Source logo

 

Forelda spor

Klassekampen 23:00 2005-08-25

Alfred Fidjestøl (tekst), Linda Bournane Engelberth (foto) alfred.fidjestol@klassekampen.no

 

 

Det er ikkje religionen i seg sjølv, men monoteismen som er problemet. Og Lars Gule er monoteist, god som nokon, hevdar religionshistorikar Helene Næss.

 

Klassekampens eigen religionsspaltist, Helene Næss, meiner debatten mellom Human-Etisk Forbunds Lars Gule og Kyrkjerådets Erling Pettersen er fanga i eit forelda spor frå opplysningstida:

Dei klassiske motsetnadene i religionsdebatten har heilt frå opplysningstida vore mellom vitskap og religion, mellom ateist og teist og mellom sekularist og kyrkjeleg teologi. I dag står ikkje lenger kampen mellom kyrkja og vitskapssamfunnet, men om grenseoppgangen mellom religion og politikk. Og då kan ein ikkje lenger nytte religionsomgrep som er henta frå den gamle vitskapsdebatten, der ein stemplar religion som tull og irrasjonalisme, meiner Næss.

For den gamle våpenkvila mellom religion og vitskap, der vitskapen fekk ta seg av forklaringa av korleis verda faktisk fungerer, og religionen fekk ta seg av dei moralske spørsmåla, er i ferd med å glippe, meiner Næss. Ser ein på kva folk faktisk trur, vil ein sjå at folk trur på aktive, handlande gudsprinsipp med konkrete konsekvensar i den verkelege verda:

Tradisjonelt har det vore tabu å blande etikk og ontologi, og det har gjort at ein har framstått som litt dum om ein spekulerte i kva den guddomlege krafta kunne vere og korleis denne kunne verke i naturen. Ein heldt det for seg sjølv eller snakka om det i små grupper. Men i våre dagar blømer desse trusførestellingane. Kyrkja klarer ikkje å levere dei historiene som folk treng i kvardagen, og folk set difor saman biletet sjølv.

Som døme viser Næss til ei undersøking frå 1991 som dokumenterer at 24 prosent av den norske befolkinga trur på sjelevandring. Og av dei som reknar seg sjølv for kristne og definerer seg som sterkt truande, trur heile 21 prosent på sjelevandring:

Ideen om sjelevandring er noko som passar godt til andre delar av vår antropologi, at vi er individ, at vi lærer og at vi heile tida utviklar oss moralsk. Undersøkingar viser dessutan at nordmenn legg noko anna i sjelevandringstrua enn i hinduismen og buddhismen. Det er ingen her som trur at ein kan verte attfødd som hund. Eller som Gud, om ein gjer det svært bra.

Demokratisk
Næss meiner denne type heimesnekra og individuelle trusførestellingar er uttrykk for ei demokratisering av religionsfeltet:

Det å sitje med definisjonsmakta på religion, gjev ei utruleg makt. Og all makt, også den religiøse, korrumperer. Slik sett er den nye livssynssituasjonen demokratiserande. Folk kan forhalde seg til sine eigne religiøse univers og treng ikkje underleggje seg religiøs maktmisbruk.

Men har ikkje Gule rett i at ein ikkje treng å definere alle slags tankar folk måtte ha om meininga med livet som religion?

Nei, tvert i mot synest eg Gule har eit veldig snevert religionssyn. Han er heilt på line med dei ultrakonservative teologane. Det finst verdsreligionar heilt utan dogme, og desse vil falle utanfor Gules definisjon. Men når han definerer religion slik han gjer, stadfestar det sjølvsagt hans hypotese om ei eintydig sekularisering i vesten.

Men vert ikkje all religion før eller seinare misbrukt politisk? Ville vi ikkje få det betre om verda var heilt sekularisert?

Nei, all religion har ikkje vorte misbrukt. Det er monoteismen som er ein stor del av problemet. Monoteismen har oppstått parallelt med dei store statsdanningane. Buddhismen er til dømes aldri vorten brukt i krigføring. Ein må vere medviten dei tendensane til fundamentalisme som ligg i monoteismen.

Og den vestlege sekularismen er like monoteistisk som kristendomen, ifylgje Næss:

Ideen om ein lovmessig og universell sekulær utvikling er ein kvasi-monoteistisk tanke. Ateist tyder at ein er mot teismen, og dimed monoteismen. Sekulariseringsteorien er generelt veldig prega av kristendomen.

Nytt mangfald
Professor i religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, Ingvild Sælid Gilhus, stadfestar Næss' påstand om at det er etablert eit nytt mangfald av alternative religionsførestellingar i Noreg:

Eit hovudfunn for oss er at vi har ei rekkje nye religiøse rørsler i Noreg, der dei fleste eigentleg ikkje har mange medlemmer, men som likevel er uttrykk for breie allmennreligiøse stemningar. Til dømes finst det ein stor flora av såkalla alternative bøker. Og førestellinga om sjelevandring er heilt klårt meir utbreidd, seier Gilhus.

Og at den norske sekulariseringa skal vere eintydig, har religionsvitaren vanskar med å akseptere:

Det kjem an på korleis ein måler religion. Stiller ein tradisjonelt kristne spørsmål som om folk trur på ein Gud, vil ein få ein lågare score enn ein fekk tidlegare. Og slik forstått er sekulariseringa eintydig. Men samstundes er det straumningar som «religionifiserer» samfunnet på ein litt meir ålmenn måte.

Vert kyrkja påverka av desse straumningane?

Ja, eg går ut i frå at heller ikkje kyrkjekristendomen kan vere upåverka av det som føregår i kulturen elles. Til dømes har eg hatt hovudfagsstudentar som har studert korleis Aftenposten har omtalt religion før og no. Og dei fann at der prestane tidlegare snakka offentleg om synd og fortaping som sikre ting, snakkar dei i dag mykje oftare om eiga tvil, om uvisse og syner fram ei mykje meir spørjande haldning. Tvilsdimensjonen kjem tydelegare fram i kristendomen i dag, og det er nok uttrykk for ei ålmenn straumning.

Men er ikkje de religionsvitarar tente med breie definisjonar for å halde på relevansen av faget dykkar?

Nei, det er vi ikkje nøydde til, tatt i betrakting korleis religion kaster rundt om seg i verda. Eg skjøner poenget ditt, men vi er slett ikkje i beit for religion.

 

©Klassekampen