(Kronikk i Dag og Tid 1.7. 1997)
 
 
 
 
 

Sigurd Skirbekk:

Ti tesar om nasjonalisme
 
 
 

1) Nasjonalisme er eit program for at politiske og kulturelle grenser i størst mogeleg grad bør falla saman.

Dette prinsippet har vore formulert av fleire, klårast av filosofen Johann Gottfried Herder. Grunngjevingane for prinsippet har vore mange. Ei av dei viktigaste er at dette prinsippet vil gje ulike folk høve dei beste vilkåra for å realisere sin kultur i djupna, også der dette krev visse former for politikk.

Nasjonalismen treng ikkje stå i motsetnad til lokale og sosiale variasjonar, eller for den del til overnasjonale einingar. Den kulturelle grunngjevinga for nasjonalismen set den derimot i motsetnad til ein politikk som berre tek sikte på å vera ein administrasjon av ulike pressgrupper eller å vera eit instrument for ein spesiell maktelite.
 
 
 

2) Nasjonalisme er dels historisk utvikla, dels samtidig bestemt og dels framtidsretta.

Nasjonalisme som prinsipp byggjer på at folk er forma av ein kollektiv historisk arv, utvikla gjennom erfaring frå mange slektledd, men er og avhengig av eit nasjonalt program som kan gje denne erfaringa felles form. For å bli vellukka må eit slikt program vera ein syntese av folkeleg erfaring og fortolkingar utførde av ein elite.

Nasjonalismen har ikkje karakter av å vera ein slags natur, som røktar seg sjølv uavhengig av kva vi måtte meine om han. Nasjonalismen er heller ikkkje eit kulturelt påfunn av politiserande kunstnarar. Kategorialt er nasjonal kultur kollektivt utvikla og samstundes konstituerande for det folkelege fellesskap i ein nasjon.

Mellom dei viktigaste elementa i ein nasjonal kultur kan vi i ulike land finna forskjellig vektlegging av religion og språk, etnisitet og felles historie. Ein nasjonal arv må fornyast for kvar generasjon, og også tilpassast slik at han blir målretta og peikar framover.

I eit land som Noreg har ikkje minst dei språklege sidene ved nasjonbygginga vore viktige. Samanhangen gjennom gamalnorsk, mellomnorsk og nynorsk representerer ein djupdimensjon ved den nasjonalkulturelle identiteten, og har dessutan vore ein bindelekk til ordformer og livstolkingar som våre forfedrar har halde seg til. Samanhengar mellom lokalformer og riksnormer har gjort sitt til å halda nasjonen saman.
 
 
 
 

3) Moderne nasjonalisme er basert på folkesuvereniteten.

I motsetnad til ein tidlegare dynastisk nasjonalisme, som var basert på lojalitet til ein fyrste eller ein konge, er moderne nasjonalisme bunden til eit heilt folk. Nasjonalismen blir eit prinsipp som bind folket saman og hindrar nasjonen frå å segmenterast i uforsonlege gruppeinteresser, for deretter å bli underlagt viljen til ein ordnande maktelite.

Moderne nasjonalisme kan ikkje reduserast til eit instrument for spesielle grupper. Han er heller ikkje ein ideologi for ein spesiell tidsalder, til dømes for borgarskapet i industrisamfunnet.
 
 

4) Nasjonalismen er ein moralsk autoritet for eit folk

Mange argument for nasjonalismen dreiar seg om vilkåra for folkeleg frigjering og for kulturell utvikling. Samstundes framstår nasjonalismen som ein moralsk storleik, delvis med autoritet over individet. Både minnet om livskampen til dei som har gått føre oss og omsynet til livssjansane for dei som kjem etter oss vert moralske bremsar på innfalla til ein gjer-som-du-vil-generasjon.

Samfunnsautoritet på eit nasjonalt nivå har større sjansar for å verta ein effektiv brems på kortsynt egoisme enn ein meir abstakt universell autoritet, mellom anna fordi den nasjonale autoriteten står nærare eigne folk og livsformer. Her er det likevel grunn til å skyta inn at nasjonalismen som moralsk autoritet avheng av det som Benedict Anderson har kalla for "førestilt fellesskap", og bør difor forståast som eit kulturelt ideal heller enn som eit sosialt gjennomsnitt.

Den moralske sida av nasjonalismen er ikkje minst viktig for demokratiske statar, som må gå ut frå at det er mogeleg å styra utan for mykje direkte maktbruk.
 
 
 

5) Nasjonalisme er ein føresetnad for eit fungerande demokrati.

