Historikk

av Erling Hagesæter

Den dekorative målinga som voks fram rundt om i landet på 1700-talet og første halvdel av 1800-talet, har fått namnet rosemåling. Best kjend er kanskje rosemålinga frå Telemark og Hallingdal. Elles hadde mange bygdelag sine rosemålarar i den tida. Det er sikkert mange grunnar til at denne særeigne stilen blei til og fengde slik i bygdene våre. Medan treskjæing og smedkumst hadde gamle tradisjonar, kom rosemåling som noko nytt.

I form og teknikk henta ho impulsar frå renessansen og barokken. Seinare kom C- øg S-formene frå rokokko. Bygdemålarane brukte det dei fann i desse motiva, og dikta vidare på dei på sin eigen, sjølvstendige og originale måte. I dei ofte fargelause tømmerstovene fekk dei rik tumleplass for pensel- og fargebruk både på møblar og på vegger og tak. For oss kan desse stovene ofte synast overdekorerte, men vi må medgi at rosemålinga gav nytt liv til interiøret. Kyrkjemålinga, som hadde tradisjonar lenger tilbake, kunne også gi impulsar til målinga i stovene utover i bygdene. I førstninga var motiva noko enkle og arbeidet grovt gjort, men etter kvart som teknikken utvikla seg, blei det heile meir nitid og skjønsamt utført. Ser vi pa arbeid frå ulike bygdelag, finn vi at dei har sine særdrag både i form og farge og i måten dei er måla på. Men vi kan også sjå døme på at målarar frå ulike bygdelag må ha lært av kvarandre. I Telemark er ornamentet fritt og lett i komposisjonen, og dekoren fyller ofte heile flater av ulik form. Hallingrosene vitnar og om ei fri og dristig penselføring, men er gjerne meir bundne i forma. Begge stader blei C- og S-formene etter kvart flittig brukt. I nokre bygdelag pa Vestlandet, der det finst gammal rosemåling, var motivvalet meir variert. Elles var det akantusblomt som dominerte.
Fargebruken syner overalt god smak og rik fargeglede. Fargane var gjerne høgt oppstemte, men målarane fekk ofte fram fine harmoniar. På Vestlandet kan ein finne einfelte harmoniar i svart, kvitt, gult og raudt. I Telemark og Hallingdal kunne fargebruken derimot vere meir vågal. Arbeidsmåten kunne og variere målarar og bygdelag imellom. Det som skulle dekorerast, måtte først grunnmålast med ein underfarge. Dei måla da eitt eller to strøk dekkfarge, eller dei brukte laserande fargar, som gav eit tynnare lag på treflata slik at den naturlege teikninga i treet skein igjennom. Først når underfargen var tørr, tok dei til med sjølve rosemålinga. I Telemark hadde dei så den teknikken at dei gnei flata inn med kokt linolje før dei måla dei grøvste hovudformene. Dei tok ofte to fargar på penselen samtidig og kunne da spare ein del konturlinjer eller sløyfe dei heilt. Denne arbeidsmåten var mykje brukt og er særs god også for oss som er utan større røynsle i penselbruk.

Ornamentikken i rosemålinga kan ofte gi inntrykk av å vere improvisert. Det er lite truleg at målaren teikna opp noko mønster på førehand. I Telemark kan ein såleis ofte sjå at det er gått lett over oppteikninga. Ein måla gjerne etter ett mønster ein hadde i minnet, og dikta der det høvde. Det såg då gjerne noko rotet ut før det heile blei pynta til med linjer og detaljar som fylte ut flata. På den måten voks rosemønsteret fram under penselen med bladrankar, stilkar og strå i ein livleg leik med fargar og pensel. Mellom all den livfulle ornamentikken kan ein og finne døme på nøktern og varsam komposisjon. Enda om desse ornamenta, som er bygde opp på eit strengare grunnskjema, kanskje utgjer ein mindre del av rosemålinga, representerer dei ofte noko av det finaste i dekorativ måling frå denne perioden. Det kan vere husbunad og ymse bruksting, ølbollar, fat og krus med ulike former. Når det gjeld slike bruksting, var snikkaren og målaren ofte same mannen, utan at ein dermed kan seie at alle snikkarar eller målarar hadde like vidfemnande artistisk givnad. Dei som skapte gode former og ornament, anten det var i tre, smijern eller dekorativ måling, var kunstnarar som prega utviklinga på sitt område. Dei arbeidde fritt og sjølvstendig, og forma arbeidet sitt ut frå materialkunnskap fantasi og praktisk dugleik.


Hjem | Historien | Lenken med NL | Litteratur | Akantus | Forbruksmateriell | Rosemalere | Trevareprodusenter | Lenker | Kontakt
Copyright © 1999-2017 Olav Schreurs. All rights reserved.