Nasjonalisme og globalisering

(Syn og Segn, nr. 4/2001)
 
 

Når ord skiftar meining

Ord kan skifta meining, og det kan skje fort. Det gjeld til og med ord som har sterke kjensler knytte til seg.

"Nasjonen" og "det nasjonale" var til for nyleg nokre av dei mest positive ladde ord i språket. Den som vart sagt å ha nasjonal haldning, var ein heidersmann. Det kunne og vera bra å ha ei internasjonal orientering, men "kosmopolitisk" vart helst rekna som uttrykk for noko rotlaust og overfladisk.

Desse tydingane kan fortsatt vera utbreidde, mellom folk flest. Men ikkje i dei krinsane som nydefinerar orda, det vil seia mellom mediafolk, ein del kjendisar og politikarar og også mellom ein del med tilknyting til forskning og undervisning. Her blir det nasjonale fort vekk kopla til anten noko innestengd, innskrenka og gamalmodig eller det blir sett på som noko intolerant, framandfiendtleg og farleg. Ordet har fått ein negativ konnotasjon.

Det kan her vera grunn til å nemna ei undersøking som den statlege maktutgreiinga nyleg offentleggjorde om haldningar til suverenitet. Her synte det seg mellom anna at elitepersonar med tilknyting til næringslivet var svært lite opptekne av farane ved tapt nasjonal suverenitet 1). Samstundes vert spørsmålet om arbeidsinnvandring i stor grad helst sett som eit økonomisk spørsmål, utan at kulturelle konfliktar blir oppfatta som ein ufråkomeleg del av biletet. Spørsmålet om eit "multikulturelt samfunn" vil representera eit framsteg for folk som har vore gjennom ei vellukka nasjonsbygging, er gjennomgåande lite vurdert.

I dag er det ikkje så mange som talar om det kosmopolitiske lenger. Ordet har vorte avløyst av "globalisering", som blir oppfatta som eit uttrykk for noko som både skulle vera framtidsretta, ope, tolerant, gjerne også fredsfremjande. Den som skifter identitet frå det nasjonale til det globale skulle dermed ha gjort ein overgang frå ein uheldig til ein rett identitet.

Mange journalistar nyttar desse orda dels for å karakterisera fenomen dei fortel om, dels for å forklara det dei skal fortelja om. Om omtalen gjeld folk som vil auke stønaden til distrikta eller som vil bremsa innvandringa eller det gjeld folk som er imot EU-byråkratiet, eller for den del, om det gjeld serbarar som slåss på Balkan eller ulike grupper i Nord-Irland, så blir dei alle karakteriserte som "nasjonalistar". Dermed er det òg gitt ei slags forklaring på kvifor dei er som dei er, og det er ikkje nausynt å gå djupare ned i det dei eigentleg meiner. Dei er allereide stempla.

Karakterisering og stempling utan at dei det gjeld får koma til orde på eigne premissar, er ein del av eit maktspråk. Det er grunn til å vera kritisk til slik ordbruk. Det kan derfor vera grunn til å sjå nærare på ordbruken og kvifor han har endra karakter. Og det kan vera grunn til å sjå nærare på dei fenomena som blir omtala.
 

Nasjon og nasjonalisme

Ordet "nasjon" kjem av latin natio og tyder fødsel. Ein nasjon kunne då tolkast som eit folk med felles opphav. I praksis har tydinga vore vidare. Ein nasjon er ei politisk-kulturell eining der borgarane kjenner seg som eit folk. I historisk samanheng har "nasjon" vore nytta om statar og om andre meir og mindre politiske fellesskap som er større enn dei eit individ kan ha hatt kontakt med. Folk kjenner seg som del av ein nasjon fordi dei orienterar seg mot felles sosiale ideal og kulturelle symbol, ikkje fordi dei kjenner kvarandre som individ.

Det kan til dømes argumenterast for den oppfatninga at nordmenn alt tidleg kunne sjåast som eit folk, skilt frå danskar og svenskar - i alle fall av somme, jamfør forteljinga i Snorre om slaget ved Svolder. I nyare tid er det vanleg å skilja mellom ein såkalla dynastisk nasjonalisme, som bygde på oppslutning om konge og stormenn som representantar for nasjonen, og ein demokratisk nasjonalisme, der folket har vore sett som utgangspunktet for nasjonsbygginga.

