Den gylne regelen


Konfusianisme:

"Zigong spurde: 'Finst der eitt ord som ein kan handle etter heile livet?' Meisteren sa: 'Samkjensle, kanskje? Det du sjølv ikkje ønskjer for deg, gjer ikkje det mot andre.' (Konfutse: Samtalar, Lun Yu XV:23, jf. V:11 og XII.2).

 

Hinduisme:

"Dette er essensen av pliktene: gjer ikkje mot andre det som ville gi deg smerte dersom det vart gjort mot deg" (Mahâbhârata, V:1517).

"La ingen gjere mot andre det han ikkje vil at andre skal gjere mot han sjølv" (Mahâbhârata, XIII:5571f, jf. XIII.133)

 

Buddhisme:

"Ein tilstand som ikkje er behageleg eller god for meg, vil heller ikkje vere det for han. Korleis kan eg påføre ein annan ein tilstand som ikkje er behageleg eller god for meg?" (Samyutta nikaya V:353.3–342.2).

"Såre ikkje andre på ein måte som du sjølv finn smertefull" (Udanavarga 5:18).

"Om ein samanliknar seg sjølv med andre på denne måten: slik som eg er er dei, og slik som dei er er eg – så skulle ein verken drepe eller få andre til å drepe" (Sutra nipata 705).

 

Jainisme:

"Ein mann burde gå omkring og behandle alle skapningar som han sjølv ville ønskje å bli behandla" (Sutrakritanga 1.11.33).

 

Zoroastrianisme:

"Ikkje noko av det du sjølv mislikar skal du gjere mot andre" (Shayast-na-Shayast 13:29).

 

Jødedom:

"Du skal elske nesten din som deg sjølv" (3. Mosebok 19:18).

"Gjer ikkje mot andre det du sjølv avskyr" (Tobits bok 4:12).

"Det du sjølv hatar, skal du ikkje gjere mot din neste. Det er heile Lova. Resten er kommentarar til dette" (Hillel, Talmud Shabbat 31a).

 

Kristendom:

"Alt det de vil at andre skal gjere mot dykk, det skal de og gjere mot dei. For det er Lova og Profetane" (Matteus 7:12).

"Som de vil at andre skal gjere mot dykk, så skal de gjere mot dei" (Lukas 6:31).



Islam:

"Ingen av dykk kan vere ein truande før han ønskjer for bror sin det same som han ønskjer for seg sjølv" (al-Bukhârî: Kitâb al-imân, 2:13).

 

Norsk livssynhumanisme:

Kanskje Arnulf Øverlands ord - "Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv" ...

 

 

Tolkingsspørsmål:

- Kor vidtrekkande er regelen? Gjeld han berre som ei forplikting overfor eigne trusbrør/menn/menneske, eller gjeld han universelt (på tvers av kjønns- og trusgrenser, evt. overfor alle skapningar)?

- Kor radikale konsekvensar vil ein trekke av at den gylne regelen i somme variantar blir sagt å samanfatte (= relativisere?) dei einskilde moralboda?

- Korleis er den gylne regelen knytt opp til det eigne trusuniverset – som omsyn overfor dei med lågare rang og lojalitet overfor dei av høgare rang i konfusianismen; som veg til frigjering frå liding i buddhismen; som uttrykk for eit aktivt innlevingsideal i kristendommen?

- Har ei positiv formulering av regelen større rekkevidde enn ei negativ, i retning av meir aktiv innleving (empati) med alle menneske?