Oddbjørn Leirvik:

 

Snikargumentasjon

 

Vårt Land 10. mars 2009

 

Eit gjennomgåande trekk ved Frp sin antiislamske retorikk er at dei vrir og vender på det einskilde muslimar har sagt eller gjort, slik at det skal ta seg verst mogeleg ut. Også heilt tilforlatelege ønskje frå muslimane si side om tilrettelegging for å kunne praktisere religionen i kvardagen får partiet til å framstå som ”snikislamisering”.

Somme tider bikkar partiets snikargumentasjon også over i historieforfalsking. Eit av punkta på skremmelista som partiet serverte då Siv Jensen åtvara mot islamisering, var eit påstått krav frå muslimar i Norge om å få etablert ei imamutdanning på norsk jord. Sanninga er at det er politikarane som dei siste åra har sett fram forslag om norsk imamutdanning. AP-politikarar har vore mest aktive men også talsmenn for Frp har faktisk støtta denne tanken.

            Ser ein etter dei lange linjene i Frp sin hets mot islam, er det likevel bruken av konspirasjonsteoriar som er det mest slåande trekket. Teorien om ei muslimsk samansverjing vart først lansert for over tjue år sidan, nærare bestemt under valkampen i 1987 då Carl I. Hagen reiste rundt og las opp frå eit brev frå ein viss Mustafa som forklarte korleis muslimane etter kvart skulle ta over Norge. Seinare viste det seg at brevet var eit falsum, og Hagen måtte beklage.

            Likevel heldt partiet fast ved sine konspirasjonsteoriar. Under valkampen i 1997 var det dåverande nestleiar Vidar Kleppe som var faneførar, då han mana kristenfolket til å fylke seg bak Frp mot det muslimske spøkelset. Retorikken var såpass grov at ein historisk brei allianse av kyrkjeleiarar fann grunn til å gå ut med ei åtvaring mot framandfrykt i kristne krinsar og mot norske politikarar sitt kyniske spel med folks framandfrykt.

            Men Frp gav ikkje opp kristenfolket. Sommaren 2004 heldt Carl I. Hagen sin omdiskuterte tale i Levende Ord, der han (til applaus frå den karismatiske tilhøyrarskaren) lovpriste den milde Jesus og framstilte Muhammad som profet for ein valdeleg religion som ikkje går av vegen for å verve born til den evige striden for islamsk verdsherredøme.

Etter Hagens tale i Levende Ord rykte ein brei allianse av kyrkjeleiarar – frå Åge Åleskjær og Aril Edvardsen til leiarskapen i Den norske kyrkja – på ny ut med protestar mot det dei kalla ”islamofobi og muslimhets”. Men til inga nytta. Då Hagen i 2007 oppsummerte karikatursaka i sjølvbiografien sin, karakteriserte han Profeten på denne måten: “… krigsherren, voldsmannen og kvinnemishandleren Muhammed som myrdet og aksepterte voldtekt som erobringsteknikk.”  

Kvar var det så Hagen hadde friska opp sine teoriar om muslimane sine lumske planar om verdsherredøme? I ein fjernsynsdebatt hausten 2004 fekk vi svaret, då han viste fram boka ”Islam og terrorisme” som ei framifrå kjelde til kunnskap om islam. I denne boka (skriven av konvertitten Mark Gabriel, utgitt av Ungdom i Oppdrag) får vi vite at islam si historie er ei elv av blod; at det er dei mest militante muslimane som har den einaste rimelege tolkinga av Koranen; og at muslimar som engasjerer seg i dialog berre gjer det som eit dekke for sine langsiktige planar om verdsherredøme.

Det er denne tradisjonen av kyniske konspirasjonsteoriar Siv Jensen vidarefører når ho med finurlege knep åtvarar mot snikislamisering av Norge. Til no har kristenleiarane stått stødig imot Frp sin snikargumentasjon. Men når ein les innlegga i den kristne pressa, for ikkje å snakke om nettdebattane, kan det verke som om skremmande mange kristne lar seg lokke av partiet sine lumske knep.