Demokrati tyder folkestyre. Men det er ikkje utan vidare gjeve kven som høyrer til eit folk og kven som ikkje gjer det. Heller ikkje er moralsk lojalitet mellom individ og grupper noko som vert utvikla automatisk berre vi får til visse politiske vedtak. Den første føresetnaden for at eit folkestyre skal fungera, er at folk er kulturelt konstituerte som eit folk; mennesket må oppfatta seg som del av eit folk og ha kjenneteikn på at det høyrer saman med dei andre. Med to greske uttrykk kan vi seia at det historiske folk, ethnos, er ein føresetnad for at vala til det veljande folk, demos, skal bli respekterte.

Franskmennene, som først formulerte prinsippa for nasjonen som ei eining av folk med sams rettar, kom snart til å erfara at "demos" ikkje kunne stå på eigne bein. Der dette fellesskapet ikkje vart bygd på felles kultur nedanfrå, fekk vi ei sterk og hardhendt kulturell standardisering, leia ovanfrå.

Denne erfaringa syner at det ikkje er hald i oppfatninga om at rettane til "demos" skulle vera den snille sida av nasjonalismen, medan den eks-kluderande "ethnos" skulle vera den slemme sida. Alt sosialt fellesskap fungerer på ein eller annan måte i høve til eit skilje mellom vi og dei. I moderne differensierte samfunn kan dette skiljet rett nok variera noko med ulike sosiale situasjonar, men opphevast kan det ikkje.

Uskolerte idealistar som ser bort frå vilkåra for folkeleg solidaritet, kan lett tolka nasjonalitet reint juridisk og det kan føre til fårlege politiske diagnosar. Eit eksempel på dette var den administrative nasjondanninga Bosnia-Herzegovina i 1991. Utviklinga etter den tid har synt at vi då fekk tilbakefall til enklare former for gruppeidentitet, til blodige konfliktar og til eit dårleg fungerande demokrati.
 
 
 

6) Nasjonalisme som prinsipp har alt i alt fungert konfliktdempande

Den moderne nasjonalismen, basert på prinsippet om folkesuverenitet, kan gje eit politisk styre legitimitet for krav på område med eigne folk. Men i motsetnad til den gamle dynastiske nasjonalismen, set den nye grenser for kva for folk og område eit styre kan gjera krav på. Det er ikkje tilfeldig at det hundreåret i europeisk historie som var mest prega av nasjonalismen, perioden 1814-1914, også er den perioden då landegrensene vart mest respekterte i Europa og då det var minst krigar mellom europeiske folk. Unnataka, som krigane om Alsass og Slesvig, hang til dels saman med ei til då underutvikla nasjonal tenkjing om korleis politiske konfliktar skulle løysast der nasjonalitetstilknytinga var fleirtydig.

I tillegg til den direkte fredsfremjande funksjonen, ved at nasjonalismen rett forstått delegitmerte overnasjonale erobringar, har nasjonalismen også verka indirekte konfliktdempande ved at den, som nemnt, har vore ein føresetnad for fungerande representative demokrati. Demokrati er alt i alt fredsfremjande. Demokrati har tradisjonar for å løysa konfliktar gjennom forhandlingar. Dette gjeld og konfliktar statar imellom. Ingen moderne demokrati har gått til militære åtak på andre moderne demokrati.
 
 
 

7) Nasjonalismen har stått i motsetnad til nazistisk imperialisme

Moderne nasjonalisme byggjer som nemnt på prinsippet om at folk med felles nasjonal kultur skal kunna forma politiske einingar, når dei elles har føresetnader for det. Denne nasjonalismen kjem i motsetnad til ulike former for overnasjonal imperialisme, også der eit imperialistisk styresett i utgangspunktet har fått makt gjennom appell til ein dynastisk eller partibunden nasjonalisme. Det mest kjende eksemplet på dette er ekspansjonspolitikken til Hitler, som gjekk langt utover tyske landområde på 1940-talet. Denne imperialismen kunne ikkje grunngjevast nasjonalistisk, men trong til ei spesiell raselære for å verka legitim. Det som stansa den nazistiske imperialismen, kom til å bli ein allianse av russisk, engelsk, amerikansk, fransk, polsk, serbisk og norsk nasjonalisme.

Studiar frå andre verdskrigen syner at nasjonalistisk patriotisme var ein heilt avgjerande motivasjon for motstanden mot nazistisk okkupasjon. I Noreg, der visse medlauparar til okkupasjonsmakta omtala seg sjølve som nasjonalistar, fekk vi eit språkleg skilje mellom "nasjonalistane" og "dei nasjonale" eller "folk med nasjonal haldning". Dette språklege skiljet var likevel tidsbestemt og bestemt av spesielle tilhøve i vårt land. I den engelskspråklege verda finn vi ikkje eit tilsvaranda språklege skilje, jamvel om dei skil mellom ´nationalª og ´nationalisticª.
 