Utviklinga fram mot nasjonalstaten har dels politiske føresetnander - ein del premissar frå den franske revolusjonen - dels kulturelle førestenader. Filosofen Herder står sentralt bak tankane om kva det vil seia å vera eit folk. Herder tala om folkeånd og såg språket som det sentrale kjenneteiknet på eit folk. Det har vore sagt at dei statar fungarar best der dei kulturelle og politiske grenser fell saman. Nasjonalismen er eigentleg eit program for slike samfunn. Då vil den indre solidaritet kunna bli sterk, og kunna bli det utan politimetodar.

Forholdet mellom nasjonalisme og demokrati er tvitydig, liksom desse orda er det. I norsk historie gikk nasjonal reising og demokratisk vokster langt på veg hand i hand. men slik var det ikkje alltid. Den tidlegare tyske førardyrkinga - som representerte ei spesiell vidareføring av den dynastiske nasjonalismen - gir døme på ei anna utvikling. Det kan gå ille om den kulturavhengige ethnos ikkje blir utvikla saman med den demokratisk veljande demos. Men det kan også oppstå problem dersom ein einsidig dyrkar demos utan samstudnes å utvikla nasjonen som ei kulturell eining.

Historikaren Arne Bergsgård har nemnt fem kjenneteikn eller dimensjonar for nasjonalitet: Målet eller språket, tru og religion, ætt og tilknyting til føregåande og komande generasjonar, landet /fedrelandet og identifikasjon med ei felles politisk historie 2). Der ein eller fleire av disse dimensjonene manglar, er det grunn til å vente at andre dimensjonar må gjerast desto sterkare dersom det nasjonale samhold skal halda, også i krisetider. I sume statar der ulike folkegrupper har mangla felles nasjonal fortid, har dette vore kompensert med sterke politiske program for ein overnasjonal misjon. USA, Sovjetunionen og Jugoslavia er døme på dette.

Den ting at eit folk og ein nasjon ikkje er naturgitte einingar, har i vår tid fått ein del postmodernistar til å hevda at då må nasjonalitet berre vera ein konstruksjon, gjerne funne på av ei overklasse. Då må det vera slik at det blir opp til kvar og ein å velja kva ein vil identifisera seg med og kva ein vil forkasta av ein overlevert nasjonal kultur.

Ei slik oppfatning kan godt passa inn i eit postmoderne kulturklima, og også sameinast med en del nyliberale oppfatningar om det suverene individ og om samfunnet berre som eit yrtre statsapparatet med ei velferdskassa. Dette uttrykjer likevel ei svært mangelfull kulturforståing og ei manglande innsikt i korleis ulike kulturformer har ulike funksjonar med tanke på for overlevingsdyktig eit samfunn kan vera.
 

Nasjonalstatens funksjonar

I kultursosiolgisk perspektiv er det sjølvsagt at ein nasjonalstat ikkje berre er ei administrativ eining, på eit mellomnivå mellom det lokale og det globale. Nasjonen er heller ikkje berre eit objekt for subjektiv identitet. Nasjonalstaten er ei eining der samanfall mellom kulturelle og politiske grenser gjev grunnlag for mange funksjonar, også slike som sjeldan blir gjort til tema for politisk debatt.

Pragmatiske politikarar kan diskutera velferdstilbod og også appellera til "solidariteten". Men dei spør sjeldan kva som er føresetnaden for at folk i Sør- Noreg frivillig skal gje skattepengar til folk i Nord-Noreg. Det er ikkje naturgitt at folk i Agder og Troms skal kjenna seg som del av same nasjon. Desse kjenslene er avhengige av at folk både i nord og sør orienterar seg mot ein felles kultur, at denne kulturen har ei viss tyngde og at han blir gjenskapt for kvar generasjon.

Det er heller ikkje opplagt at politiske vedtak som kan vera støtta av eit fleirtal innafor visse statsgrenser, skal opplevast som moralsk forpliktane også av dei som er ueinige i vedtaka. Den moralske dimensjonen i ein nasjonal kultur er her heilt avgjerande for at dette skal fungera 3).

Når den nasjonale kulturen har forma folk, og samstundes gjeve ei ramme for kommunikasjon og utfalding, kan det utviklas ein einskap mellom individ og kollektiv kultur. Nasjonen er større enn individet, men kan stå meir og mindre for det same. Nasjonen er, med si fortid og framtid, ei forlenging av individet sitt liv. Når folk vil gi sitt liv for fedrelandet har det slike føresetnader.

