Anne Hege Grung og Oddbjørn Leirvik:

Sensitiv religionsdialog

 

Klassekampen 28. oktober 2009


 

I sitt tilsvar til vårt innlegg om ”Den liberale religionsdialogen” repeterer Jill Loga påstanden om at religionsdialogen er konfliktsky og at den skuvar vanskelege tema ut i periferien. Dersom Loga siktar til den institusjonaliserte religionsdialogen i Norge, tar ho feil. Lat oss ta Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd og Islamsk Råd Norge som eksempel. Frå starten i 1993 til i dag har (mellom anna) følgjande saker stått på dagsordenen: konflikten omkring religion i skulen; hets mot muslimar; muslimske minoritetsrettar i Norge; overgrep mot kristne minoritetar i muslimske land; Israel- og Palestinakonflikten; kjønnsmakt i kristendom og islam; retten til å skifte religion; homofilispørsmålet og religionane sitt ansvar for vald i nære relasjonar.

Alt dette har vore sentrale spørsmål, ikkje perifere. Mange av dei er sensitive menneskrettslege spørsmål som Loga meiner må vere forstyrrande for religionsdialogen. Tvert om: det særeigne for denne typen liberal religionsdialog er at kollektive og individuelle menneskerettar blir adressert direkte og samtidig.

            Det er ikkje godt å vite kva slags fenomen i den verkelege verda som Loga siktar til i sin kritikk av den ”liberale” religionsdialogen. Kritisk samtale om religionsdialogen er nødvendig men samtalen blir uklar dersom kritikarane (liksom Loga) har eit abstrakt og kontrafaktisk forhold til det fenomenet som står til diskusjon. Og kvifor ”liberal” no har blitt ei nemning for harmoniserande haldningar, kan ein jo verkeleg lure på. Å vere liberal – tyder ikkje det å kjempe for liberale verdiar?