Oddbjørn Leirvik:

Ungdom i Oppdrag, Mark Gabriel og islam

 

Trykt i Vårt Land 14.02.06

 

 

Forlagssjef Skaiaa og leiaren for Ungdom i Oppdrag, Alv Johan Magnus, svarte nyleg på den harde kritikken som har kome frå fleire hald mot Mark A.Gabriels bok Islam og terrorisme som ProklaMedia gav ut i 2003. Året etter gav forlaget også ut boka Islam og jødene av same forfattar.

 

Når det gjeld livshistoria til Gabriel, seier Skaiaa og Magnus no at han har høgare utdanning frå det kjende al-Azhar universitetet i Kairo. Men på omslaget til Islam og terrorisme står det at han var ”professor i islamsk historie og teologi” ved al-Azhar og imam ved ein moské. Stemmer ikkje dette lenger?

 

Identiteten til forfattaren er likevel ikkje det viktigaste. Det kan hende at han er omtrent den han gir seg ut for å vere, og det er ingen grunn til å tvile på at han som konvertitt kan ha gjennomgått harde prøvingar. Derimot er det umogeleg å ha tillit til han som fagperson.

 

På sine nettsider har Ungdom i Oppdrag no lagt ut eit tilsvar frå Gabriel til den kritikken Basim Ghozlan har retta mot boka her i Vårt Land. Gabriels svar endar med den mildt sagt oppsiktsvekkande påstanden at ”mer enn to millioner egyptiske kristne i de første to århundrene med islam fikk tungene skåret over fordi de nektet å snakke språket til de arabiske muslimske erobrere”. I Islam og jødene hevdar Gabriel endåtil at ”den islamske hæren kom og drepte over fire millioner egyptere i islams første århundre”.

 

Det er så ein nesten ikkje kan tru sine eigne auge. I den anerkjende boka Christians and Jews under Islam oppgir demografane Courbage og Fargues at det budde under tre millionar menneske i Egypt under den islamske erobringa. Ei kjend kopisk nettside (www.copts.net) gir eit høgare tal og hevdar at det budde om lag 9 millionar koptarar i Egypt på dette tidspunktet. Den nemner mange eksempel på prøvingar som koptarane vart utsett for, men ikkje noko som har den fjernaste likskap med Gabriels fantastiske påstandar. Kvar har han henta dei frå? Prøver Gabriel å lure godtruande lesarar? Eller avdekker han eit folkemord som til dags dato har vore ukjent for historikarane?

 

Det seier mykje om Ungdom i Oppdrag sitt svarte syn på islam og manglande kjeldekritikk at dei trykkjer slike ville påstandar som dei Gabriel serverer. Historia til kristne minoritetar i Midtausten er vanskeleg nok om den ikkje skal karikerast med denne typen talmagi.

 

For alle som fester tiltru til Gabriels påstandar i Islam og terrorisme om at ”islams historie er en elv av blod”, at ”hat er bygd inn i religionen” og at ”det er disse som utfører volds- og terrorhandlinger som praktiserer det egentlige islam slik Koranen foreskriver at det skal være”, bør kanskje dei uetterrettelege påstandane ovanfor vere ein tankestillar.

 

Når det gjeld Ungdom i Oppdrag sitt syn på islam, skreiv Alv Magnus (i ”Mot målet”) då Islam og jødene vart publisert: ”Islam er en åndsmakt. Den holder millioner fanget i åndelig mørke, benekter Kristus og bekjemper Guds planer med Israel og jødene. Den kan kun overvinnes ved Guds inngripen som resultat av kristnes bønner.”

 

Det er altså dette som er perspektivet for islambøkene til UiO, ein organisasjon som har ”åndeleg krigføring” som ein integrert del av sitt program, islam som sentralt angrepsmål, kristen sionisme som fanerop og endetidsspekulasjonar om Israel som åndeleg horisont.

 

Det er på tide at kristne i Norge får augene opp for kva Ungdom i Oppdrag står for i desse sakene og blir langt meir kritiske til gehalten i dei bøkene dei fører til torgs.