Faculty of Theology
University of Oslo

Digital Archive


Tittel: Islam ifølgje Koranen

Av Oddbjørn Leirvik

Kontekst: Lydforedrag til studieenheten VUKRL1, 1998-99.

Resymé:


«Har du lest Koranen?» Det er ikkje alltid så godt å vite kva ein skal svare når ein får eit slikt spørsmål. Sidan det er islam og kristen-muslimsk dialog som er mitt spesielle arbeidsfelt, har eg rimelegvis arbeidd ganske mykje med Koranen. Men måten å gjere det på har ikkje vore å sette seg ned og lese Koranen frå ende til annan. Dét er det då heller ikkje sikkert at ein får så mykje ut av, i første omgang. Fordi Koranen tilsynelatande berre føyer gudsord til gudsord utan nokon openberr samanheng, kan Koranen vere ei vanskelegare bok å lese enn Bibelen - vel å merke for folk som er vande med å lese Bibelen, og brukar Bibelen som eit mål på korleis eit heilagskrift skal vere.

I denne forelesinga skal eg prøve å gi dykk nokre inntrykk av kva slags bok Koranen er. Eg vil byrje med nokre refleksjonar omkring det litterære særpreget til Koranen. Derifrå vil eg gå til ein presentasjon av nokre sentrale passasjar frå Koranen, som kan gi oss eit inntrykk av det som er islams hjarteslag, og samtidig eit inntrykk av islams spenningsfylte rikdom.

Tekst og kontekst

Til forskjell frå Bibelen, som har ein samanhengande fortellingstråd gjennom mange av sine bøker, har ikkje Koranen noka byrjing eller slutt i den forstand. Kapitla, eller surene, som er 114 i talet, er ordna etter lengden. Bortsett frå opningskapitlet, står dei lengste først, og dei kortaste mot slutten. No finst det rett nok mange fortellingar i Koranen. Mange av dei kjenner vi igjen frå Bibelen - som historiene om Adam og Eva, Noah, Abraham, Josef, Moses, Maria og Jesus. Men i Koranen kjem fortellingane tilsynelatande hulter til bulter, og det er Gud sjølv som er den store fortellaren.

Heile Koranen ber preg av å vere Guds tale til menneska, med Muhammad som medium. Det er først når vi les kommentarlitteratur at vi kan få eit inntrykk av kva situasjonar dei ulike gudsorda vart talt inn i, og kva hendingar i Muhammads liv det var som gjorde det aktuelt å gjenfortelle ulike delar av bibelhistoria. Det kan f.eks. ha vore motstanden frå dei mektige handelsmennene i Mekka som minte Muhammad om den motstanden han hadde høyrt Moses møtte hos Farao i Egypt. Men Koranen sjølv gir oss sjeldan klare hint om kva situasjon gudsorda vart talt inn i - det vi gjerne kallar konteksten for gudsordet. Her er Bibelen annleis: sjølv om Bibelen ikkje utan vidare kan lesast som ei historiebok, får vi nesten alltid vite kva situasjon det var som kalla på det og det profetordet eller den og den likninga til Jesus. Som regel får vi også vite kven som er fortellaren. Medan Koranen berre refererer til «evangeliet» i eintal når han omtaler Jesu forkynning, er bibellesarar vande med å forhalde seg til fleire evangelie-fortellarar som alle har kvar sitt spesielle blikk på historia om Jesus: Vi taler om evangeliet ifølgje Matteus, Markus, Lukas eller Johannes.

Ulike litterære sjangrar i Koranen, og spørsmålet om Koran-tolking

Liksom Bibelen, er Koranen ei bok med fleire ulike litterære sjangrar. Vi finnfortellingar i rikt mål. Mange av dei kan ein som sagt kjenne igjen frå Bibelen - f.eks. fortellinga om Josef som blir sviken av brørne sine, men tilgir dei når han har blitt stor mann i Egypt. Fortellinga om Josef fyller heile kapittel 12 i Koranen, og blir kalla «den vakraste av alle fortellingar» (12.3).

Ein allmenn karakteristikk av Koranen kunne vere at det er ei bok fylt av teikn, guddommelege teikn i natur og historie som Koranen set ord på og kallar menneska til å reflektere over. Koranen i seg sjølv er eit underfullt teikn: Eit vers i Koranen blir kalla âya, som tyder teikn.

