Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo

Horisontdokument (versjon 21.09.00) for

INTERRELIGIØSE STUDIAR

av religiøs endring, riter og religionsdialog

                                              

I sin langtidsplan for 2000-2003 har Det teologiske fakultet markert interreligiøse studier som eit prioritert satsingsområde. Det teologiske fakultet har lang tradisjon som ein kulturopen institusjon i levande samtale med aktuelle åndstraumar i det moderne samfunnet, og i økumenisk dialog med andre kyrkjesamfunn. Fakultetet ønskjer no å bidra meir aktivt til dialogen i det fleirkulturelle og multireligiøse samfunnet — med nettverksbygging, ny forsking og nye utdanningstilbod.

Pluralisering, religiøse endringsprosessar og innvandrarreligion

Bakgrunnen for fakultetets satsing er den nye religiøse og livssynsmessige situasjonen i Norge, med aukande religiøs og livssynsmessig pluralitet. Det nye mangfaldet botnar både i innvandring og i religiøs pluralisering mellom innfødde nordmenn. Begge delar har med globalisering å gjere. Men det nye mangfaldet svarer også til sosiale frigjeringsprosessar som har endra religionens vilkår i samfunnet, særleg ved at kvinner har blitt meir synlege aktørar når det gjeld religiøs endring.

Innvandring har gjort islam og buddhisme til betydelege minoritetsreligionar i Norge. "Framande" religionar er ikkje lenger framande, men nære naboar. Folk som tilhøyrer islam, buddhisme og andre verdsreligionar bidrar til dei religiøse endringane i det norske samfunnet, men blir også sjølve prega av pluraliseringa. Størst rekkevidde har likevel pluraliseringsprosessane innanfor kyrkjene og den kristne majoritetsreligionen, som er prega av djuptgåande endringar og eit stadig meir synleg mangfald. Pluraliseringa i samfunnet har også ført med seg ein veksande konfesjonslaus religiøsitet, der den einskilde "nyreligiøse" hentar impulsar til sin personlege identitet frå ulike kjelder i vest og aust. Også den sekulære livssynshumanismen er framleis i vekst.

Identitet, dialog og riter

Den aukande trus- og livssynsmessige mangfaldet stiller lokalmiljø, samfunnsinstitusjonar, trussamfunn og allmenkultur overfor nye og uvande utfordringar. Vil religionen bli ytterlegare privatisert og marginalisert i det offentlege livet, eller ser vi konturane av eit sivilt samfunn der tru og livssyn spelar ei stadig sterkare rolle? Ein del utviklingstrekk kan tyde på at tru og livssyn i aukande grad blir skiljemerke og konfrontasjonstema. Men samtidig blir det opna dører til samhandling, gjensidig påverknad og dialog. Kvar for seg og saman står trussamfunna overfor nye, interreligiøse utfordringar i samband med ekteskapsinngåing, gravferd osb. Ein ser også eksempel på rituell åtferd på tvers av tradisjonelle grenser, gjennom meditasjonsrørsler og kreativ ritualskaping.

Korleis blir trussamfunna og den folkelege religiøsiteten forandra av den nye pluralismen i samfunnet? Det teologiske fakultet ønskjer no å bidra meir aktivt til forståinga av dei nemnde utviklingstrekka, og til den teologiske refleksjonen over det som skjer i møtet mellom eiga og andres tru. Til dette høyrer også eit missiologisk arbeid med kyrkjas oppgåve i eit fleirreligiøst Norge.