Ingen nektar for at moderne livstilhøve gjev andre rammevilkår enn dei som nasjonalstaten tidlegare måtte tilpassa seg. Overnasjonale einingar har fått større makt enn før, både når det gjeld formell politisk lovgjeving, når det gjeld økonomiske konkurransetilhøve og når det gjeld kulturell påverknad. Nasjonalstaten kan og ha vorte utfordra av lokale grupper og av innvandrarar med ein framand kulturbakgrunn. Men ingenting av dette har gjort nasjonalstaten avlegs 4).

Det nye er ikkje at nasjonalstaten manglar funksjonar i nyare tid, men at desse har vorte meir spesialiserte og delt mellom både lokale og globale einingar. Mellom anna må moderne menneske, i større mon enn tidlegare, forhalda seg til fleire sirklar for tilknyting og identitet, frå det familiære, til det lokale, til det nasjonale, til politiske og kulturelle sivilisasjonsgrenser og til det globale.

Somme tolkar dette som ei generell endring i grunnlaget for folks identitet, frå små til større einingar. Men det vanlege er truleg å tolka det moderne samfunn slik at den nasjonale identiteten blir utfordra både "oppover", mot det overnasjonale og "nedover, mot det regionale og lokale. Samtidig blir det ote vist til at moderne samfunn inneber ei indre oppsplitting i ulike gjeremål og roller, og dermed også i ulike livsoppfatningar og kulturell identifikasjonar.
 

Er nasjonalismen ekskluderande?

To argument mot nasjonalismen går stadig igjen: Nasjonalisme verkar ekskluderande. Nasjonalisme fører til krig. Bak desse anklagane ligg gjerne oppfatningar om at vi kan velja eit globalt alternativ, der opplyste individ finn fram til noko som er universelt, inkluderande og fredeleg - eller oppfatningar om at den internasjonale rettsorden og ein overnasjonal politisk orden kan gi tilstrekkeleg kulturell identifikasjon og politisk stabilitet, som motvekt til nasjonalstatar med ulik kulturell identitet 5).

Trass i at nasjonar kan vera store eller små, kan vi omtala nasjonar som einingar på eit mellomnivå mellom det lokale og det globale. Uansett storliek på statane: i den grad dei blir karakteriserte av felles kulturelle kodar, i samme grad vil dei også verka ekskluderande - til dømes er det slik at grunnverdiane i ein patriarkalsk og tradisjonalistisk stat ikkje så godt går saman med fleire av grunnverdiane i ein moderne velferdsstat. Slik sett er det sjølvsagt at "det nasjonale" kan verka "eksluderande", i den meing at ikkje alle menneske i same grad kan inkluderast i same nasjon. Dette gjeld ikkje berre for statar: tilsvarande kan bli sagt om lokale og regionale einingar.

Ut frå sosialiseringsteori veit vi at det er naudsynt for menneske å ha eit forhold til sosiale og kulturelle einingar på eint nivå der vi-kjensla kan omfatta mange sider ved ein person, og det vil seia einingar som ikkje er for store. Utan slik tilknyting til små einingar, er det lite truleg at vi etter kvart kan utvikla reell tilknyting til større einingar. Men her er det ikkje berre utviklingspsykologien som kjem inn. Omgrepet "eit vi" føreset ein motsetnad til "eit ikkje-vi", til eit bilete av "dei" som noko anna enn oss. Utan eit slikt bilete av motsetnaden til vi-et, vil vi knapt kunna overskrida dei avgrensingane vi først identifiserar oss med. Og sosiologisk sett kan det bli sagt at ein sosial personlegdom blir utvikla i eit samspel mellom personlege impulsar og forventingar frå andre som er viktige for oss. Vi kan ikkje hoppa bukk over slike avgrensingar og byrja med å identifisera oss som verdsborgarar.

Det er fleire grunnar til at vi ikkje kjem unna ein viss "ekskluderande" vi-identitet. Vidare er det slik at styrken i ein vi-identiet ligg i at det blir opplevd som positivt å høyra til i fellesskapet, og ei straff å bli sett utafor.