Formmessig er mykje av Koranen er prega av det ein kunne kalle profetisk poesi, eller meir presist: rytmisk prosa på rim. Det er dei poetiske profetorda som dominerer i dei første openberringane, dei som kom til Muhammad medan han enno var i Mekka. Etter at Muhammad emigrerte til Medina, og tok fatt på oppbygginga av det første muslimske samfunnet, endrar også språket seg, i meir «sakleg» retning. I desse delane av Koranen kan ein også finne døme på reine utkast til lovtekstar.

Eit døme på den poetiske og trøystande krafta i dei første openberringane frå Mekka-perioden finn vi i sure 93, der det heiter:

Ved formiddagens glød!
Ved nattens stillhet!
Ikke har din Herre forlatt deg, og ikke er han misnøyd med deg!
Enden skal bli bedre for deg enn begynnelsen.
Herren skal gi deg så du blir tilfreds!
Fant han deg ikke foreldreløs, og gav deg ly?
Han fant deg villfarende, og veiledet deg!
Han fant deg trengende, og gjorde deg uavhengig!
Så vær ikke hård mot den faderløse, og vis ikke bort den som ber.
Og hva Herrens godhet angår, så gjør den kjent!

Sjølv om konteksten er skjult, burde det ikkje vere vanskeleg å sjå for seg den foreldrelause mannen som blir funnen av Gud, og overvelda av ein guddommeleg bodskap som hans stammefrender i første omgang avviser. I stil med profetkallingane i Bibelen, trøystar Gud den redde profeten, og gir han forvissing om at framhaldet skal bli betre enn den harde byrjinga. Profeten bli mint om å hugse kor liten han kjende seg, og kor avhengig han var av Guds godleik då kallet kom til han, og ikkje gløyme dei avmektige når han seinare sjølv skal bli ein mektig folkeførar.

Det blir Muhammad i Medina, dit han emigrerer i år 622, det som er byrjinga på den islamske tidsrekninga. I Medina kjem gudsordet til han på til dels heilt andre måtar enn i Mekka. No treng Muhammad guddommeleg inspirasjon for å finne ut korleis han skal regulere livet til dei første muslimane. Lat meg sitere eit døme på det ein nærast må kalle lovtekstar frå Medina-perioden, nemleg eit vers i det 4. kapitlet som tar for seg korleis arven skal skiftast. Merk dykk den språklege avstanden frå den poesien vi nettopp siterte til den tørre jussen i det følgjande (4.12):

Gud bestemmer vedrørende deres barn: En mannlig arving tilkommer to kvinneliges andel. Hvis der er flere enn to kvinnelige (og ingen mannlig) arving, skal de dele to tredjedeler av arven, og er der bare én kvinnelig (under samme forutsetning), skal hun ha halvparten. Hver av avdødes foreldre skal ha en sjettepart av arven, hvis han efterlater barn. I motsatt fall arver foreldrene fullt ut, og moren får en sjettepart ... og så vidare, til verset konkluderer: Dette er en forordning fra Gud. Gud vet, - er vis.

Både Bibelen og Koranen har nok av lovliknande tekstar til at både jødedom, kristendom og islam kan stå fram som nettopp lovreligionar. Jødane diskuterer kontinuerleg korleis gamle mosaiske lovreglar skal forståast og eventuelt nytolkast. Det same gjer kristne, når det gjeld Paulus sine mange forordningar for livet i dei første kristne kyrkjelydane. Også innanfor islam finst det ein diskusjon om korleis Koranen sine lover skal tolkast. Skal det gjelde for all tid at kvinner berre skal arve halvparten av det menn arvar, som vi høyrde? Eller kan vi lese dette Koran-ordet som det første steget i retning av ein fullt utfalda kvinnerett, med lik arverett for kvinne og mann? Ein del muslimar vil hevde at nettopp her må vi sjå på konteksten for å forstå Koran-ordet rett: Koranen sin arverett vart formulert i ein situasjon der mannen hadde det heile og fulle forsørgjaransvaret. Likevel skal altså kvinna ifølgje Koranen få arve sin del, noko som ho ikkje utan vidare hadde rett til i det arabiske stammesamfunnet. I så fall kan dette Koran-ordet lesast som det første steget i retning av full likestilling mellom mann og kvinne. Men det er eit kontroversielt synspunkt. Dei fleste tonegivande muslimar vil nok hevde at Koranen sine forordningar står fast til evig tid, og at muslimar ikkje kan gå utover det som er Koranen sin ordlyd.

