Oddbjørn Leirvik:

Bibelen og Koranen:
SPENNINGSFYLTE GUDSBILETE

Foredrag i Røa menighet, 11.3.98

 

* Dialog om Gud *

Om synet på Gud og synet på kvarandre

Kan spørsmålet om korleis vi ser på Gud skiljast frå korleis vi ser på kvarandre? Eg fekk ein gong eit vitnemål frå ein muslim eg kjenner som er gift med ei kristen kvinne: "Eg trur Gud må ha hatt ei meining med at det skal vere både jødar, kristne og muslimar på jorda". For min muslimske venn er ikkje dette noko lettvint teologi - den har både kjærleik og kamp i seg, og har sprunge ut av det næraste og kanskje vanskelegaste av alle religionsmøte: eit ekteskap mellom to som trur forskjellig.

No har faktisk islam tradisjon for å akseptere jødane og dei kristne si gudstru. I det femte kapitlet av Koranen finst det vakre og audmjuke ord om at åleine Gud kan dømme om det som muslimar, jødar og kristne måtte vere ueinige om: "Hver og en har Vi gitt en norm og en praksis. Om Gud hadde villet, kunne han ha gjort dere til et samlet trossamfunn, men Han ønsket å stille dere på prøve ved det Han har gitt dere. Så kappes i å gjøre det gode! Til Gud skal dere alle vende tilbake. Han vil redegjøre for det dere var uenige om" (Koranen 5.53). Koranorda let oss også ane kva som eventuelt skulle vere den guddommelege meininga med dei elles nokså slitsame religionsforskjellane: Vi skal konkurrere med kvarandre om kva tru som ber dei beste fruktene! Men berre nokre få vers etterpå kan vi sjå at Koranen likevel åtvarar muslimane mot å bli så opne i gudstrua si at dei misser sitt eige: "Dere som tror, slutt dere ikke til jøder og kristne! De henger sammen. Den som slutter seg til dem, blir en av dem" (5.56).

Bak desse Koranorda kan vi skimte det spenningsfylte forholdet mellom nære arabiske naboar. Muhammad kjende eit nært slektskap til jødane og dei kristne. Men etter kvart som islam etablerte seg som eit sjølvstendig religionssamfunn, vart forholdet til dei andre Abrahams barn meir og meir eit konkurranseforhold som ikkje berre handla om den rette tru, men også om kven som skulle ha den politiske makta. Eg trur spørsmålet om kva gudstru vi har heng saman med korleis vi ser på "dei andre". Somme av "dei andre" - jødane og muslimane - er såpass nære slektningar at det er vanskeleg å vite kva som er vårt, kva som er deira og kva vi har saman.

Mellom norske kristne finst det heilt klart vidt ulike måtar å nærme seg dei andre si tru på. Eg kan nemne eit par aktuelle og sterkt motstridande eksempel frå pinsevennane sin leir. For nokre år sidan stod ein av leiarane for den radikale pinsebevegelsen, Jan Aage Torp, fram og mana til bønnekamp mot den nye moskéen som var under oppføring i Oslo, og som no står ferdig med minaret og kuppel i Åkebergveien. "Dette er en rent åndelig kamp", slo han fast - og han hevda at Gud rett nok "elsker araberne, men hater islam". Ein annan pinsepredikant, Aril Edvardsen, står for det stikk motsatte synet. I seinare tid har han både talt og skrive om at kristne må ta muslimane si tru på Allah i beste meining, og han seier at han alltid forsøker å knyte positivt til trua deira når han forkynner evangeliet i muslimske område.

Gudstru handlar også om korleis vi ser på kvarandre som Guds skapningar. Kan vi sjå eit menneske som trur annleis enn oss inn i augene og seie at Gud hatar alt dei trur på?

Om det opne og allmenne i gudstrua

Dersom vi vil tale meir nyansert og kjærleg om gudstru og trusforskjellar, må vi ta på alvor det som faktisk er felles for all gudstru, og som ligg der som grunntonar og spenningar i alle trussamfunn og religionar. Med tanke på det som er felles, taler Luther i si Store Katekisme nesten sjokkerande ope om kva det vil seie å ha ein gud: "Hva vil det si å ha en gud, eller hva er gud? Svar: En gud er den som en skal vente seg alt godt av, og som en skal ta sin tilflukt til i all nød ... For de to: tro og gud, hører sammen. Det som ditt hjerte henger ved og setter sin lit til, det er altså din gud".

