Oddbjørn Leirvik:

 

Helsemirakel

 

Preike i Paulus kirke 3. søndag i advent, 12. desember 2004

Preiketekst: Matteus 11, 2-6. Lesetekst: Jesaja 35, 3-10.

 


Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:  5 Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!»


 

Ja, i dag skulle vi vel kanskje hatt ein mirakelpredikant på preikestolen, ein som på uforklarleg vis kunne gjere folk friske i Jesu namn!

 

Sjølv om folkehelsa i vårt samfunn har gjort enorme framskritt dei siste hundre åra, ser det ikkje ut til at mirakelpredikantane blir arbeidsledige. Vi vil då heller aldri kunne gjer slutt på sjukdom og funksjonshemming. Og sjølv om den forventa levealderen stadig aukar i vår del av verden, så vil vi alle før eller seinare møte sjukdommen til døden.

 

Når vi er på vårt mest sårbare, vaklar vi mellom å akseptere vår lagnad og håpe på eit

mirakel. Under andre og hardare himmelstrok, der folkehelsa er dramatisk mykje dårlegare enn her, har folk flest enda større grunn til å lengte etter mirakuløse helbredingar. Derfor ser vi då også at vestlege mirakelpredikantar gjerne reiser til Afrika eller Asia – til dei fattige som dagens evangelium er adressert til – når dei forkynne helse og nytt liv i Jesu namn.

 

Mirakelpredikantar veit at forventninga om guddommeleg helbreding er universell. Også forventninga til Jesus som helbredar er meir utbreidd enn kristendommen. Når for eksempel Aril Edvardsen held mirakelkampanjar i Pakistan, kan han spele på dei forventningane som muslimane har til Jesu helbredande krefter. I Koranen finn vi eit ekko av dagens preikestekst, når Jesus to plassar seier: ”Eg vil med Guds samtykke helbrede blinde og spedalske, og eg vil vekke opp døde”. Dei fleste av dei som kjem og høyrer på Aril Edvardsen i Pakistan, er muslimar. Eg vil tru at relativt få av dei blir kristne, der og då. Likevel ser Edvardsen det som eit trusbevis når demonar blir drivne ut, slappe armar blir sterke, krykker blir kasta, blinde ser og døve plutseleg høyrer på eit fotballstadion i Pakistan. Tru det den som kan, når ”Troens Bevis” – bladet til Aril Edvardsen – også rapporterer om ei pakistansk bestemor som hevdar at hennar to år gamle barnebarn vart vekt opp frå dei døde under fellesbøna for dei sjuke.

 

Kva skal vi tru? Mi fornuft protesterer mot ukritiske mirakelreportasjar, og kjenslene mine tar helst parti for dei som ikkje blir helbreda når predikantane ber for dei sjuke. For det er jo dei som ikkje blir friske som er i fleirtal. Det er likevel ingen tvil om at menneske kan oppleve mirakel. Vi veit då også såpass mykje om det psykosomatiske samspelet mellom kropp og sinn at vi ikkje treng å vise til ”overnaturlege krefter” når vi ser at forventning, eiga og andres bøn og sterk tru kan gjere folk uforklarleg friske.

 

Også spontanhelbredingar er ein kjent men til no uforklart kategori i legevitskapen. Alt dette er vel og merke universelle fenomen, som ikkje er spesielt knytt til den kristne trua. For eit par år sidan arrangerte Emmaus eit dialogmøte om helbreding, med ein pinsevenn og den muslimske legen Trond Ali Linstad som innleiarar. Bakgrunnen var ei nøktern forteljing som Linstad hadde skrive i Tidsskrift for den Norske Lægeforening om korleis han heilt uventa og uforklarleg hadde blitt kvitt ein kronisk sjukdom då han besøkte ein sjiamuslimsk heilagdom i Iran.