«Dei kjæraste Koran-orda»

No er Koranen likevel ikkje først og fremst ei lovbok. Det er ei bok som først og sist kallar til tru. Når eg i det følgjande skal presentere nokre av dei mest velkjende og velbrukte Koran-orda, skal eg gå fram på ein måte som kanskje kan minne litt om den kristelege mannakorn-metoden. Bibellesing etter mannakorn-metoden handlar om å hente fram oppbyggelege bibelord som gjerne er lausrivne frå sin samanheng, lære dei utanåt, og kunne sitere dei i passande samanhengar. Sjølv om mannakorn-tilnærminga er nokså tvilsam sett med akademiske auge, har den likevel sin verdi: Den viser at heilagskriftene lever sitt eige liv i den fromme sitt medvit, som kraftfulle ord som den truande gjer til ein del av seg sjølv. Mange kjenner også dei broderte bibelorda på veggen som før i tida var ei vanleg utsmykking i fromme heimar, f.eks. «Min nåde er deg nok».

Også i islam finn vi eit knippe med Koran-ord som fortener namnet «dei kjæraste Koran-orda». Det er ord som mange muslimar memorerer på arabisk, og som dei gjerne kan ha i skjønnskrift (kalligrafi) på veggen heime. Sjølv om «dei kjæraste Koran-orda» liksom bibelske mannakorn er lausrivne frå sin samanheng, kan dei like fullt gi eit fortetta uttrykk for det som er sjølve hjarteslaget i islam.

Når eg har valt å gå fram på denne måten, i den einaste islamforelesinga som vi tilbyr som fjernundervisning, er det også for å understreke at vi berre kan kome inn under huda på islam ved å lytte oss inn til sjølve den heilage teksten. For ein muslim er Koranen i seg sjølv eit guddommeleg under, på eit arabisk som ikkje kan etterliknast. Vi veit at mange muslimar memorerer Skrifta alt frå barnsbein av, på Koran-skulen, og slik gjer den arabiske Koranen til ein del av seg sjølv. Vi må nærme oss Koranen ved hjelp av ei norsk omsetting. Dermed går vi glipp av noko av den språklege musikken i den arabiske Koranen. Men eg trur at sjølv i norsk omsetting kan eit direkte møte med Koranen gi oss eit meir levande bilde av islam enn det ei reint saksorientert framstilling kan gi. Eg vil nemne at det er eit stort fortrinn ved den læreboka i islam som de skal bruke1 at Levi Eidhamar kombinerer si saklege framstilling med lange sitat frå Koranen (eller også Hadith - dei bindsterke samlingane av ord etter Muhammad). Desse sitata - først og fremst frå Koranen - fyller store delar av sidene i læreboka, og gir eit direkte møte med den levande heilagteksten.

Når vi no skal sjå på nokre utvalde Korantekstar, kjem eg for det meste til å bruke Einar Berg si norske riksmålsomsetting av Koranen.2 I dei tilfella eg siterer på nynorsk, har eg laga mi eiga omsetting. Tematisk skal eg først presentere eit Koran-ord som viser oss heilskapen i det islamske livsidealet, dernest nokre ord som viser kva Koranen meiner med tru. Så vil eg presentere nokre bøner frå Koranen, før eg tar for meg nokre passasjar som viser at Koranen kan gi haldepunkt både for utovervende, politiske islam-tolkingar, og meir innovervende, mystiske tolkingar av islam. Til sist vil eg gi eit glimt av kva Koranen har å seie om forholdet til jødedom og kristendom.

Heilskapen i det islamske livsidealet

Eitt av dei aller kjæraste Koran-orda for ein muslim samlar i seg heilskapen i det islamske livsidealet. I den andre Koran-suren står det (2.172):

Fromheten består ikke i at dere vender ansiktene (i bønn) mot øst eller vest.

Sann fromhet er:

Å tro på Gud og på Dommens dag, på englene, på Skriften og profetene,
og gi bort av det man har, om det enn er kjært, til slektninger, faderløse og fattige, veifarende og tiggere, og til frikjøping av slaver,

å forette bønnen, å utrede det rituelle bidrag, å overholde inngåtte avtaler,

å være tålmodig i ulykke og nød og i trengselens tid.

Disse gjør troen sann. Disse er de sanne gudfryktige.