Men det kan og seiast skarpare: Utan normer, ingen samfunn. Utan sanksjonar ingen normer. Den mest utbreidde sanksjonsforma mot normbrot er trugselen om å bli støyt ut frå fellesskapet, bli eksludert. Oftast tek sanksjonane berre form at eit blikk, ein smil, ein replikk eller ei rørsle som signaliserar at eit medlem er på veg ut frå varmen. Når ein person oppfattar slike signal, vil han helst gjera eit eller anna for igjen å signalisera at han ønskjer å bli rekna som ein del av fellesskapet. Vi er sosiale vesen som reagerar på trugsmål om eksludering. Kultursosiolgisk sett er dette eit vilkår for at vi skal kunna utviklast til moralske vesen, som let omsynet til fellesskapet vega tyngre enn omsynet til eigeninteressa.

Tilknyting til eit fellesskap er noko vi må gjera noko med for å halda på det. Dette ser vi døme på i alle sosiale samanhengar. Sett fra ein idealistisk ståstad kan det oppfattast som moralsk å hevbda at alle individ burde ha rett til å bli inkludert i alle fellesskap; men i praksis kan eit slikt program føra til at kulturelle forventningar  og normer måtte brytast ned på måtar som kunne undergrava dei sosiale føresetnadene for ein fungarande moral.

Nasjonale fellesskap er dels økonomiske fellesskap, det krev at vi arbeider og betalar skatt til nasjonalstaten. Det nasjonale fellesskapet er og eit politisk fellesskap, som kan kreva innsats i val og samfunnstyring, og også vilje til å setja livet inn om det trengs - jfr. allmenn verneplikt i demokratiske statar. Dessutan er det nasjonale felleskap eit kulturelt fellesskap, som krev at vi innrettar oss etter eit sett med felles normer og tolkingar. Dette inneber ikkje at alle skal vera like, men at omfattande avvik frå grunnleggande meiningskodar og normer kan skapa vanskelege spenningar.

Denne generelle innsikta i korleis fellesskap fungerar, kan gi ein bakgrunn til å forstå kvifor nykomarar blir møtte med skepsis og utsette for ulike prøver på lojalitet, før dei blir aksepterte. Dette gjeld nykomlingar på ein arbeidsplass, i ei skuleklasse eller i eit lokalmiljø. Det same vil gjelda nykomne innvandrarar.

Kultursosiolgisk sett er det naivt å venta at personar med meingskodar og verdiar frå fjernståande kulturar skal kunna bli fullt ut aksepterte utan å ha gått gjennom ein viss integrasjon. Tilsvarande er det naivt å tru at eit samfunn skal kunna likestille ulike og sterkt motstridande grunnverdiar 6).
 
 

Førar nasjonalisme til krig?

Kva med påstanden om nasjonalisme fører til krig? Ut frå eit perspektiv på europeisk historie er det mange som meiner dette. Tilsvarande blir "globaliseringa" utlagd som eit moderne svar på denne utfordringa. Det blir såleis snakka som om overnasjonale einingar fremjar fred, medan najonalisme fremjar krig.

Dette er poulære oppfatningar som med det same kunne verka overtydande. men omgrepsbruken treng her ei presisering. Når det blir gjort viser det seg at oppfatningane avvik frå det vi finn innanfor viktige deler av internasjonal samfunnsforskning. Vi kan kort seia det slik: Det finns fleire grunnar for at samfunnsutviklinga ikkje vil gå mot ein global einskap 7). Det finst til dømes kultursosiologiske grunnar for å meina at ein moral basert på universell altruisme ikkje kan fungera åleine 8). Moral er avhengig av kultur for å kunna fungera, og kulturar varierar. Det kan vidare framhevast at variasjon og utveljing er heilt naudsynt for at vi skal kunna utvikla oss og finna fram til overlevingsdyktige livsformer. Dette kan føra til spenningar mellom politiske einingar, til og med til krig. men forskinga gir ikkje stønad for den oppfatninga at krigar er noko som berre kjem av konfliktar på nasjonsnivå.

I våre dagar er det tvert om slik at mange meiner at framtida er meir truga av sivilisasjonskonfliktar enn av nasjlnale konfliktar 9). Terrorhandlingane i New York i september 2001 blir av somme rekna som eit døme på internajonale konfliktar melom sivilisasjonar (kulturar og religionar) - konfliktar som kan føra til krigslinande tilstndar 10).

