Religionsliberal
ettertanke
Karikatursaka har vist styrken i det interreligiøse
dialogarbeidet, men også avdekka kor sterk islamfrykta
er, hos folk flest så vel som hos liberale intellektuelle
Oddbjørn Leirvik
Morgenbladet 31.03.06
Ikkje
minst har karikatursaka vist kor effektivt det nye
kristne høgre og Fremskrittspartiet kan spele på den
nesten epidemiske frykta som ein no
ser breie seg. Men også muslimane er blitt tydelegare. I striden om karikaturane
har dei framstått både som pressa minoritet og som
potensiell maktfaktor.
Dei siste par månadene
har det mangeårige dialogarbeidet mellom kristne og muslimske leiarar i Noreg, blitt synleg for fleire. I dialogfora
som Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk
Råd (frå 1993), Samarbeidsrådet for tros- og
livssynssamfunn (frå 1996) og Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet (frå
1998) er det blitt skapt eit fundament av tillit som
har vist seg å vere berekraftig
også i kriser. Like etter at karikatur-ane var
publisert av Magazinet, møttest
Kontaktgruppa og la grunnlaget for den felles fråsegna som eit
breitt spekter av kristne og muslimske leiarar seinare kom med. Saman forsvarte dei ytringsfridommen, mante til moralsk ansvar for korleis ein brukar den, og tok
avstand frå valdelege protestar
mot ytringar. Fråsegna inneheldt
også følgjande optimistiske vurdering: "Det
store flertall av muslimer og kristne i Norge har respekt for hverandre i en
atmosfære som er preget av åpenhet og dialog." Det var denne bodskapen muslimsk-kristne delegasjonar også tok med seg til meir
polemisk innstilte aktørar i Midtausten
og Pakistan, då dei (på Islamsk Råd sitt initiativ)
drog ut i verda som norske dialogmisjonærar.
Når det gjeld kontakten som leidde til den omdiskuterte forsoninga mellom
redaktør Selbekk og Islamsk Råd, var denne ikkje fasilitert av den kristen-muslimske Kontaktgruppa, men av Kristelig
Folkeparti. Også KrF har spela ei rolle i det tillitsbyggande arbeidet mellom kristne og muslimar i Noreg. Det var Kjell
Magne Bondevik som gjorde det å gå på moskébesøk til god norsk statsmannsskikk.
Då Jonas Gahr Støre og Jens
Stoltenberg i karikatursaka flagga religionsdialog som ei norsk merkevare,
førte dei såleis vidare
gode ansatsar frå sine forgjengarar
i sentrums- og samarbeidsregjeringane.
Den omfattande religionsdialogen er ein viktig del av forklaringa på kvifor
Noreg (som samfunn og stat) greidde å handtere
karikatursaka på ein langt meir
konstruktiv måte enn Danmark. Denne forskjellen er blitt lagt merke til
internasjonalt, og styrkar (trass i flagg- og
ambassadebrenning) biletet av Noreg
som ein fredsbyggande
nasjon.
Religionsdialog er ikkje, som høgrepopulistiske og
kulturradikale kritikarar synest
å tru, utveksling av politisk korrekte fraser om sameksistens og respekt. Alle
som har deltatt i det norske dialogarbeidet, veit at grenser er blitt flytta og
haldningar endra. Liksom kyrkjene
er blitt meir lydhøyre for trus- og livssynsminoritetane sin
situasjon i Noreg, har dei
muslimske leiarane blitt meir
sensitive for dei religiøse minoritetane
sine kår i muslimske majoritetssamfunn. Då Oslokoalisjonen i november 2005 sende ein kristen-muslimsk
delegasjon til Pakistan, opplevde deltakarane at dei reiste dit i eit
felles ærend. I ein kjønnsbalansert delegasjon (to av
tre muslimske deltakarar var kvinner) lytta vi til kvinneaktivistar og religiøse minoritetar,
til menneskerettsaktivistar og muslimske reformtenkarar. Og saman utfordra
vi konservative religiøse leiarar i vårt muslimske
naboland.
Men sjølv om religionsdialogen har bore
frukter, er den også sårbar. Dialog mellom leiarar endrar ikkje utan
vidare haldningar hos folk
flest, og både på kristen og muslimsk side er det sterke krefter i sving som trekkjer i andre retningar.
På den kristne sida har karikatursaka avdekka ein
stadig tydelegare allianse mellom Fremskrittspartiet
og det nye kristne høgre. Her går det ei linje bakover frå Magazinet
til Carl I. Hagen sin famøse tale i Levende Ord i 2004, og til Frp sine mange tidlegare forsøk
på å slå politisk mynt på folks islamfrykt. Frp sin fryktbaserte politikk på dette området er velkjent.
Mindre kjent er veksten i det nye kristne høgre som Hagen appellerte til då han
i sitt angrep på Muhammed i Levende Ord (for første gong i sin karriere?)
brukte talefiguren "vi kristne". Og fekk glad applaus tilbake.