Bak desse orda kan vi for det første skimte grunnelementa i den islamske trua - den femledda trua på Gud, på Dommens dag, på Englane, på Skrifta og Profetane. Dernest kan vi også skimte tre av dei fem søylene som skal vere fundamentet for einkvar muslims liv, her: trusvedkjenninga, dei daglege bønnene og velferdsbidraget. Men for det tredje - og det er det viktigaste - ser vi også korleis trusartiklane og dei rituelle pliktene blir sett inn i ein større samanheng. Det handlar om ei grunnleggande livshaldning og eit altomfattande livsideal, meir enn om bestemte trusartiklar og levereglar.

Tru ifølgje Koranen

Det finst også andre Koran-ord som viser at den islamske trua er langt meir enn trusartiklar. Tru ifølgje Koranen handlar om ei grunnleggande innstilling til livet, karakterisert ved skjelvande hjarte såvel som tillit til Gud:

Troende er de hvis hjerter skjelver, når Guds navn nevnes,
og som tiltar i troen når Hans ord leses for dem,
- de som forlater seg på Herren, som foretter bønnen,
og gir av det Vi har gitt dem .
Disse er de rette troende. De står høyt i rang hos Herren,
med tilgivelse og verdig omsorg (8.2-4).

Ifølgje Koranen er trua i denne grunnleggande meininga - som overgiving til Gud og hans vilje - faktisk ikkje noko eksklusivt for muslimar. Koranen finn trua også hos jødar og kristne:

Men, de troende, og jøder, kristne og sabéere,3
alle som tror på Gud og på Dommens dag,
og som gjør det som er rett,
de har lønn i vente hos sin Herre,
Over dem skal ingen frykt hvile, ei heller sorg (2.59).

Kanskje kan vi her merke noko av spenninga i Koranen sin måte å tale om tru på. «De troende» i det verset eg nettopp siterte, refererer til muslimane. Men samtidig taler verset også meir inkluderande om trua som grunnleggande gudsfordhold og kvardagsleg livsorientering. Muhammad såg nok i utgangspunktet trua på den eine Gud som noko som sameinte alle Abrahams barn. Men etter som islam tok form som eit sjølvstendig trussamfunn, vart trua også eit skiljemerke. Det kom klare åtvaringar mot dei som (ifølgje Koranen) lærer feil om Gud, f.eks. fordi dei taler om at Gud har ein son. Spenninga mellom den inkluderande trua på den eine Gud, og polemikken mot det som iflg. islam er ei feilaktig gudstru, finn vi sterkt uttrykt i eit anna av dei kjæraste Koran-orda. I det tredje siste kapitlet i Koranen (sure 112), står det:

Si, «Han er Gud, Én».
Gud, den éne Omsorgskilde.
Ikke har han avlet noen, ei heller har Han selv blitt avlet.
Ingen er hans like.

Men mykje av det som Koranen seier om Gud, kan underskrivast også av jødar og kristne. Eitt av dei mest velbrukte Koran-orda er det såkalla tronverset i 2.256. Det er eit lovprisingsvers, og lyder slik:

Gud! Der er ingen Gud uten Ham, den levende, Den som er.
Ham griper hverken tretthet eller søvn.
Ham tilhører alt i himmel og på jord.
Hvem kan vel utøve innflytelse hos Ham, uten Hans tillatelse?
Han kjenner det som var før dem, og det som efter dem kommer,
men av Hans kunnskap griper de intet, unntatt det Han vil.
Hans trones herredømme omfatter himmel og jord,
og å bevare dem koster ham intet besvær.
Han er den Opphøyde, den veldige.

Bøner i Koranen

Som vi høyrer, har dette sentrale lovprisingsverset i Koranen ei proklamatorisk form, ikkje ei bøneform. Men i nokon grad er Koranen også ei bønebok. Det er ikkje mange bøner i Koranen. Men den bøna som fyller det første kapitlet i Koranen har til gjengjeld same status i islam som Fadervår i den kristne tradisjonen. Lat oss høyre korleis Koranen sin «opningsbøn» (al-fâtiha) lyder, den aller mest brukte teksten i muslimane sitt fromhetsliv:

I namnet til Gud, den nåderike,
som er full av medkjensle.

Lova vere Gud, heile universet sin Herre,
den nåderike, som er full av medkjensle,
han som rår over dommens dag.

Deg tilber vi, og di hjelp søkjer vi.

Lei oss på den rette vegen,
vegen til dei som du har velsigna,
ikkje vegen til dei som har vekt din harme,
eller dei som fér vill.

