Oddbjørn Leirvik:

 

Sannferdig tale om islam

Trykt i Vårt Land 23.02.06

 

Eg har i fleire samanhengar, seinast i Vårt Land 14.2., kritisert islambøkene til Mark A. Gabriel som Ungdom i Oppdrag gir ut. Min kritikk rettar seg mot dei sentrale punkta i Gabriels argumentasjon: at muslimar som seier at dei ønskjer dialog, berre prøver å lure oss; at det er dei som øver valdsdåd som praktiserer det eigentlege islam; og at islams historie er som ei elv av blod.

For å demonstrere det siste, hevdar Gabriel at mange millionar koptarar vart drepne eller fekk tunga skoren ut i dei første to hundreåra etter den islamske erobringa av Egypt. Påstandane er fullstendig ukjende frå historiebøkene. Å sette ut rykte om folkemord, er uakseptabelt. Det kan jamførast med holocaustfornekting, berre med motsett forteikn.

Agnar Austvik seier i eit innlegg 16.2. at han deler mange av mine innvendingar mot Gabriel sine bøker. Men sidan han har fått det inntrykket at eg er tydelegare i min kritikk av Gabriels overdrivingar enn av dei mørke sidene ved islamsk historie, vil eg gjerne få gjere dette klart: Også eg meiner at det er heilt nødvendig å kritisere det rosenraude biletet som ofte blir presentert av islamsk historie, faktisk undertrykking i namnet til islam, og det uavklara forholdet til menneskerettane hos mange muslimar.

Men rett skal vere rett: historisk sett har kristne, i eit ønskje om å kontrollere alt og alle, spilt vel så mykje blod som muslimane. Også historia om kristne menneskerettsbrot er lang og vond. Vil vi av den grunn seie at det er noko fundamentalt gale ved sjølve den kristne trua? Svarer vi ja, må religionskritikken rette seg like mykje mot kristendommen som mot islam. Svarer vi nei, må vi også gi muslimane sjanse til å tale vakkert om si tru.

Når det gjeld min kritikk av Gabriels islambøker, vil nokre kanskje innvende: Har ikkje ein som har vakse opp i ein muslimsk kultur og studert ved ein islamsk lærestad, betre greie på islam enn kva ein vestleg akademikar har? Vi som ser ein religion frå utsida, må alltid vere villige til å lære av dei som (på godt og vondt) kjenner den frå innsida. Men det å ha konvertert frå islam til kristendom, er ikkje i seg sjølv ein fagleg kvalifikasjon. Det er vel kjent at konvertittar ofte teiknar eit svært mørkt bilete av den religionen dei har forlate. Som kristne tar vi då heller ikkje alt det som muslimske konvertittar seier om si gamle tru, som sanninga om kristendommen. Like liten grunn er det til å ta det Mark A. Gabriel seier om islam for god fisk, berre fordi han før var muslim.