Ein ting vil her vera å forklara kvifor folk med ein tradisjonalistisk kultur kan bli terroristar. Ein annan ting er å forklara kvifor folk i den amerikaniserte del av verda ikkje ser desse samanhengane. Her kan det vera nærliggande å framheva at vi i Vesten på mange måtar har stengt oss inne i sjølvgode førestillingar, strukturerte av ideologi, myte og tru, slik at vi ikkje ser anna enn dei positive sidene ved den globaliseringa som vi fremjar 11). Når det går gale, har vi eit arsenal av negativt ladde ord som vi kan framføra rituelt for å markera skildnaden mellom dei og oss: fanatikarar, fundamentalistar og framandfryktande nasjonalistar. her er den ekskluderande "vi"-identiteten operativ, men på ein måte som kan skygga for ei djupare forståing.

Når det gjeld nasjonalstatar og krigsfare, kan det i eit samanliknande historisk perspektiv også argumenterast for eit motstandpunkt, nemleg at det, trass i alt, er relativt lite som tyder på at nasjonalstatlege konfliktar her vore spesielt krigsfremjande. Tentativt kan vi skissera argumentasjonen på denne måten: Det mest nasjonalistiske hundreåret i europeisk historie var perioden mellom 1814 og 1914. Dette var også det hundreåret då det var "minst krigar" mellom europeiske statar, og det til trass for at til dømes Bismarch hadde både våpen og objektive interesser av ein ekspansiv austpolitikk. Det kan argumenterast for at den nasjonalistiske læra, som gjekk ut på at ei statsleiing berre hadde legitim rett til å styra over eige folk, verka hemmande på mellom andre Bismarck. Han avgrensa i hovudsak politikken sin til krigar for grenserevisjonar i områder der det budde tyskarar utanfor riksgrensene.

Vidare kan det hevdast at det var der den moderne nasjonalstaten ikkje hadde fotfeste, at konfliktene førde til storkrigar. Uryddige tilhøve i multietniske statar på Balkan, og seinare ein førardyrkande tysk imperialisme, kom til å bryta dei relativt fredelege tilhøva mellom europeiske nasjonalstatar. Andre verdskrigen vart ein krig mellom ein imperialistisk politikk, som legitmerte seg med raseteoriar, og ein allianse mellom statar som hadde nasjonalismen som sitt viktigaste appellgrunnlag - jamfør Stalins kraftpatriotisme og Churchils nasjonale appellar, og innhaldet i dei illegale norske avisene under krigen. I så måte vart denne krigen vunne av nasjonalistar i kamp mot ei overnasjonal nyordning som ikkje hadde nasjonal legitimitet.  Og vidare: under og etter Murens fall var nasjonalistiske rørsler avgjerande for samanbrotet av den sovjetiske imperialismen, jamfør utviklinga i dei baltiske statane.

Men dei positive røynslene med ein demokratisk nasjonalisme har ikkje vorte innarbeidd i det ideologiske repertoaret som samtidige politikarar nyttar seg av når dei skal løyse verdskonflikter.  samstundes kan det i mange høve seiast at forsøka på å skapa fredelege tilhøve ved berre å proklamera individuelle rettar i fleirkulturelle statseiningar,  jamt over ikkje har vore udelt vellukka. Heilt ille gjekk det i det tidlegare Jugoslavia, der nedbrytinga av det som kunne ha vorte ein nasjonalstat førte til både etniske krigar på eit undernasjonalt nivå og til ein overnasjonal krig som vart grunngitt med humanitære prinsipp.

Ein av dei som har sett samanhengen mellom nedbrytinga av nasjonastaten og dei nye krigane er den amerikanske samfunnsforskaren Christopher Lasch. I boka Elitenes opprør og sviket mot demokratiet skriv han 12):

"Mot slutten av det 20. århundre er verden et merkelig skue. På den ene side er den nå i kraft av markedet forenet som aldri før. Kapital og arbeidskraft flyter fritt over politiske grenser, som virker mer og mer kunstige og umulige å kontrollere. Populærkulturen følger i deres kjølvann. På den annen side har det sjelden vært lagt s1ik vekt på stammetilhørighet. Religiøse og etniske kriger bryter ut i det ene landet etter det andre: i India og Sri Lanka, i store deler av Afrika, i den tidligere Sovjetunionen og i det tidligere Jugoslavia.

