Litauisk-norsk ordbok
kom ut på det litauiske forlaget Baltos lankos ved
årsskiftet 2001–2002. Boka er resultat av eit samarbeidsprosjekt
mellom forskarar ved universiteta i Oslo og Vilnius. Ho er på
630 sider og inneheld ca. 22 000 litauiske ord og uttrykk med norske
omsetjingar. Ordboksartiklane er rike på døme og gjer
all naudsynt informasjon om uttale, bøying og semantikk
både om dei litauiske og dei norske orda. Bak i boka er det korte
innføringar i litauisk og norsk fonetikk og grammatikk.
Eg har nå selt ut dei eksemplara eg hadde. Om du er
interessert i å kjøpe boka, kan du spørje
i ein av dei større bokhandlane i Oslo eller ta kontakt med
forlaget Baltos lankos i
Vilnius.