Ei anna bøn finn vi på slutten av det andre kapitlet i Koranen. I vissa om at Gud stiller mange slags krav til menneska, og at dei som har levd før oss har måtta kjempe ein hard strid for trua, kan den fromme muslimen be slik (2.286):

Vårherre!
Straff oss ikkje om vi gløymer eller feilar.
Vårherre!
Legg ikkje på oss ei slik bør som du la på dei som gjekk før oss.
Vårherre!
Legg ikkje på oss noko som vi ikkje kan makte.

Forlat oss, og tilgi oss, og ha nåde med oss.
Du er vårt vern. Hjelp oss mot vantrua sitt folk.

Rett før Muhammad - på vegne av alle muslimar - bryt ut i bøn på denne måten, forkynner han at Gud forlanger ikke mer av noen enn det han kan makte. Han godskrives det han har fortjent, og belastes det han har fortjent. Slik står det på byrjinga av det verset eg nettopp har sitert. Liksom i den jødisk-kristne tradisjonen, finst det også i islam ei spenning mellom det å stå overfor eit guddommeleg krav og samtidig måtte søkje Guds nåde og hjelp. Men i islam finn vi nok jamt over ei tryggare forvissing om at mennesket faktisk kan greie å oppfylle Guds vilje, om det berre øver seg i fromheit og rettvise: Gud forlanger ikke mer av noen enn det han kan makte (2.286).

Politikk og mystikk

Korleis skal så gudstrua levast? Eg har allereie sitert Koran-ord som uttrykker den grunnleggande livshaldninga som Koranen kallar ein muslim til, i overgiving til Gud og hans altomfattande vilje. Likevel finst det forskjellar i måtar å leve ut gudstrua på. Også i islam finst det på den eine sida meir innovervende, mystiske retningar, og på den andre sida meir utovervende, politiske. Eg skal gi eit par døme både på Koran-ord som uttrykker samfunnskritikk og kallar til samfunnsomveltning, og Koran-ord som kallar til eit meir indre arbeid på sjela.

1.Samfunnskritikk og kamp for dei svake («politikk»)

Lat oss ta det politiske kallet først. Når Koranen taler om mennesket sitt ansvar innfor Dommens dag, er det ofte det sosiale ansvaret som står i fokus. Høyr berre dei kraftfulle orda mot dei sjølvtrygge handelsmennene i Mekka, frå det 102. kapitlet:

Eie-mest mentaliteten opptar dere til dere går i gravene!
Nei, sandelig, dere skal få å vite!
Så sandelig, dere skal få å å vite!
Nei, sandelig, om dere bare visste med visshets kunnskap!
Dere skal visselig se helvete!
Ja, sandelig skal dere se det med sikkert blikk!
Og så, på den Dag, skal dere visselig få svare for velstanden.

Eller kva med denne skildringa av dei som fornektar Gud og hans dom (sure 107):

Du har vel sett ham som fornekter Dommen?
Det er han som støter bort den foreldreløse,
og ikke oppfordrer til å gi den fattige mat.
Vé dem som holder bønn, men som ikke samler seg om den,
som bare gjør det for syns skyld, og som nekter å gi en håndsrekning!

Likskapen med dei bibelske domsprofetane, og med Jesu kritikk av den sosiale eliten og det religiøse leiarskapet i hans samtid, er slåande. Liksom mykje av Bibelen er også Koranen ei bok som tar parti. Side om side med kritikken av dei som i si velmakt fornektar Gud, står kallet om å kjempe for dei svake si sak. Ja, i eit vers i den fjerde Koran-suren synest Guds og dei svakes sak å vere eitt og det same (4.77):

Hva er det med dere? At dere ikke vil kjempe for Guds sak, og for de svake, - menn, kvinner og barn, som sier, «Herre, før oss ut fra denne by av illgjerningsmenn, send oss fra Deg en som kan ta seg av oss, en hjelper!»

Vi har sett at det finst ei spenning i Koranen, mellom ein inkluderande og ein ekskluderande måte å snakke om trua på. Det same gjeld nok kallet til å slutte opp om kampen for dei svake. I det verset eg nettopp har sitert, spør ikkje Gud etter kva trusvedkjenning folk har, men etter deira vilje til å kjempe for dei svake si sak. Men dette er ikkje heile biletet. Andre stader ser vi at Koranen også manar til kamp mot dei som blir kalla «vantru», f.eks. i det 8. kapitlet, frå Medina-epoken (8.61-62):

De vantro må bare ikke tro at de kan komme unna. De kan ikke forpurre noe.
Gjør klart mot dem alt dere makter av stridskrefter og rytteri, så dere kan sette skrekk i Guds og deres fiende og andre i tillegg, som dere ikke vet om.
Men Gud kjenner dem.