Det er svekkingen av nasjonalstaten som ligger til grunn for begge disse utviklingstendensene - bevegelsen i retning av global enhet og den tilsynelatende motsatte bevegelsen i retning av oppsplitting. Staten kan ikke lenger demme opp for etniske konflikter og kan heller ikke styre de kreftene som fører til globalisering. Ideologisk er nasjonalismen kommet under dobbelt ild - fra tilhengerne av etnisk og rasemessig partikularisme, men også fra dem som hevder at det eneste håp om fred ligger i internasjonalisering av alt fra mål og vekt tiI kunstnerisk fantasi".

Ut frå eit kultursosiollogisk perspektiv kan det vera gode grunnar for å ta Lashs argumentasjon opp til seriøs drøfting.
 
 

Noreg og den gode nasjonalismen

Den demokratiske nasjonalismen byggjer på ein balanse mellom det nasjonalt konstituerande og det politisk veljande, mellom ethnos og demos. Jamvel om dette har vore ei god oppskift på statsdanningar med evne til å løyse konflikter med fredelege midlar, så har nokre nasjonalstatar fungert betre enn andre.

Noreg har vore ein av dei meir vellukka nasjonalstatane. Det nittande hundreåret var for Noreg ein periode då nasjonsbygging og demokratibygging gjekk parallelt. Ikkje berre parallelt i tid, men også slik at det nasjonale og det demokratiske balanserte og utfylte kvarandre. Nasjonalismen hindra dei demokratiske krava frå å bli reine særkrav. Det demokratiske idealet hindra nasjonalismen frå bli elitistisk og eksklusiv.

Det var historiske grunnar for at dette kunne skje. Somme vil i den samanhengen hevda at den norske nasjonalismen ikkje kunne ta utgangspunkt i kongar og krigarar. Det var bønder og sjøfolk som representerte dei særeigne og samanhengane linene i norsk historie. Så vart då også den norske nasjonalismen meir folkeleg enn den vi finn i mange andre land. Samstundes var det slik at dei såkalla motkulturane representerte folkelege rørsler som sikra eit visst kulturelt mangfald - lenge før dette vart eit slagord i globalisert retorikk. Eit døme:  Midt i det tjuande hundreåret gjorde amerikanaren Raoul Naroll ein samanliknande studie av det han såg som sivilisasjonssjukdomar i moderne statar. Utbreiinga av demoralisernde avvik viste seg å variera ein god del mellom statane, utan at vi her treng gå inn på kven som kom dårlegast ut ved denne samanlikninga. Det landet som kom best ut var i alle fall Noreg, som vart omtala som modell-landet 13).

Utviklinga i siste generasjon av det tjuande hundreåret har kanskje ikkje vore fullt så flatterande for moralen i landet vårt. Etter internajonale mål skårar vi likevel høgt på tillit 14).  Så kan det siast at overmål av tillit i praksis kan slå over i naivitet, og her finnst det forsking som seier at ein del innvandrarar meier at det mest negative trekket ved norske nordmenn er at dei er så "lettlurte" 15).

. I alle fall har vi i seinare år vore svært så opne mot det meste som gjev seg ut for å vera deler av ein global kultur. Evna til å sortera har gått attende, samstundes som motkulturane har vorte veikare som motvekt mot nyliberalismen.  Trass i alt tyder fleire studier på at vi framleis kjem betre ut enn mange andre land når det gjeld mål for moralsk dekadanse 16).

Men, vil sume seia, har ikkje den norske nasjonalismen ført til at vi er blitt lite orienterte mot Europa og verda utafor? Dersom vi berre ser på førstesidene i norske aviser og dagsnyttsendingane i fjernsynskanalane, kan det verka slik. Men om vi spør etter haldningane og handlingar til folk flest, blir biletet eit anna. Vi gjev meir til internasjonal hjelp enn dei fleste. Den 27.4. 2001 kom meldinga om at berre to europeiske land tek mot flere innvandrere i forhold til folketalet enn Noreg. Ikkje nok med det. Aftenposten kunne den 7. 1. 2001 fortelja at "Europa-tilhørigheten er sterkere i Norge enn i EU". Bakgrunnen var ei samanliknande studie av haldningar og kunnskap i europeiske land. Denne studien synte at 21 prosent av nordmennene kjente ein svært sterk "tilhørighet til Europa", medan 45 prosent kjente ein "ganske sterk tilhørighet", samanlikna med 18 og 38 prosent i gjennomsnitt for EU-landa. Samstundes viste nordmennene seg som meir nasjonalt orienterte enn dei fleste andre: 59 prosent av nordmennene og 52 prosent av EU-borgerne uttrykte "meget sterkt tilknytning" til heimlandet sitt.