Når Luther taler slik, er det utifrå innsikta at det å tru på Gud kan bety nesten kva som helst. Det handlar om det vi set vår djupaste lit til. Nyleg leste eg om ei undersøking som viste at 96% av alle i USA seier at dei trur på Gud. Samtidig er kanskje USA det landet der gudstrua er aller mest mangfaldig: Ved sidan av ein stor flora av kristne kyrkjesamfunn finn vi ein hærskare av nyreligiøse som utan å la seg binde av noka truslære søker Gud i sitt indre, og alle dei store verdsreligionane utanom kristendommen har solid fotfeste på amerikansk jord. Mangfaldet handlar ikkje berre om kristen gudstru i høve til nyreligiøsitet og andre religionar: Også i den kristne familien er forskjellane nokså store i synet på Gud. For berre å ta eitt eksempel: ein del kristne grupper i USA er mellom dei som mest energisk forsvarer dødsstraff. Det vestlege landet som har høgast prosent av truande er også eit land der det store fleirtalet meiner at vi har rett til å ta livet av folk. Samtidig finn vi i USA finne kristne grupper som sterkare og klarare enn vi som ikkje er utfordra på same måten, hevdar at gudstrua deira forpliktar dei til å gå imot dødsstraffa og til aktivt ikkje-valdsarbeid.

Felles spenningar i gudsbildet

Ser vi på korleis dei tre abrahamittiske religionane taler om Gud, finn vi mange spenningar i gudsbildet som går igjen både i jødedom, kristendom og islam. I alle religionane kan gudstrua påviseleg brukast både til å fremje si eiga sak med vald, i Guds namn - og som kjelde til sjølvoppofrande fredsarbeid utan andre våpen enn ordet.

Spenningane handlar ikkje berre om kva vi brukar gudstrua til, men også om våre erfaringar med Gud og våre tilsvarande gudsbilde. Lat meg ta eit par eksempel: I dei fleste religionar finst det ei spenning mellom den høge og utilnærmelege Gud, og den heilt nære Gud. Frå vår jødisk-kristne bibel kjenner vi desse gudsorda: "Så seier han som er høgt opphøgde, han som tronar evig og heiter Den Heilage: I det høge og heilage bur eg og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda" (Jes. 57.15). I islam er sjølve den grunnleggande vedkjenninga at Gud er høgt opphøgd og større enn alt som kan tenkast: "Allahu akbar" tyder nettopp at "Gud er større". I eitt av dei kjæraste Koran-orda (det såkalla tronverset) står det: "Gud! Det er ingen Gud uten Ham, den Levende, den som Er ... Hans trones herredømme omfatter himmel og jord, og å bevare dem koster ham intet besvær. Han er den Opphøyde, den veldige". Men side om side med vedkjenninga til den uendeleg opphøgde Gud, taler også Koranen om den heilt nære Gud: "Vi har skapt mennesket, og Vi vet hvor hans tanker vandrer. Vi er ham nærmere enn halspulsåren" (50.16). For kristendommen sin del finn vi spenninga mellom den nære og den opphøgde Gud hos Kristus sjølv: Vi trur at Gud kjem oss nærare i Kristus enn hos nokon annan stad. Gud får eit ansikt, og vi ser Gud på nært hald. Men samtidig som Kristus får Guds eige namn og blir kalla "Herren", seier han etter oppstoda at "eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud" (Joh. 20.17-18). Gud er fullt og heilt til stades i Kristus, som den heilt nære Gud - men han er samtidig meir enn Kristus, som den opphøgde Gud som også Kristus ber til og underkastar seg.

Ei anna spenning som vi finn i alle dei tre religionane er spenninga mellom Gud som den strenge dommaren og Gud som den nåderike, miskunnsame. Vi tenkjer ofte at islam har eit strengare gudsbilde enn kristendommen. Mange Koran-ord let menneske vere i tvil om Gud vil dømme eller tilgi: "han vil tilgi den Han bestemmer, og straffe den han bestemmer. Gud har makt over alle ting" (2.284). Men mange muslimar vil kunne vitne om at Guds nåde er sterkare enn hans vreide. Kvart einaste kapittel i Koranen har som overskrift "I namnet til Gud, den nåderike og miskunnsame", og mange Koran-vers sluttar med omkvedet "Han er mild, tilgivende" (f.eks. 17.44).