Kva er samanhengen mellom den inkluderande og ekskluderande måten å kalle til kamp på? Igjen må vi ta samtidskunnskapen, det vi veit om konteksten, til hjelp. Som ein grunntone i den openberringa Muhammad mottok, ligg protesten mot urettferda og dei brutale maktstrukturane i det arabiske stammesamfunnet, og i handelsmetropolen Mekka. Når Muhammad ropar ut Guds dom over dei som held dei svake nede, gjer han ikkje forskjell på tru. Kanskje såg han på seg sjølv som berre ein ny profet i tradisjonen etter Abraham. Men i Medina var situasjonen ein annan. Der vart islam til eit religionssamfunn, som byrja sjå seg sjølv i konkurranse med den mektige jødiske minoriteten i Medina, til dels også med dei arabiske kristne. I konkurransen om politisk kontroll i religionen sitt namn, er vegen kort til å kalle sine konkurrentar for «vantru». Tanken veks fram at islam ikkje berre er namnet på eit gudsforhold prega av total overgiving, men namnet på eit religionssamfunn som må kjempe for å verne sine interesser.

2. Det indre arbeid på sjela («mystikk»)

No er likevel ikkje islam berre kampens religion i denne forstand. Side om side med dei skarpe, meir politiske Koran-orda, står dei mjuke, meir innovervende orda som kallar til eit stadig arbeid på sjela. I Hadith-samlingane finst det eit kjent ord av Muhammad om dette. Der får vi vite at då Muhammad og hans følgjesveinar kom tilbake frå eit slag mot sine fiendar i Mekka, måtte Muhammad minne dei om at «Vi kjem tilbake frå den lille jihâd til den store jihâd». Jihâd er ordet for målmedvite arbeid, om nødvendig kamp, for Guds sak. Meininga med dette ordet av Muhammad, som fredsæle muslimske mystikarar likar å sitere, er at kampen på slagmarka berre er den lille jihâd. Den store jihâd, kunne Muhammad fortelle, er den kampen ein stadig må føre mot det vonde i seg sjølv.

Koranen taler realistisk om mennesket, og den kampen det må kjempe med seg sjølv. I tre kjende Koran-ord om menneskesjela står det for det første at sjela trår etter det vonde (12.53). Derfor må sjela for det andre gå i rette med seg sjølv (75.2). Gjer ho det, kan ho til sist kome så langt at ho finn den evige ro hos Gud (89.28):

Du sjel, som har funne ro,
vend tilbake til din Herre, tilfreds og godtatt.
Dette er Koran-ord som dei islamske mystikarane, sufiane, gjerne siterer. Det mystiske islam taler ofte i likningar, og kallar til indre opplysning meir enn til ytre samfunnsforandring. Eit sentralt uttrykk for dette er det såkalla lysverset i 24.35, som høyrer med til dei kjæraste Koran-orda for alle muslimar:

Gud er himmelens og jordens lys.
Hans lys kan lignes med en nisje hvor der er et bluss.
Blusset er omgitt av glass, som var det en funklende stjerne.
Det tennes med brenne fra et velsignet tre, et oljetre,
som ikke hører hjemme hverken i øst eller vest,
hvis olje nesten lyser uten at ild kommer den nær.
Lys over lys! Gud leder dem han vil hen til Sitt lys.
Han lager lignelser for menneskene.
Gud kjenner alle ting.

Ein annan stad får vi vite at «den hvis hjerte Gud har åpnet for Islam», han «vandrer i Herrens lys» (39.23).

Slik kallar Koranen både til indre opplysning, og til kamp for Guds sak i dei ytre forhold. Om ein kjem bakom det som for eit utrena auge kan verke framandt ved Koranen, vil ein fort merke at Koranen har mykje av den same rikdommen, det same mangfaldet og dei same spenningane i seg som Bibelen - spenninga mellom det famnande og det grensesettande, mellom det ytre og det indre, mellom det politiske og det mystiske.

