Oddbjørn Leirvik:

 

Samvitet                                                                             

Andakt på Det teologiske fakultet, 4.2.99

 

Når det dukkar opp ei vanskeleg sak i kyrkja, då blir det fort tale om at dette eller hint er eit samvittighetsspørsmål. Samvittigheten – den handlar om det vi veit med oss sjølve, og som ingen kan få oss til å gå på akkord med. Rosemarie Køhn har nyleg trekt konsekvensane av si samvittighet i homofilisaka, og ære vere henne for det.

Men no er det slik med samvittigheten at kven som helst kan påberope seg den. Det den eine veit med seg sjølv står rakt mot det den andre veit, like inderleg og like sterkt. Derfor står all alvorsfylt tale om den personlege samvittigheten i akutt fare for å gjere fellesskapet til ein «vittighet». Om vi alle, heilt på eigne vegner, skulle springe rundt og påberope oss vår eiga samvittighet, ville unekteleg all tale om fellesskap – kyrkjefellesskap – fort kunne bli ein vits.

Men no er det ikkje private samvit det handlar om. Det Rosemarie veit med seg sjølv, veit ho i lag med nokre andre, i forpliktande fellesskap. Her som elles må vi nok innsjå at nynorsk er eit betre språk enn dansk-norsk. På nynorsk taler vi om samvit. Ordet let oss ikkje vere i tvil om at det handlar om å vite noko i lag med andre. Det er likeeins på gresk og latin: syn-eídesis og con-scientia peikar på noko vi veit saman med andre. Når vi i ei vanskeleg sak viser til vårt samvit, handlar det aldri berre om kva vi veit med oss sjølve. Det viktige spørsmålet er kven dei andre er, dei vi veit noko forpliktande saman med, noko så forpliktande at eg må seie at her står eg og kan ikkje anna. For eg har valt å stå saman med nokre andre som eg ikkje kan svikte.

Slik er det i alle vanskelege saker, anten vi tenkjer på homofilispørsmålet, abortsaka, pasifisme og krigsteneste eller kva samvitsspørsmål det no måtte vere. Har vi så nokre retningslinjer for kven vi skal ta inn i vårt samvit, og vite noko forpliktande med? I Korint var det eingong ein strid om kor vidt ein kunne ete kjøt som hadde vore i kontakt med tempelkulten. Sterke samvit stod mot svake samvit, i det same kyrkjefellesskapet. Saka liknar ikkje heilt på noka av våre brennande samvitssaker. Men kanskje kan vi likevel trekke lærdom av dei råda Paulus gav til korintarane. Hans syn var at omsynet til det svakaste leddet i fellesskapet måtte telle mest. I eikvar sak er det dei som er mest utsett som har størst behov for samvitet vårt. For Paulus hadde det med truskapen mot den korsfesta kjærleiken å gjere.

Slik må det vere også for oss. Vi vil trekke ulike konklusjonar, og ofte vere i tvil på eigne vegner. Men om vi blir spurt om kva samvitet vårt seier, så lat oss gi eit tydeleg svar på kven det er vi akkurat no meiner treng samvitet vårt mest, og som vi har valt å vite noko forpliktande saman med.

Slik kan vi bli oss sjølv som ein annan, i Jesu namn.