ISLAM er

overgiving, tru og velgjerning

 

Frå Iman Muslim: «Boka om tru», hadith nr. 1.

Hadithen er fortald av ‘Umar ibn al-Khattab,

som var den andre kalifen (frå 634-644).

 

 

Umar ibn Khattab fortalde meg dette: Ein dag då vi sat i lag med Guds Sendebod, såg vi ein mann nærme seg. Han hadde klede som var heilt spesielt kvite, og hår som var heilt spesielt svart. Ein kunne ikkje sjå at reisa hadde sett noko spor på han. Ingen av oss kjende han. Han sette seg ned saman med Profeten, med kne mot kne. Han la handflatene på låra hans og sa:

 

«Muhammad, la meg få vite kva OVERGIVING (al-islam) er for noko».

Guds Sendebod sa: «Overgiving er at du vedkjenner at det ikkje finst nokon gud utan Gud, og at Muhammad er Guds Sendebod, at du utfører den rituelle bøna, at du gir velferdsbidraget, at du fastar i Ramadan, og at du gjer pilgrimsreise til Huset om du kan greie å kome deg dit». (= Dei fem søylene i islam). Han [mannen] sa: «Du har sagt som sant er». Han [‘Umar ibn al-Khattab, altså fortellaren] kommenterte: «Det undra oss jo at han først stilte eit spørsmål, og så sjølv sa at det stemte».

           

Han [mannen] heldt fram og sa: «Lat meg få vite kva TRU (al-’iman) er».

Han [Muhammad] sa: «At du trur på Gud, på englane hans, på bøkene hans, på sendeboda hans, på den siste dagen, og på lagnaden - om han no er god eller vond». (= Trusartiklane i islam). Han [mannen] sa: «Du har sagt som sant er».

 

Og han [heldt fram og] sa: «Lat meg så få vite kva VELGJERNING (al-’ihsan) er». Han [Muhammad] sa: «At du tener Gud som om du såg Han. For sjølv om du ikkje ser Han, så skal du vite at Han ser deg».

           

Han [mannen] sa: «Lat meg så få vite kva TIMEN (as-sa‘at) er». Han [Muhammad] sa: «At han som blir spurt om Timen ikkje veit meir enn han som spør». Han [mannen] sa: «La meg også få vite kva som kjenneteiknar han». Han [Muhammad] sa: «At slavejenta føder si husfrue, og at du vil sjå dei berrføtte, dei nakne, dei naudlidande og sauegjetarane kappast om reise store byggverk».

           

Han [fortellaren] heldt fram: «Så gav han seg i veg, medan eg vart verande ei god stund. Då sa han [Muhammad] til meg: ‘Veit du kven han som spurde var, ‘Umar?’ Eg sa: ‘Gud og hans Sendebod veit best’. Då sa han: ‘Det var Gabriel. Han kom til dykk for å lære dykk religionen (din) dykkar’».

 

Ordliste:

‘islam:            overgiving, underkasting.

                        Seinare namnet på det nye religionssamfunnet.

din:                 religion meir allment.

‘iman:            tru.

‘ihsan:            velgjerning -  i tydinga «godt og vakkert».

sa’at:              time; i bestemt form («Timen»): dommens dag.