 
 

8) Nasjonalismen har stått i motsetnad til marxistisk kommunisme.

Tidlegare i dette hundreåret sto ulike nasjonalistiske grupper i Vesteuropa i ein markert motsetnad til marxistisk kommunisme. Denne motsetnaden gjekk djupare enn til ein liberal uvilje mot ideologiar med totalitære trekk. Den marxistiske kommunismen vart sett på som alt for materialistisk til at den kunne sameinast med ein moralsk nasjonalisme, og dermed som ei oppfatning som ville verta avhengig av tvangsordningar for å halda samfunnet saman. Det må likevel seiast at dei revolusjonane som har lukkast i kommunismens namn, har alle hatt nasjonalistiske trekk. Det gjeld både den russsiske, den kinesiske og den kubanske revolusjonen.

Når nasjonalismen i seinare år har vorte sterkare i mange land som tidlegare stod under eit marxistisk styre, er det feil å tolka dette som om nasjonalismen skulle vera ein slags fyllmasse i eit politisk vakuum. I fleire land kom den nasjonale reisinga først, kommunismens delegitimering og fall deretter - jfr "den syngjande nasjonalismen" i dei baltiske statane. Utan den nasjonalistiske orienteringa, som hadde halde seg under det marxistiske styret, hadde knapt kommunismen falle såpass lett som han gjorde.

Stalin og Tito såg tidleg at homogene nasjonale folkegrupper kunne gje grunnlag for folkelege reisingar, og dei gjekk begge inn for ei hardhendt folkeflytting og i eit langt større omfang enn det som seinare har vorte kalla "etnisk reinsking". Når landområda var gjorde etnisk heterogene, vart dei lettare å styra for den politiske sentralmakta.
 
 
 

9) Spenningar mellom etniske grupper i moderne statar skuldast vel så ofte for lite som for mykje nasjonalt medvit

I seinare år har nyliberale elitar opna opp for stor fjernkulturell innvandring i tidlegare relativt homogene kulturområde. Dette har ført til kulturelle spenningar og konfliktar på ulike nivå. Ofte blir desse konfliktane utlagde som uttrykk for at dei innfødde har for mykje brysam nasjonalisme. Ein del forsking tyder likevel på at denne form for konfliktdiagnosar er meir basert på ideologi enn på reell innsikt i konfliktane. Innvandrarar, serleg frå land med andre sivilisatoriske tradisjonar enn våre, vil kome opp i ulike typar av konfliktar dersom dei ikkje lærer seg både sosiale normer og kulturbakgrunn i det landet dei har slått seg ned i. Fleire innvandrarar hevdar at problemet med å tilpassa seg til liberale og sekulære samfunn heng saman med at innfødde i desse samfunna ikkje sjølve greier å forklara kva som er dei grunnleggjande premissane i deira kultur, til dømes i norsk kultur innafor ei vesteuropeisk kulturramme. Kulturkonfliktane skuldast ofte at dei innfødte har eit for lite substansielt forhold til sin eigen nasjonale kultur, og at dei då berre slår om seg med overflatiske frasar om at folk må følgje skikk og bruk og vera tolerante mot kvarande.

Internasjonal utvikling i seinare tid gir mange døme på at nedbygginga av den nasjonal lojalitet ikkje førar til grenselaus toleranse, men til hardare inndelingar etter overnasjonale eller undernasjonale grenser. Nedbygginga av den Jugoslaviske nasjon opna for større konfliktar etter etniske grenser. Fleiretniske statar utan felles identitet fungerar dårleg. I Bosnia har det nummeriske fleirtalet liten autoritet; den moralsk lojalitet mellom folk følgjer grensene for ethnos heller enn for demos

Politisk retorikk om det "fleirkulturelle samfunn" syner at mange har eit heller lite reflektert forhold til både kultur og samfunn. Dersom vi i sosiologisk meining har fleire kulturar i ein stat, har vi også fleire sosiale fellesskap, som kan ha større eller mindre lojalitet med kvarandre.
 
 
 

10) I den grad nasjonalismen blir for snever, må den supplerast med sivilisasjonsidentitet

Det vert ofte sagt at nasjonalismen gjev for snevre rammer for å styra dei utfordringar som ein moderne samfunn står overfor. På mange felt er dette riktig. Men det tyder ikkje at nasjonalismen har vorte overflødig og at framtidige menneske vil verta individuelle borgarar i ei global verd.