Både Levende Ord i Bergen og Livets Ord i Uppsala, som er eigaren
til Magazinet, er representantar
for den nye kristne høgresida i Skandinavia. I dei tilsvarande miljøa i USA blir nykonservativ
utanrikspolitikk, solidaritet med den israelske
høgresida, åndskamp mot islam og endetidsforkynning
kopla til konservative hjartesaker som "familieverdiar" (med brodd mot homofili).
Når det gjeld kristen åndskamp mot islam, spelar også
misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag ei rolle. Organisasjonen står bak den
norske utgåva av boka Islam og terrorisme som
er trykt i store opplag, blitt delt ut gratis til alle stortingsrepresentantar,
og løfta fram av Carl I. Hagen som ei god kjelde til islamkunnskap.
Islam og terrorisme er skriven av ein tidlegare muslim som har gått
over til kristendommen, og er frå ende til anna eit manande kampskrift mot islam. I den boka Hagen har tilrådd
som folkelesnad, får vi vite at islam si historie er som ei elv av blod, at det
er dei som øver valdsdåd i
islam sitt namn som representerer det sanne islam, at
det fremste målet for einkvar muslim er verdsherredøme i Allah sitt namn,
og at ein må rekne med at tilsynelatande
dialogvennlege muslimar
løyner sitt eigentlege formål, som er å ta kontroll
over Vesten.
No har korkje Frp eller det
nye kristne høgre fått stå uimotsagt. Ein oppsiktsvekkande brei allianse av norske kyrkjeleiarar har gong på gong åtvara mot "islamofobi og muslimhets".
Dette var uttrykka som vart brukt då Mellomkyrkjeleg
Råd, representantar for dei
store misjonsorganisasjonane og evangelistar
som Aril Edvardsen og Åge Åleskjær
gjekk ut mot Hagens tale i Levende Ord.
Derimot har den ideologiske alliansen mellom den kristne høgresida og Frp langt på veg blitt neglisjert av sekulære
intellektuelle. Mange sekulært orienterte forfattarar
og mediefolk tok Magazinet sitt korstog for
ytringsfridommen for god fisk og nytta høvet til å kaste seg på ei islamkritisk bølgje som karikaturstriden har fått til å
skumme enda kraftigare.
I dei siste månadene har
norske liberalarar som før har sove i timen, bråvakna til den muslimske realiteten i Europa. Ei tid før
karikatursaka eksploderte, publiserte Ole Jørgen Anfindsen
(som er medredaktør for den innvandrings- og islamkritiske
nettsida HonestThinking.org) demografiske scenarium av eit
framtidig muslimsk fleirtal her til lands. Det er slåande å sjå korleis slike spådommar, med tilhøyrande skremmebilete av eit shariastyrt Noreg, no er i ferd med å bli annektert av kulturradikale
intellektuelle. Deira frykt for islam hentar næring frå ein inngrodd
religionsskepsis som får alle med ei sterk tru til å fortone seg som ein fare for liberale verdiar.
Med eit uventa samanfall i islamkritiske synspunkt, har mange kulturradikalarar
uforvarande hamna i seng med det nye kristne høgre og
Fremskrittspartiet.
Samtidig kan ein ane nokre
nye nyansar i så vel den konservative som den
kulturradikale kritikken av islam. Karikatursaka har spissa islamkritikken
til ein kritikk av "islamismen" som
totalitær ideologi – vel å merke på den fryktbaserte premissen at eit islamistisk spøkelse allereie
er i full sving med å islamisere Europa. Mot dette må vi, seier sekulære
intellektuelle, forsvare oss med alt vi har av religionskritiske våpen.
Samtidig ser ein tendensar
i Frp sin oppdaterte retorikk til å forgylle såkalla "moderate muslimar"
– men på den underliggande premissen at dei moderate er akutt mangelvare innanfor
dei muslimske organisasjonane
og best representert av dei som ikkje
går i moskeen. Den positive interessa for Naser Khader og hans "Demokratiske muslimer" i Danmark
er symptomatisk for folkeopinionen si leiting etter sekulært innstilte muslimar som tenkjer og taler
slik gode danskar eller nordmenn gjer.
No meiner også eg at uavhengige muslimske stemmer (sekulære eller
fromme) fortener meir merksemd, også frå kristne dialogaktivistar.
Eit spennande eksempel i Noreg er Nazneen Khan-Østrem og hennar
"hellige krig" for eit pluralistisk islam.
Men også etablerte muslimske leiarar som har gjort
demokratiske og menneskerettslege verdiar
til del av sin islamske identitet, må synleggjerast
og solidarisk forsvarast mot urettmessige
islamiststempel.
Karikatursaka har vist at muslimske leiarar, med
Islamsk Råd i spissen, er blitt ein integrert del av
det norske organisasjonssamfunnet. At nokre av dei (liksom konservative kristne) flaggar
motkulturelle standpunkt, rokkar ikkje
ved dette. Vi har også sett at norske muslimar kan
kjenne seg like såra over brenninga av det norske flagget som av krenkande karikaturar av
profeten. Og i nokså skarp kontrast til handlemåten til muslimske leiarar i Danmark, bidrog norske muslimske leiarar aktivt til å roe ned karikatursaka – både i Noreg og utanlands.