Utfordringar til skulen, kyrkjene og akademia

Ein viktig dimensjon ved det nye religionsmøtet er utfordringane i skulen. Fleire ved fakultetet (med professor Tarald Rasmussen i spissen) har vore sterkt inne i biletet i forminga av det nye KRL-faget i grunnskulen, der intensjonen har vore å skape ein felles arena for kulturarvsformidling, identitetsstyrking og dialogtrening. Også dei nye planane for Religion og etikk i vidaregåande skule legg meir vekt på religionssamanlikning og dialog enn før. Det nye KRL-faget er omstridd i mange krinsar. Striden omkring faget har avdekt kva konfliktpotensiale religiøse og livssynsmessige identitetar har i seg, når desse blir vikla inn i spenninga mellom majoriteten og minoritetane i samfunnet. Men det nye faget har også potensiale i seg til å kunne bli eit inkluderande dialogfag. Fakultetet ønskjer å bidra aktivt til å gjere religions- og livssynsundervisninga i skulen til ein arena for horisontutvidande læring gjennom dialog.

Samtidig vil Det teologiske fakultet halde fast på at institusjonens primære horisont og kompetanse er endringsprosessane i den kristne religionen — ikkje berre som luthersk kristendom, men i eit økumenisk perspektiv. Men dei kyrkjelege endringsprosessane kan ikkje gripast utan at ein har blikk for det større samspelet mellom kristendom, nye religionar på norsk jord, konfesjonslaus spiritualitet og meir sekulære straumdrag i allmennkulturen.

Gjennom utdanning til teneste i kyrkje og skule er fakultetet sjølv ein aktør i dei dynamiske prosessane vi har skildra ovanfor. Med dei nye utdanningstilboda vi planlegg innanfor interreligiøse studier, ønskjer fakultetet å bidra til at enda breiare grupper blir dyktiggjort til å gå inn i religionsmøtet på ein reflektert måte. Ein del av vår visjon er at nye utdanningstilbod på dette området i seg sjølv kan bli ein arena for dialog mellom studentar med ulik trus- og livssynsmessig bakgrunn.

Å nærme seg religiøse endringsprosessar,
og det som skjer i møtet
mellom religionane og livssyna

I akademisk samanheng har ein både innanfor teologien og religionsvitskapen for det meste forska og undervist om dei ulike religionane kvar for seg. Samanliknande religionsvitskap er rett nok ein etablert disiplin. Men i norsk samanheng har korkje teologi eller religionsvitskap tradisjon for å ta tak i det som skjer i det dynamiske møtet mellom ulike religionar og livssyn.

Som den første utdanningsinstitusjonen i Norge gjorde Det teologiske fakultet i 1997 religionsmøte og religionsdialog til ein sentral del av pensumet og undervisninga på grunnfagsnivå. Fakultetet ønskjer no å byggje vidare på denne satsinga, i retning av nye utdanningstilbod, nye etter- og vidareutdanningskurs og ny forsking.

Som ein akademisk institusjon med kyrkjeleg tilknytning vil fakultet også på sitt nye satsingsområde spele på den fruktbare spenninga mellom eit kritisk utanfrå-blikk og eit innlevande innanfrå-perspektiv i religionsforskinga. Som ein aktør i endringsprosessane ønskjer fakultetet ikkje berre å drive interreligiøse studier, men sjølv bidra til den levande dialogen og til den nødvendige refleksjonen omkring denne. I tråd med dette ønskjer fakultetet til å vidareføre ei nettverksbygging som ikkje berre involverer andre akademiske institusjonar, men også trus- og livssynssamfunna.

Tematisk fokusering i høve til fakultetets kompetanse

Det teologiske fakultetet har til saman ein omfattande kompetanse når det gjeld bibeltolking i fleirkulturelt perspektiv, samspelet mellom kyrkje-, idé- og religionshistorie i ulike epokar, og endringsprosessar i den kristne religionen under moderniteten.

Innanfor feltet interreligiøse studier ønskjer vi særleg å prioritere møtet mellom kristendom og islam, kristen-buddhistisk dialog, ritualstudier og kjønnanalytiske studier. Fakultetet har betydeleg kompetanse på alle desse områda. I norsk samanheng er professor Notto R. Thelle of forskarane Jone Salomonsen og Oddbjørn Leirvik av dei leiande på felta kristendom og buddhisme (Thelle), kristendom og islam (Leirvik), allmenn religionsteologi (Thelle, Leirvik), nyreligiøsitet/konfesjonslaus spiritualitet (Salomonsen, Thelle) og ritualstudier (Salomonsen). Salomonsen samt fakultetets professor i kvinneteologi, Kari E. Børresen, har også stor kompetanse innanfor kjønnsanalytisk religionsforsking.

