Sufisme (islamsk mystikk)
                                              

Tekstane er henta frå Kari Vogt: Islams hus (1993), kap. om ”Sufismen”
og Oddbjørn Leirvik: Islamsk etikk
(2002), kap. om ”Sufi-etikken og vendinga innover”

 

 

Vekt på den einskildes ansvar:

 

Hasan al-Basri, d. 728.

 

Å, Adams sønn! Du skal dø alene. Ensom stiger du ned i graven, og ensom skal du oppstå fra de døde. Og alene stilles du til regnskap på den ytterste dag!

 

Askese:

 

Ein tidleg sufi-meister:

 

En natt fant Abu Jazid ingen glede i bønnen. ‘Se om det er noe av verdi i huset’, sa han. Disiplene hans så etter, og oppdaget en liten drueklase. ‘Gi den bort’, sa Abu Jazid. ‘Mitt hus er ingen fruktbod’. Deretter kunne han vende tilbake til bønnen igjen.

 

Jesus ifølgje Hasan al-Basri:

 

Mitt daglege brød er svolt, mitt ordensteikn er frykt, mi drakt er av ull, min gangar er min fot, mi lykt om natta er månen, min eld om dagen er sola, og mine frukter og duftande urter er slikt som jorda ber fram for villdyra og buskapen. Eg eig ingenting, og likevel er ingen rikare enn meg

 

Kjærleiksspråk:

 

Rabi‘a al-Adawiyya, kvinnelig sufi-mester (d. 801)

 

Å, Herre, om eg tilbed Deg av frykt for helvetet, så brenn meg i helvetet. Om eg tilbed Deg i von om paradiset, så steng meg ute derifrå. Men om eg tilbed Deg berre for di eiga skuld, så nekt meg ikkje Di evige skjønheit.

 

Kjærleikens samansmelting med Gud:

 

al-Hallaj, irakisk sufi, avretta for blasfem i 922:

 

Jeg er Ham jeg elsker og Han jeg elsker er meg.

To sjeler i ett legeme. Ser du meg, ser du Ham. Og ser du Ham, ser du oss begge.

                                              

Mystisk kjærleikspoesi: ”eg er Din, og du er Min”

 

Rumi, persisk sufipoet, d. 1273 i Konya:

 

Ein forelska mann fekk endeleg lov å kome inn til henne han elska. Men istadenfor å omfamne henne drog han ut ei remse med papir og byrja lese for henne sonettar der han skildra hennar fullkomne skapnad og sjarm, og sin eigen kjærleik til henne. Då sa elskarinna til han: ”No er du her saman med meg. Alle desse forelska sukk og påkallingar er bortkasta tid. Ein sann elskar kastar ikkje bort tida på denne måte. Dette viser berre at det ikkje er eg som er målet for din ømme kjærleik, men at du er forelska i dine eigne utgytingar og ekstatiske raptusar. Eg ser det vatnet eg har lengta slik etter rett framfor meg, og likevel held du det tilbake. Eg er faktisk i Bulghara, medan føremålet for kjærleiken din er i Cathay. Men den som verkeleg er elska skulle vere det einaste føremålet for elskarens kjærleik, og alfa og omega for hans lengt. Men du, du er heilt innhylla i dine eigne, forelska raptusar, i stadig skiftande kjensler, istadenfor å vere innhylla i meg.

 

Evig liv får ein berre ved heilt å oppgi sitt eige liv. Når Gud viser seg for sin brennande elskar, blir elskaren heilt oppslukt av han, og ikkje så mykje som eit hårstrå av elskaren blir tilbake. Sanne elskarar er som skuggar. Når sola skin i all sin herlegdom, svinn skuggane. Berre han er ein sann elskar som Gud seier til ’Eg er din, og du er Min!’”

 

Kjærleiken driv frykta ut (Rumi):

 

Mystikaren stig opp til (den guddommelege) Trona på ein augneblink,

asketen treng ein månad berre på eí dagsreise.

Sjølv om eín dag er av stor verdi for asketen,

korleis kan denne eine dagen liknast med femti tusen år?

I livet til meisteren er kvar dag lik femti tusen år i denne verda ...

Også kjærleik og elskhug er gudsattributtar.

Frykt er for den som er ein slave av lyst og grådigheit ...

Kjærleiken har fire hundre vingar, og kvar vinge når frå lyshimmelen til under jorda.

Den fryktsame asketen spring til beins, han som elskar Gud flyg fortare enn lynet.

 

*

 

Jesus (fred vere med han) bruke ofte å le, Johannes Døyparen gret mykje. Johannes sa til Jesus: ’Du har blitt altfor sjølvtrygg andsynes dei finare forføringane, sidan du ler så ofte’. Jesus svarte: ’Du må ha gløymt Guds hemmelege, vakre og vidunderlege nåde og miskunn, sidan du gret så mykje!

 

 

 

Rusa av den guddommelege kjærleiken:

 

Ayatollah Khomeini, Kjærlighetens beger, dikt frå 1986-89:

 

Jeg lengter etter vinbegeret fra den Elskedes hånd.

Hvem forstår hemmeligheten? Hvor kan jeg bringe sorgen?

 

I lengselen etter å se min Venn har jeg mistet min sjel.

Jeg er som et brennende strå, et insekt trukket til lyset.

 

Den smussige kappen og hykleriets bedeteppe

skal jeg sønderrive dem foran vinstuens dør?

 

Hvis Vennen rekker meg kjærlighetens beger

vil jeg, beruset, kaste av meg sjelen, tilværelsens kappe.

 

 

Sameint på tvers av religionsgrenser:

 

Rumi:

 

Elskarane si sekt er forskjellig frå all andre si. Elskarar har sin eigen religion og si eiga tru. Sjølv om rubinen ikkje har noko merke, kva forskjell gjer det? Kjærleiken er utan redsle i eit hav av frykt.

 

I tilbedinga og velsigninga til rettvise menn er lovprisinga til alle profetane elta saman, og renn saman til eín straum. Alle kar blir tømde i ei krukke. For han som blir lovprist er ein og berre Ein. I denne meininga er alle religionar berre eín religion. For all lovprising rettar seg mot Guds lys. Dei ulike former og skapnader er berre lånte frå lyset.

 

Ibn Arabi, f. i Spania 1165, d. 1240:

 

Mitt hjerte er åpent for alle former;

det er gasellens beitemark, kristne munkers kloster, tempel for idoler,

pilegrimenes Ka‘ba, stedet for Toraens tavler og Koranen.

Kjærligheten er min religion,

hvor Hans karavaner enn drar er Kjærligheten min religion og min tro.