Magnus Rindal

Magnus RindalStilling: Professor i nordisk språkvitskap
Arbeidsstad: Gammalnorsk ordboksverk, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

Postadresse: Postboks 1001 Blindern, 0315 Oslo
Besøksadresse:Henrik Wergelands hus, 3.etasje
Telefon: 22856948
Telefaks: 22854381
E-post: magnus.rindal@inl.uio.no

Frå 1. august 1989 har eg vore tilsett som professor ved Universitetet i Oslo, etter å ha arbeidd i 20 år ved Universitetet i Bergen, der eg tok mi utdanning. Fleire opplysningar om personalia, utdanning, stillingar, verv o.a. finst på min CV.

Fagfeltet mitt er norrøn filologi, dvs. studiet av språk, litteratur og kultur i Noreg og på Island i mellomalderen, basert på arbeid med skriftlege kjelder. Eg har drive forsking, undervisning, rettleiing og formidling på eit breitt felt. Meir om dette under Fagleg verksemd og Publikasjonar.

Eg har alltid vore interessert i, og delteke i, universitetspolitikk og forskings-og utdanningspolitikk. Eg vil særleg nemne at eg har vore dekanus og medlem av Kollegiet ved Universitetet i Bergen, medlem av Kollegiet ved Universitetet i Oslo og områdestyreleiar i Noregs forskingsråd. No er eg leiar av Noregsnettrådet. Ei fullstendig liste over mine verv finst i Administrative og faglege verv.