 

Uforklarlege helbredingar er eit faktum. Men kanskje vi burde spørje kvifor det alltid er dei mirakuløse undera som står i fokus når vi leitar etter teikn på Guds helbredande krefter. For tretten år sidan leste eg ein artikkel om ”Kirken og de syke” som gjorde inntrykk på meg.[1] Artikkelen var skriven av den kjende kristne legen Olav Hilmar Iversen, professor i patologi og mangeårig overlege ved Rikshospitalet. Indignert over mirakelpredikantane sine stadige overbod oppmodar han kristne til heller å juble og takke for den moderne legevitskapen sine spektakulære under. Han minner om at mange sjukdommar som før var dødelege – for eksempel lungebetennelse som Henrik Wergeland døydde av 37 år gammal – no lett kan behandlast. Ei rekkje epidemiske sjukdommar – som tuberkulose – er i vår del av verden utrydda gjennom målmedvite folkehelsearbeid. Og han minner oss om at den gjennomsnittlege levealderen i Norge dei siste 150 åra har auka med 30 år. Kvifor er det ingen som takkar Gud for det? spør den fromme legen, som skriv:

 

Det er galt det som av og til sies i uforstand. ”Det blir færre helbredet i dag enn på Jesu tid.” Jesus og apostlene møtte egentlig ikke mange, og de beskrevne helbredelser er få. I dag blir mange fler helbredet og kurert p.g.a. moderne medisin. Døve hører p.g.a. høreapparat-teknologien. Blinde ser: Grå stær blir operert og kunstige linser satt inn i stort antall. Halte går: Smertefulle og stive hofter erstattes av reservedeler.

 

Slik ser overlegen det. Og her er hans ”troens bevis”:

 

Hvis vi mener at Gud er alle tings Skaper, han Han også skapt helseforståelse, leger, vitenskap og alt det som har gjort fremskrittene mulig […] ved kirurgers og indremedisineres ”håndspåleggelse” blir svært mange helbredet. Ja, man kan vel si at på dette felt har vi sett en enorm ”bønnhørelse” de siste 50 årene […] Folk som ville vært døde, lever på grunn av hjerte- og nyretransplantasjon. Der er jo egentlig ”vakt opp fra de døde”. Store velsignelser har Gud gitt oss.

 

Så veit vi også at desse velsigningane er ugudeleg skeivt fordelt i dagens verden. Til og med HIV-smitta kan no haldast i sjakk, om ein er så heldig å leve i eit samfunn som betaler det medisinen kostar. Dei andre dør framleis – også av langt meir banale sjukdommar enn HIV og AIDS. Slik sett er dagens evangelium enno ikkje blitt fulltonande forkynt for fattige. Men det er vår feil, ikkje Guds. Både kristen misjon og andre hjelpeorganisasjonar har då også i fleire generasjonar prøvd å bøte på den urettferdige fordelinga av helsegode. Deira svar på epidemiske sjukdommar og sviktande folkehelse i Afrika og Asia har ikkje vore mirakelforkynning, men bygging av helsestasjonar og sjukehus.

 

I vår kulturkrins blei det moderne helsevesenet langt på veg bygd opp av menneske som var inspirert av Jesus. I lag med andre menneske av god vilje har dei oppfylt Jesu ord i evangeliet om at den som trur, skal gjere enda større mirakel enn han gjorde.

 

Adventstida knyter store forventningar til Jesus og dei guddommelege kreftene som er utfaldar seg i han og omkring han. Lat oss i dag for ein gongs skuld lovprise Gud for dei mirakla han har gjort og dagleg gjer gjennom sine tenarar i helsevesenet – i sjukehus, på legekontor og helsesenter, gjennom heimebaserte tenester og alternative terapiar. Lat oss ikkje gjere Gud til ein liten mirakelmann som berre viser seg i uforklarlege hendingar, i ytterkantane av livet vårt. Han som er Skaparen, gjer store under kvar einaste dag, midt i livet. Han er det i oss som skaper omsorg for andre. Han er den som får menneske til å vie seg til andres velferd og helse. Under alt dette er han er sjølve livsånda som pustar i oss. Han er den vi kan lovprise kvar gong livet vinn over døden. 

 

Så skal vi likevel dø ein gong. Så må mange av oss likevel leve med sjukdommar som vi ikkje blir friske av, eller kroppslege avgrensingar som vi må bere med oss til vår døyande dag.

 

Men hos Jesus kan vi finne velsigna kraft til å leve med alt det som er skrøpeleg. Nær han kan vi også kjenne at det aller største underet ikkje er helse. Det største mirakelet er nåde, livsmot og eit håp som trassar døden.



[1]              Olav Hilmar Iversen: ”Kirken og de syke. Noen ord om sykdom, helbredelse og bønn”, Kirke og Kultur 1991: 1, s. 17-36.