Islams Gud er ein nåderik Gud, som ser i miskunn til sine skapningar. Det er vanskeleg å sjå det annleis enn at tanken om Gud som tilgir den angrande er ei felles tru i Abrahams familie. Tanken er i alle fall før-kristen, og jødisk i sitt opphav. Det er jo i den jødiske bibelen det står at "Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø; om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull" (Jesaja 1.18). Det står sentralt i vår kristne tru at Jesus tilgir på Guds vegner, og at Gud ved å reise Jesus opp igjen frå dei døde viste at hans nåde er sterkare enn hans dom. Men like visst er det at det nye testamentet har fleire påminningar om dommens dag enn vi likar å høyre. Om vi er frelst av nåde, er det mykje som tyder på at det likevel finst ein dom etter gjerningar: "Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil" (Matt. 7.21).

For meg står det slik at spenninga mellom den strenge og den nåderike Gud er felles for jødisk, kristen og muslimsk gudstru. Vi veit noko om kor forskjellig kristen gudstru kan vere; anten med ein lys og tillitsfull grunntone i seg, eller med klangbotn av eit kjempande livsalvor som har vanskar med heilt å finne fred. Tilsvarande i islam: Å vere muslim kan både bety å underkaste seg den uutgrunnelege dommaren i frykt, eller å skrive kjærleiksdikt til Gud slik mange av islam sine store mystikarar har gjort.

Kva er så det kristne gudsbildet?

Mange andre spenningar i gudsbildet som går igjen i alle religionar kunne nemnast. Dess meir vi deler av gudstrua vår, dess tydelegare kan det bli kor ulike gudserfaringar og gudsbilde vi har - også som kristne. Kan vi då seie noko eintydig om kva som er spesielt kristent ved det gudsbildet vi har? Eller er det slik at gudstrua er like forskjellig innanfor det kristne gudsfellesskapet som ho er mellom dei ulike religionane?

Dersom eg skulle seie noko om kva eg opplever som heilt sentralt i den kristne trua, måtte det vere trua at Gud har fått eit ansikt. Som kristne kan vi lese Bibelen som ei historie om korleis Gud får eit ansikt. I det gamle testamentet høyrer vi ein stad om Moses som ville sjå Gud, men som må nøye seg med å få ein glimt av Gud bakfrå. "Du kan sjå meg attantil, men andletet mitt kan ingen sjå" ... "for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva" (2. Mos. 33.20-23). Men like før i det same kapitlet i 2. Mosebok står det: "Så tala Herren med Moses, åsyn til åsyn, som ein mann talar med ein annan" (2. Mos. 33.11). Dei som skreiv det gamle testamentet, har hatt ulike erfaringar med Gud, og ulike syn på kor vidt mennesket kan sjå Gud.

Dei som såg Jesus og trudde på han, meinte at dei hadde sett Guds ansikt klart og tydeleg. I Johannesevangeliet høyrer vi Jesus seie om seg sjølv: "Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne Sonen, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er" (Joh. 1.18). Guddomsordet har fått kjøt og blod, ja eit ansikt i Kristus. Frå det ansiktet strålar det iflg. Johannesevangeliet både "nåde og sanning". Når vi står ansikt til ansikt til Kristus, møter vi både den nakne sanninga om liva våre, og den nåden vi treng for å leve med sanninga.

Nåden strålar sterkast - som "nåde over nåde", seier Johannes (Joh. 1.14-16). Men heller ikkje hos Kristus er synet av den nære og nådige Gud slik at vi utan vidare kan halde det fast. Når Jesus stig ut av grava med ein kjærleik som ikkje kan dø, skaper det enda sterkare syner hos disiplane enn det dei kunne sjå før påskeunderet. Dei ser eit ansikt som lyser av siger over døden. Men vi skal merke oss at framleis er det berre som i eit glimt at dei ser den guddommelege herlegdommen. I Emmausfortellinga i Lukasevangeliet høyrer vi at i den same augneblinken disiplane kjenner igjen sin medvandrar som Kristus, så blir han borte for dei: "medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei" (Lukas 24.30-31).

Slik trur eg våre vilkår som menneske er. Sjølv i Kristus kan vi ikkje sjå Gud anna enn i små, men sterke lysglimt. Glimta er sterke nok til at dei kan bere oss gjennom livet og døden. Men vi ser berre som i eit speil, og kan ikkje heilt halde fast det vi ser. Derfor kan vi heller aldri bruke gudstrua vår som eit slåande argument mot andre - berre som eit audmjukt vitnesbyrd om noko vi har sett.

Gud i det andre mennesket sitt ansikt

Kyrkja si tru er at Jesus er det einaste mennesket som har levd som er heilt gjennomskinleg for Gud. Men er det ikkje også slik at trua på Gud i Kristus hjelper oss til å sjå Gud i alle menneske sitt ansikt? Bibelen taler om at vi er skapt i Guds bilde, og han Gud har gjort eitkvart menneskebarn "lite ringare enn Gud" og krona eitkvart menneske med "ære og herlegdom" (Salme 8.6).

