Torkel Brekke:

Religion og vold, Humanist forlag, Oslo 1999 (144 s).

 

Bokmelding ved Oddbjørn Leirvik, trykt i Nytt Norsk Kirkeblad 2:2000.

 

Ifjor gav Humanist forlag ut ei viktig og høgst lesverdig bok om religion og vald. Forfattaren, Torkel Brekke, har ein doktorgrad frå Oxford om opphavet til religiøs nasjonalisme i Sør-Asia. I boka auser han av sine solide kunnskapar om religion, politikk og vald i den asiatiske konteksten, og viser også at han har god oversikt over den kristne, europeiske og islamske problemhistoria.

         I innleiinga markerer han sin posisjon som «en moderat form for det man kan kalle historisk idealisme», og kritiserer den historiske materialisme for å hindre ei djupare forståing for korleis dei religiøse ideane i seg sjølv kan vere årsak til vald. På den andre sida går han ikkje i den vulgær-humanistiske fella å karakterisere religionane som tikkande bomber under den hardt tilkjempa rasjonalistiske sivilasjonen. Han skriv nyansert om korleis omsynslaus heilagkrigstenkjing brytest mot moderate teoriar om den rettferdige krigen, dels også pasifistiske syn, i dei store religionane. Og han ser like dramatiske problem i kommunismens og den moderne nasjonalismens historie som i religionshistoria.

         Boka byrjar med eit kapittel om det Brekke kallar «den ordensskapande valden». Her viser han korleis mytiske valdshaldningar er ein integrert del av forestillingane om skaping og kosmisk orden både i jødisk-kristen, indiansk (aztetisk) og hinduisk tradisjon. I det andre kapitlet drøftar han millenianisme og dommedagsforestillingar i ulike religiøse tradisjonar. Han peikar mellom anna på den grunnleggande ambivalensen mellom pasifistiske og valdsromantiske tendensar i kristen milleniarisme, særleg slik dette kom til uttrykk i den radikale delen av den tyske reformasjonen. Han tar også opp militant endetidsforventning i islam, og - kanskje meir uventa for mange - dei valdsinfiserte draga i buddhistisk kongeideologi og i forventningane om den komande verdsherskaren eller Maitreya Buddha. I Brekkes framstilling blir såleis heller ikkje buddhismen ståande som eit fredsælt unntak i religionshistoria, noko som blir enda tydelegare i hans framstilling av buddhistisk nasjonalisme på Sri Lanka.

         I eit lengre kapittel om «korstog og politikk» viser han så korleis heilagkrigstenkjing brytest mot modererande teoriar om den rettferdige krigen i kristendom, islam, hinduisme samt i moderne, sekulær krigstenkjing. Han skriv instruktivt om spenninga mellom jus ad bello (rett til å gå til krig) og jus in bello (å føre krig på rett måte) i dei ulike tradisjonane. Han peikar også på at i alle tradisjonar finn ein eksempel på at ein er villig til å la alle grenser for krigføringa falle «hvis fienden ... sees som inkarnasjoen av universets mørke krefter». Slik Brekke ser det, har denne typen demoniserande retorikk vore med på å gjere vestmaktene kjenselause for dei lidingane som isolasjonen av Irak påfører sivilbefolkninga.

         I det avsluttande kapitlet går han konkret inn på ein del moderne eksempel på valdsinfisert, religiøs nasjonalisme - med indisk hindu-nasjonalisme og buddhistisk nasjonalisme på Sri Lanka som dei tyngste eksempla. Han har også interessante refleksjonar omkring det kortvarige og lite kjende muslimske statskuppet på Trinidad og Tobago i 1990, som eit tankevekkande eksempel på aksjonskrafta til ei lita, men ideologisk konsolidert gruppe. Fellesnemnaren mellom dei breie, nasjonalistiske rørslene og dei mindre aktivistgruppene han omtaler er, slik Brekke ser det, «den identitetsskapende volden».

         Hans konklusjon er denne: «hvis man påstår at religionen bare er et resultat og aldri årsak til politiske og samfunnsmessige prosesser, ja da tildeler man religion en altfor passiv rolle i historien» (s. 126). Tru no ikkje at Humanist forlag utgir boka som enda eit eksempel på at religionen er rota til alt vondt i denne verda. Tvert om viser Brekkes bok korleis tanken om «den hellige og ubegrensede krigen» brytest med teorien om «moderate rettferdige krigen» i alle religionar, og at dei som trudde at rasjonelle argument kunne løyse alle konflikter han vist seg å ta «skammelig feil» (s. 127).

         Boka legg relativt liten vekt på dei pasifistiske tendensane i dei store tradisjonane. Men det kan Brekke vanskeleg klagast for, så lenge formålet med boka er å vise kva i dei religiøse tradisjonane som er med på å fremje identitetsskapande vald, samt korleis ein i dei store tradisjonane prøver å regulere valdsutøvinga ved hjelp av teoridanningar om den rettferdige krigen.

         «Religion og vold» vil kunne vere eit godt utgangspunkt for ein ærleg religionssamtale om krig og fred, der ingen tradisjon har grunn til å rose seg på dei andres kostnad. For eiga rekning vil eg legge til at boka også er ei sterk påminning om at ein moralsk kritikk av sjølve heilagskriftene er uomgjengeleg, i alle tradisjonar. Vi må slutte med den fromme talen om korleis religionane har blitt «misbrukt» i historia. For problemet ligg i sjølve den heilage teksten. Voneleg kan heilagskriftene også sette oss på sporet av korleis den identitetsskapande valdens vonde sirkel kan brytast. Men då må vi først erkjenne at heilagskriftene i seg sjølve er motsetnadsfulle i så måte.


Oddbjørn Leirvik