Jamvel om svara på nokre utfordringar, til dømes når det gjeld økologi, treng til verdsommspennande politiske einingar, så er ikkje det fallet med alle overnasjonale utfordringar. Mellom nasjonen og det globale har vi dei sivilisatoriske inndelingane. Også desse er historisk utvikla, og kan ikkje inndelast og tolkast heilt vilkårleg. Sivilisasjonsforskaren Samuel Huntington har peika på nokre kjenneteik som karakteriserer vestleg sivilisasjon og som i kombinasjon gjer denne sivilisasjonen ulik andre samtidige sivilisasjonar. Det han peikar på er den antikke arven, katolisismen og protestantismen, skiljet mellom åndeleg og timeleg autoritet, styresett underlagt lovverk, sosial pluralisme, representative styringsorgan og samvitsbasert individualisme. Vestleg nasjonalisme må finna sin plass innanfor desse sivilisatoriske rammene for å kunna fungera godt.
 
 
 
 
 

Litteratur til utdjuping:
 

Til tese 1

Hans Kohn (red) : Nationalism. Its Meaning and History. Norstrand, N.Y. 1965

John Huchinson & Anthony D. Smith (red): Nationalism. Oxford University Press 1994.

Robert T. Clark: Herder : his life and thought Berkeley, Calif. 1969.
 

Til tese 2

Anthony D. Smith: National Identity. Penguin, London 1991

Anthony D. Smith: The Etnic Origins of Nations. Blackwell, London 1986

Oddmund Løkensgard Hoel: Nasjonalisme i norsk målstrid 1848-1865. KULT/NF, Oslo 1996

Inge Adriansen: Fædrelandet, folkeminderne og modersmålet. Museumsrådet, Sønderborg 1990
 
 

Til tese 3

John Hutchinson: Modern nationalism. Fontana, London 1994

J. A. Armstrong: Nations before Nationalism. Chapel Hill, N:C. 1982

Otto Dahn og Hans Ulric Wehler (red): Nationalismus und Nationalstaat. Studien zum Problem im modernen Europa. Vanderhoeck & Ruprecht, Göttingen 1991.
 
 

Til tese 4

Benedict Anderson: Imagined Societies: reflections on the origin and spread of nationalism. Verso, London 1991.

Paul James: Nation Formation. Toward a Theory of Abstact Community. Sage, London 1966

W. Watt Miller: Durkheim, morals and modernity. UCL Press, London 1996
 
 

Til tese 5

Øyvind Østerud: Hva er nasjonalisme? Universitetsbiblioteket, Oslo 1994

Øyvind Østerud: Nasjonenes selvbestemmesrett. Universitetsforlaget, Oslo 1991

Raoul Girardet: Le nationalisme français. Anthologie 1871-1914. Seuil, Paris 1983

Sugata Bose, Ayesha Jalal: Nationalism, democracy and development: state and politics in India. Oxford University press, Dehli 1997
 
 

Til tese 6

Michael E. Brown, Sean M. Lynn-Jones, Steven E. Miller: Debating the democratic peace. MIT; Cambridge, mass 1996

Dennis C. Mueller:Constitutional democracy . Oxford University Press, 1996.

Rudolph J. Rummel: Power Kills. Democracy as a Method of Nonviolence. Transaction Publishers, New brunswick og London 1997
 
 

Til tese 7

W. D. Smith: The Ideological Origins of Nazi Imperialism. N.Y. 1986

Peter Alter: Nationalism. Edw. Arnold, London 1985

John Stuart Mill: Considerations on Representative Government (1861). Repr. Bobbs Merril, N.Y. 1958
 
 
 

Til tese 8

Jens A Christophersen: Verdensrevolusjonen som ble vekk: Nasjonal-kommunismen fra den franske til den kubanske revolusjon. Pax, oslo 1968

Hans Kuhn: Nationalism in the Soviet Union. AZMS Press, N.Y. 1966

Rudolph J. Rummel: Death by Government Transaction Publishers, New Brunswick og London 1994; spes. kap. 12 "Poland´s Ethnic Cleansing" og kap. 14 "Tito´s Slaughterhouse".
 
 

Til tese 9

Sissel Gullbjørnrud: ´Jeg er ikke rasist, men jeg blir det snartª - en empirisk undersøkelse av kontakt og konflikt i et flerkulturelt bomiljø. Hovedoppg. cand. polit., Inst. for sosiologi, Oslo 1995.

Inger-Lise Lien: Ordet som stempler djevlene. Holdninger blant pakistanere og nordmenn.. Aventuura, Oslo 1997
 
 

Til tese 10

Samuel Huntington: The Clash of Civilisations and the Remaking of World Order. Simon & Schuster, N.Y. 1996

Øyvind Østerud: Norwegian nationalism in a European context; Democracy between national government and supernationality - a concise exposition. ARENA, Oslo 1996