For folk som har sett Europa-orienteringa som ein motsetnad til nasjonal orientering, og som etter EU-avstemningane har omtala Noreg som eit utanforland, må desse tala verka forvirrande. For folk som har sett den nasjonale orienteringa som ein av føresetningene for ei videre orientering, treng ikkje tala å forundra.

Det skule vera unødvendig å minna om at det sjølvsagt finnst mange slags skildnader på nordmenn, også når det gjeld grad og type av nasjonal orientering. Her kan det i vår samanheng vera eit artig poeng å visa til ein studie av Håvard Teigens ved Høgskulen på Lillehammer, der han meiner å kunna peika på  samanhengar på kommunenivå mellom språkleg orientering og barnetal i familiane. Nynorskkommunane er meir sjølvrekrutterande enn bokmålskommunane, også når ein samanliknar økonomisk like kommunar 17).

Slike studiar illustrerar problemstillingar som samfunnsforskarar kunne ha sagt meir om: Kultur er viktig, men ikkje i den meining at all kultur er like god. Nokre kulturformer er meir funksjonelle for ei fornuftig tilpassing enn andre 18).  I den samanhengen kan det hevdast at den demokratiske nasjonalismen kan vera fornuftig, ut frå fleire mål og dimensjonar.
 
 

Noter

2 Bergsgård, Arne (1946): Nasjonaliteten i Europeisk historie. Aschehoug, Oslo.

3 David Miller (1988): "The Ethical Significance of Nationality"; Ethics, Chicago, vol 98, s. 647-662.

4. Øyvind Østerud: Globaliseringen og najonalstaten. Ad Notam, Gyldendal 1999.

5. Jfr. Jürgen Habermas om "forfatningspatriotisme".

6. Mange innvandrarar skjønar dette svært godt. Ein kurdisk student fortalde meg at ho meinte nordmenn måtte bli meir tydelege på å fortelja kva det vil seia å vera norsk; så kunne innvandrarane freista å gå inn i det norske gjennom fleire trinn, frå å meistra språket, forsørgja seg gjennom eige arbeid, forstå dei norske kodane og akseptera norsk lov for å kunna fungera på lik linje med andre nordmenn.

7. John Gray: False Dawn. The Delusion of Global Capitalism. Granta Books. London 1988.

8. Garrett Hardin: The Limits of Altruism. An Ecologist`s View of Survival. Indiana University Press 1977,

9. Samuel Huntington: The Clash of Civilizations and the Remaking of World Order. Simon & Schuster, N.Y. 1996. Jfr. også Martin van Creveld: The Transdformation of War. Free Press, N.Y. 1991.

10. Det er påfallande kor lite norske og andre vestlege politikarar har vore budde på valdelege konfliktar av den typen vi såg eit eksempel på i september 2001. Etablerte kommentatorar har ikkje vore flinke til å forklara samanhengen mellom samtidige formar for globalisering og terrorisme. Like fullt er det ein samanheng mellom økonomisk globalisering og utbyting, melom kulturell globalisering og nedbryting av moral og gudsfrykt, mellom økonomisk globalisering og opplevd avmakt. Mange reagerere med blindt hat på det dei opplever som undertrykking og underkjenning. Nokre kan til og med reagera ved å ofra både eige og andres liv i ein desperat kamp mot det dei ser som sataniske krefter.

11. Sigurd Skirbekk: Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre. Tano/Aschehoug 1999.

12. Christopher Lash: Elitenes opprør og forræderiet mot demokratiet. Pax, Oslo, kap 1, s. 45f.

13. Raoul Naroll: The Moral Order. Sage, Beverly Hils 1983.

14. Ronald Inglehart et.al.: Human values and beliets: a cross-cultural sourcebook. Univ. og Michigan Press, Ann Arbor 1998.

15. Inger Lise Lien: Ordet som stempler djevlene. Holdninger blant pakistanere og nordmenn. Aventura, Oslo 1997, s. 99.

16. Jfr. artikkelen "Minst dekadent" under Nyheter og kommentar/ http://www.norskkultur.net/

17. Jfr. Dag og Tid nr. 30/2001, for 26 juli.

18. Lawrence E. Harrison og Samuel P. Huntington (red):Culture Matters How Values shape Human Progress. Basic Books, N.Y. 2000.