Ein liten bit med faste

 

Meditasjon på Askeonsdagsgudsteneste, Det teologiske fakultet, 12. februar 1997

 

Tekst: Matteus 6, 16-18

Salmar: 108, 425.1-3, 128

 


 

Det er Askeonsdag, og vi går inn i fastetida - som truleg kjem like uforbereidt på oss i år som ifjor. Faste? I beste fall får vi nokre mentale assosiasjonar, og kan begynne å innstille oss på Jesu lidingsveg. Men det er lenge til påske, og tankar åleine gjer liten forskjell i liva våre.

         Kva med kroppen? Kva skal vi gjere med kroppen vår i fastetida? Vi kan sjølvsagt ta Jesus på ordet, vaske oss og sjå godt ut, så ingen skal få mistanke om at vi fastar for å vise oss fram. Men det er det liten grunn til å mistenke oss for. For nordeuropeiske protestantar har fasten blitt så ettertrykkeleg inderleggjort at Jesus kanskje heller ville oppmode oss til å vise fram fasten vår, om det var oss han talte til.

         No er det teikn som tydar på at kroppen sin faste er på veg tilbake til oss. Katolikkane utfordrar oss, det same gjer muslimane. På tvers av religionsgrensene finst erfaringa at berre det som involverer kroppen vår, kan forandre noko i oss. Det skal ikkje så mykje forandring til, før vi merkar at det gjer forskjell. Berre eit lite brot med livsvanane våre kan kaste nytt lys over liva våre. Det finst mange gode fastetradisjonar å gripe tilbake til: å avstå frå kjøtmat, alkohol, eller frå anna luksusforbruk. Det er noko anna enn slanking. Om kristen faste skal gi meining, må det også handle om å knele litt meir, bøye kroppen og sjela slik at vi ser han som bar korset.

         Er det mogeleg igjen å kunne tenkje seg ein kollektiv faste? Eller er vi i moderniteten dømde til å skreddersy vår eigen, personlege faste?

         Det går i alle fall an å snakke om det, her på huset til og med. Kanskje skulle vi prøve eit lite brot med ein eller fleire inngrodde vanar i år? Det ligg velsigning i det minste forsøk. Berre ein liten bit med faste set oss på tanken om at forandring er mogeleg. Og vi lærer det med kroppen.

         Ein gong kan det kome eit større krav til oss, frå han som gjekk heile den tunge vegen til endes. Men alle vegar byrjar med det første steget. Eg har ein ikon med Jesusbarnet sine første famlande steg. Vi er visst alle barn i det å faste. Kanskje skal vi ta det første steget i år, eller eit lite steg vidare?

 


Oddbjørn Leirvik