Koranens syn på forholdet mellom Abrahams barn

Lat meg til sist i denne vesle «Koran-timen» gi eit eksempel på korleis Koranen tilrettelegg forholdet mellom jødar, kristne og muslimar, og handterer såvel fellesskap som forskjellar innanfor Abrahams familie. Koranen har mange passasjar som understrekar at tru er ei personleg sak, ja, til og med at Gud har vilja at menneska skulle tilhøyre ulike trussamfunn. Eit mykje sitert Koran-ord slår fast at Der er ingen tvang i religionen (2.257). Og i ein vakker passasje frå det 5. kapitlet finn vi ein invitasjon til det somme har kalla «ein guddommeleg olympiade i gode gjerningar». Her blir jødar, kristne og muslimar kalla til å kappast om å gjere det gode - på kvar sitt grunnlag. Høyr berre (5.53):

Om Gud hadde villet, kunne han gjort dere til et samlet trossamfunn,
men Han ønsket å stille dere på prøve ved det Han har gitt dere.
Så kappes i å gjøre det gode! Til Gud skal dere alle vende tilbake.
Han vil redegjøre for det dere var uenige om.

Så inkluderande kan Koranen tale om den gode kappestrid i Abrahams familie, der jødar, kristne og muslimar audmjukt og utifrå kvar sine innsikter kappast om å bere trua sine gode frukter - i vissa om at den fulle sanninga berre høyrer Gud til. Men også her er bildet spenningsfylt, og ikkje fullt så harmonisk som det kan verke om vi lar dette «religionsdialogen sitt mannakorn» stå åleine. For berre tre vers nedanfor møter vi Koranen si åtvaring til muslimane om ikkje å ha for mykje å gjere med jødane og dei kristne (5.56):

Dere som tror, slutt dere ikke til jøder og kristne! De henger sammen.
Den som slutter seg til dem, blir en av dem. Gud leder ikke urettferdige!

Så spenningsfylt er Koranen sin bodskap. Dei famnande orda står side om side med dei grensesettande. Truleg svarer spenninga til ei dobbel erfaring hos dei første muslimane: ei erfaring av både å ha gjenkjennande fellesskap med jødar og kristne, og samtidig - i stigande grad - kjenne på forskjellane og konkurranseforholdet. Slik er det i grunn med alle dei abrahamittiske heilagskriftene, og med heile historia til Abrahams barn. Også i den jødisk-kristne Bibelen og i det kristne Nytestamentet finn vi sterke spenningar mellom famnande og grensesettande gudstru, farga av ulike slag historiske erfaringar, og av ulik gudserfaring.

I andre delar av pensum får de sjansen til å lese dykk inn på delar av historia til Abrahams barn, nærare bestemt forholdet mellom jødar, kristne og muslimar i mellomalderen og tidleg nytid. De vil også få høve til å sette dykk inn i aktuelle dialogspørsmål som reiser seg når kristendom og islam møtest på nært hald i dag. Heile vegen gjeld det at heilagskriftene berre kan lesast i lys av den historiske situasjonen som omgir dei, og som fargar tolkinga av gudsordet.

Likevel har skriftene sitt eige liv, som heilage tekstar som pregar medvitet til dei som trur. Med denne førelesinga har eg prøvd å gi nokre smakebitar både av Koran-ord som formar medvitet til den jamne muslim, og ord som viser rikdommen og spennvidden i muslimane si heilage Skrift. Eg vonar at det har gitt meirsmak, og lyst til å studere Koranen nærare, med ein kombinasjon av ope sinn og kritisk blikk som det høver seg i møte med alle heilage tekstar.

«Så blir huden og hjertene myke ved tanken på Gud»

Kanskje kan det passe å avslutte med eit vers frå kapittel 39 (39.24), som viser korleis ein from muslim i sine beste stunder kan oppleve Koranen:

Gud har åpenbart det skjønneste budskap,
en bok med indre samklang i sin hovedsak,
som får dem som frykter Gud til å grøsse.
Så blir huden og hjertene myke ved tanken på Gud.
Dette er Guds ledelse.

Fotnoter:

1 Dagfinn Rian og Levi Geir Eidhamar: Jødedommen og islam, Høyskoleforlaget 1995.
2 Koranen. Norsk-arabisk utgave tilrettelagt i oversettelse av Einar Berg, Universitetsforlaget 1989.
3 Anten det mandeiske religionssamfunnet i dåtidas Irak, eller namnet på syriske stjernedyrkarar.


Odddbjørn Leirvik/ Det teologiske fakultet Copyright 1998