Dei nemnde forskarane har ein omfattande akademisk produksjon på dei aktuelle felta. Dei har også markert seg i den offentlege samtalen — gjennom bøker retta inn mot eit vidare publikum, og ved engasjement i levande dialog på ulike plan.

Fakultetets rolle i nasjonal og internasjonal nettverksbygging

Dei nemnde forskarane er alle engasjert i nasjonale og internasjonale nettverk på sine område.

Som institusjon har det Det teologiske fakultet på 1990-talet hatt ei leiande rolle i den tverrfaglege nettverksbygginga mellom teologi, religionsvitskap og høgskulebasert lærarutdanning. Dette har særleg skjedd i samband med den koordinatorrolla fakultetet har hatt i KRL-relatert etter- og vidareutdanning, og i fagutvikling på det same feltet. Også det pågåande Antikkprosjektet blir drive i eit tverrfagleg samarbeid mellom teologi og religionsvitskap. Fakultetet har også utvikla ein nær tverrfagleg kontakt med det sosialantropologiske fagmiljøet i Norge, og slikt styrkt det samfunnsvitskaplege perspektivet på fakultetets arbeid. Det tverrfaglege samarbeidet som fakultetet alt er involvert i gjer at horisonten for dei interreligiøse studiene vi ønskjer å initiere vil kunne bli langt vidare enn det som gir seg utifrå fakultetets eigen kompetanse.

Også internasjonalt har Det teologiske fakultet tatt initiativ til nettverksbygging. Fakultetet koordinerer eit nettverk i vidaregåande teologisk utdanning ("International Network in Advanced Theological Education"), og har utvikla ein internasjonal mastergrad i kontekstuell teologi. Stikkordet kontekstuell teologi signaliserer eit ønskje om å utvikle ein teologi som står i aktiv samtale med sine omgivnader. Religionsmøte er ein del av horisonten for nettverket, som involverer teologiske institusjonar i fire verdsdelar.

 

EI NY KOMPETANSEEINING FOR INTERRELIGIØSE STUDIER:
forsking, nye utdanningstilbod, etter- og vidareutdanningskurs, nettverk

På den bakgrunnen som er skildra ovanfor, inviterer fakultetet no til samarbeid omkring ei ny og målretta satsing på området interreligiøse studier. Satsinga vil vere retta inn mot

(1)       Ny forsking (grunnforsking og oppdragsforsking)

(2)       Nye vekttalsgivande utdanningstilbod innanfor interreligiøse studier (innføringsmodular samt vidaregåande modular på mellomfags- og hovudfagnivå, gjerne i samarbeid med andre institusjonar)

(3)       Utvikling av skreddarsydde etter- og vidareutdanningstilbod for bestemt målgrupper (trussamfunna, skulen, andre samfunnsinsitusjonar)

(4)       Nettverksbygging med sikte på oppbygging av eit tverrfagleg miljø for interreligiøse studier i Norge, og eit kreativt samvirke mellom akademia og trus- og livssynssamfunna.

Fakultetet ser for seg at dei nye tiltaka som vi ønskjer å initiere kan samlast under ei ny kompetanseeining, kanskje eit "senter" for interreligiøse studier. I dette arbeidet ønskjer vi tverrfagleg samarbeid med forskarar ved andre institusjonar, eventuelt også eit meir formalisert partnarskap. Fakultetet søkjer også økonomiske samarbeidspartnarar som kan vere med å gjere det mogeleg å iverksette eit pionerarbeid innanfor interreligiøse studier i Norge.