Men dette er ikkje den einaste
tendensen som gjer seg gjeldande
mellom norske muslimar. Vi har også sett at ei stor
gruppe yngre muslimar trassa ei eintydig
formaning frå Islamsk Råd og 46 imamar om ikkje å gå ut i gatene og demonstrere. I strid med dei etablerte leiarane sine råd
marsjerte 1500 muslimar frå Grønland til Stortinget,
med Allahu akbar som
fanerop for sitt krav om respekt.
Det er framleis uklart kven som sto bak demonstrasjonen. Var det heilt alminnelege muslimar som kjende trong til å artikulere
sitt forståelege krav om respekt på ein meir høglydt måte enn vanleg? Var det enno ikkje husvarme grupper av muslimar,
for eksempel med somalisk og irakisk bakgrunn (dei to
mestveksande gruppene numerisk sett), som her tok til
orde? Eller også islamistar med ein
internasjonal visjon av eit sigrande
islam?
Kombinasjonen av slagord som "Islam er sannheten" og
"Ytringsfrihet er å si sannheten", kan tyde på at den sistnemnde tendensen i det minste var godt representert.
Det første slagordet må ein tåle å høyre frå ein religion som (liksom kristendommen) er misjonerande. Det andre – at ytringsfridom er å seie sanninga – er ei sterkt problematisk ytring. For
ytringsfridommen må gjelde også for dei som har haldningar som ein sjølv reknar for å vere uakseptable.
Samtidig må det vere eit
moralsk imperativ at alle legg band på seg så ikkje
religionsdebatten endar opp i offentleg
mobbing av annleis tenkande. Særleg
må den som har det kulturelle eller religiøse overtaket i eit
samfunn, ta seg i vare for å sparke nedover. Her har karikatursaka avdekt ein oppsiktsvekkande mangel på
refleksjon (både hos høgrepopulistar og kulturradikalarar) om den sterkaste
sitt moralske ansvar. Etisk sett er det ein
fundamental forskjell på dissidentar sitt modige
(gjerne også satiriske) oppgjer med den religiøse
overmakta i samfunnet, og den religiøse og kulturelle majoriteten
sine nedlatande eller hånlege
meldingar til minoritetane.
I staden for å ta moralsk omsyn til ein pressa
minoritet, har både nykristne og gammalradikalarar på
ein nokså sjølvopptatt måte
snudd biletet og prøvd å framstille seg sjølve som
hardt pressa grupper som i nær framtid vil bli nedrende
av muslimske hordar. Over ein
avgrunn av sterkt motstridande haldningar
i så vel samlivssaker som internasjonal politikk, har den kristne høgresida, Frp-folk og kulturradikalarar
etablert ein retorisk allianse i felles forsvar for
"norske", "vestlege" og
"liberale" verdiar.
Eit retorisk lavmål på den liberale (?) sida er leiarartikkelen i det første nummeret av magasinet Memo,
der karikatursaka blir oppsummert slik: "Noen ganger er vestlige verdier
best. Det er ingen grunn til å være flau over det." Med referanse til veksande pakistansk innvandring (som rett nok blir ønskt
velkommen), blir mantraet gjentatt: "Bare de vet én ting når de kommer:
Noen ganger er vestlige verdier best."
Frp kunne ikkje ha uttrykt
seg meir sjølvrettferdig.
For å gjere det heilt klart: Det norske samfunnet må
stå klippefast ved nokre liberale verdiar
som både er hardt tilkjempa og umistelege. Men kvifor kalle dei demokratiske fridomsverdiane for "norske" eller "vestlege"? Er dei ikkje universelle?
Like viktig er det å skilje mellom genuint
forsvar av liberale verdiar og retoriske slektningar som kanskje ikkje er
fullt så fridomselskande. Magazinet
har i karikatursaka flagga liberale verdiar, sjølv om deira åndsfrendar i det nye kristne høgre i USA (som Selbekk har vedstått seg sitt ideologiske slektskap med) ønskjer å forby både det eine og
det andre. Eg er likevel villig til å la tvilen kome Selbekk til gode. Kanskje er det reelt liberaliserande
tendensar i sving også i dei
karismatiske miljøa som han representerer?
For Frp sin del er spenninga mellom kulturradikal
liberalisme og illiberal høgrepopulisme velkjent. Når
det gjeld kulturradikale intellektuelle, må dei vere klartenkte nok til ikkje å
annektere talemåten til nasjonalistiske og høgrepopulistiske krefter. For desse kreftene er like farlege
for den likeverdige sameksistensen mellom kulturar og
religionar som islamismen er det.
Karikatursaka, og enda meir den polariserande
debatten i kjølvatnet av den, har vist kor nødvendig det er å halde fram arbeidet med å byggje
liberale alliansar på tvers av kultur- og
religionsgrensene. Slike alliansar er nødvendige både
for å demme opp for reaksjonære former for islamisme, og for å hindre at norsk
politikk sklir over i høgrepopulistisk nasjonalisme. Illiberale
rørsler innanfor islam må utfordrast
på open mark, men på fleirkulturelt
grunnlag og ikkje under den nykristne høgrepopulismen
sine faner.
Publisert 31. mars 2006