Alle er vi som små speil av Guds herlegdom. Speila har sprekker, og vi kan verken sjå kvarandre eller Gud heilt tydeleg. Men eg trur vi kan skimte noko av Guds ansikt når vi verkeleg får auge på kvarandre, verkeleg ser kvarandre - det kan vere som kristne med ofte ulik tru, som kristne i møte med jødar og muslimar, eller til og med i møte med dei som ikkje trur. Også hos dei har Gud sett spor etter seg. Han er ikkje langt borte frå nokon av oss (Ap.gj. 17.27).

Kanskje er dette den einaste måten vi kan sjå noko av Gud i dette livet - ved å opne oss for andre menneske sine ansikt. Inspirert av Jesus taler kvekarane om å respektere "det av Gud" i alle menneske. Det er bibelsk tale. I1. Johannesí brev står det: "Den som ikkje elskar sin bror som han har sett, han kan heller ikkje elske Gud som han ikkje har sett ... Den som elskar Gud, må også elske sin bror" (1. Joh. 4.20-21). Og når Matteus minner oss om at det kjem ein dom også for oss som er frelst av nåde, då møter vi ein Jesus som seier at "Det de gjorde [eller ikkje gjorde] mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de [eller gjode det ikkje] mot meg" (Matt. 25.40 og 45).

Dette må då vere djupt kristent - trua på at Gud har fått eit ansikt, og at han har sett spor etter seg i alle menneskeansikt? Eg trur det. Men her også rører vi ved innsikter og gudserfaringar som også menneske med ei anna tru har sett ord på.

Kanskje kan det passe å avslutte med eit jødisk vitnemål, frå ein nyleg avdød filosof som heiter Emmanuel Levinas. Levinas er kjent som "ansiktet sin filosof". Han taler om at all etikk og all religion blir til i det nakne møtet med "den Andre" - i møte med det andre mennesket sitt ansikt. For Levinas har den Andre sitt "ansikt" både noko fascinerande og noko skremmande ved seg; kanskje mest det siste. For det er noko ved ansiktet som stiller meg til ansvar, seier Levinas - nesten som eg skulle stå ansikt til ansikt med Gud: "Det vidunderlige ved ansiktet er at det sier, det sier: nød, sårbarhet, det ber, bønnfaller meg om hjelp, det setter meg under ansvar". I alt han skriv åtvarar Levinas mot å prøve å gripe eit anna menneske og halde det fast. Den Andre er i den mest radikale forstand ubegripeleg. Det same er Gud, slik jøden Levinas kjenner han: Han kan ikkje gripast. Gud er - for Levinas liksom for Moses då han såg Gud bakfrå- "Han som gjekk forbi" (2. Mos. 33.19-23). Men Levinas lar ikkje sitt vitnemål stå med berre det. Ein stad kan vi nemleg sjå Gud framanfrå: i det Andre mennesket sitt ansikt. Levinas taler om sporet av det uendelege i den Andre sitt ansikt. Gud blir synleg, seier han, når han "avtegner sporet av det uendelige i den Annens ansikt." Levinas sukkar med ord som minner om det nye testamentet: "Gud, guden, det er en lang vei dit, en vei som går om den Annen. Å elske Gud er å elske den Annen ...".

Er så dette ei jødisk vedkjenning til Gud, eller ei kristen? Eg trur det er ei innsikt som går djupare enn religionsgrensene. På tvers av ulik tru er det noko i ansikta våre som peikar utover seg sjølv, mot noko større, mot Gud. Dette trur eg også er religionsdialogen sin løyndom: Når vi lyttar kvarandre på tvers av trusgrenser, når vi er lenge nok saman til verkeleg å sjå kvarandre, då kan vi sjå spor av Gud i den andre sitt ansikt. Vi ser at det er noko hos den Andre som opnar seg mot Gud.

Med ei slik gudstru er det ikkje mogeleg å bruke makt mot andre i Guds namn. Men det er både mogeleg og nærliggande å avlegge vitnemål om det vi har sett av Gud. Kva er det? For meg er det ein kjærleik som først blir fullkomen når han får drive frykta ut, som det står i 1. Johannesbrev (jf. 1. Joh. 4.17-21). Når Kristus får ta bort frykta vår, då kan vi sjå og kalle på "det av Gud" i eitkvart menneske. Det er for meg kristen gudstru.

* Dialog om Gud *