Oddbjørn Leirvik:

Religionspluralisme
Mangfald, konflikt og dialog i Norge

Pax forlag 2007

I denne oversiktlege boka teiknar forfattaren eit kart over det nye religiøse Norge og gir forslag til korleis det nye pluralismekartet kan lesast. Her handlar det ikkje berre om de ulike kristne trussamfunna og dei nye innvandrarreligionane, også human-etikken, jødedommen, baha’i-trua og ulike nyreligiøse rørsler er del av det religiøse livet i landet vårt i dag. Både konfliktlinjer og ulike forsøk på dialog blir presentert.

Eit sentralt spørsmål som boka drøftar er korleis ein skal forstå forholdet mellom kultur og religion. Både konfliktlinjer i kultur- og religionsmøtet og ulike forsøk på dialog blir presentert. Leirvik ser på sentrale trekk ved religionsdialogen si utvikling i Norge og stiller spørsmålet: Kva er oppnådd etter femten års religionsdialog? Er trus- og livssynssamfunna nøgde med å stadfeste sin religionsfridom, eller vågar dei også å utfordre kvarandre i kontroversielle spørsmål som kvinna si stilling? Og kvar går dei viktige moralske og politiske skiljelinjene – kanskje heilt på tvers av tru og livssyn?

Del 1 av boka (”Det nye religiøse Norge”) er ei oppdatert utgåve av eit tilsvarande kapittel i boka Religionsdialog på norsk. Dei andre kapitla oppsummerer dels sentrale sider ved Religionsdialog på norsk, men tar samtidig inn viktige utviklingstrekk ved den norske religionspluralismen i dei siste åra. Også forholdet mellom religion og sekularitet høyrer med til det dagsaktuelle bildet.

Oddbjørn Leirvik (f. 1951) er professor i interreligiøse studier ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekke bøker om religionsdialog og beslekta emne.

Omfang:

 

95 tekstsider

 

Innhald:

 

Forord: Mangfald, konflikt – og dialog?                                        

 

I               DET NYE RELIGIØSE NORGE

 

1.        Den lange vegen mot religionsfridom                                      

2.        Kart over det nye religiøse Norge                                                            

3.        Tendensar og organisasjonar                                                   

4.        Kultur, religion og kjønn                                                                            

 

II             RELIGIONSDIALOG
                I FLEIRKULTUREN
                                                           

 

5.        Dialog, eller identitetspolitisk åndskamp?                              

6.        Religionsdialog: former og rammer                           

7.        Å møtast som religiøse menneske                                                            

8.        Skulen som møteplass                                                                

 

III            KVA ER DET SOM SAMLAR OG  

                SKIL – KVEN?                                   

 

9.        Etisk dialog om religion, livssyn og livsløp                            

10.     Samtalen samlar, men gjer forskjell                                           

11.     Menneskerettsdialog                                                                 

 

IV            KVA ER OPPNÅDD I NORSKE      RELIGIONSDIALOGAR?                

               

12.     Vinningar                                                                                                      

13.     Utfordringar                                                                                 

14.     Symbolhandlingar                                                                                       

 

Etterord: Identitetspolitikk eller dialog?

 

Religionsstatistikk