarisk demokrati og kapitalisme, samt ekstrem individualisme og liberalisme, blir sett som den einast mulege og universelle samfunnsmodellen. Difor blir ein sterkt provosert og overraska når pre-moderne og religiøst funderte kulturar ikkje utan vidare kjøper dette, ja, beint fram stiller seg fiendtlege til det. Det er klårt at slike samfunn kan vere reelt avvisande til demokratiske verdiar. Men mykje av motstanden kan også botne i at Vesten, sekularismens kjerneområde, så lenge har neglisjert og forakta andre kulturar anna enn som kontrollerte og pittoreske innslag i sin eigen kultur. Korleis kan ein unngå å skjøne at raseriet mot Vesten har sin bakgrunn i dette? Korleis kan ein vere så lite sensibel for den enorme frustrasjonen som det sekularistiske Vesten skaper i land der religionen er basis for samfunnet? Korleis kan ein møte denne frustrasjonen utelukkande med moralisering om kor overlegen sekulariteten er? Skjønar ein ikkje at ein alvorleg freistnad på dialog, kunnskap og forståing i møte med religiøs røyndom er nødvendig også for å kommunisere det beste i sin eigen bodskap?

Ikkje anten-eller. Burde eg ikkje skrive Europa når eg skriv Vesten, ettersom religionen synest mykje meir nærverande i USA, ikkje minst i det noverande regimet? Europa og USA sitt ulike grep på det religiøse er verd ei eiga drøfting. Sjølv oppfattar eg den offentlege religionen i USA meir som ein retorisk påhengsmotor enn som ei djupt integrert kraft i den amerikanske livsstilen.
Det er kanskje på tide å oppmuntre til ein meir balansert ettertanke kring desse spørsmåla. Sjølvsagt er det opportunt og nødvendig med religionskritikk. Sjølvsagt treng dei religiøse kulturane både sjølvkritikk og gjennomtenking av kva det vil seie å praktisere religion i vår type samfunn. Sjølvsagt er det ikkje snakk om eit enkelt «anten-eller». Religionen bør i dag verken gjere krav på å vere einerådande eller la seg forvise til bakrommet. Det må la seg gjere både å gje plass til offentleg praktisert religion og å finne ein pragmatisk modus vivendi for fredfullt samliv mellom ulike kulturar under same tak.
Tida er ute for statskyrkjene. Også for dei sekulære.

Arnfinn Haram er pater o. p. St Dominikus kloster – Dominikanarordenen – Oslo.


Publisert 02. juli 2004