Det vanskelege nasjonalismeomgrepet

Elisabeth Bakke, Post.doc., Institutt for statsvitskap, UiO 
(Trykt i Mål og makt 3/1999).

I norsk offentleg debatt har omgrepet nasjonalisme har hatt ein negativ klang i heile etterkrigstida. Vi har hatt eit språkleg skilje mellom nasjonalisme som noko negativt og nasjonalkjensle som noko positivt (Østerud 1994:10). At nasjonalisme har negative konnotasjonar er i og for seg ikkje noko nytt – det nye er at nasjonalist og nasjonalisme i dei seinare åra meir og meir har vorte kopla til visse høgreekstreme, valdelege og rasistiske ungdomsmiljø. Dei kallar seg sjølve nasjonalistar, og har langt på veg lykkast i å annektere ordet, men ikkje dei nasjonale symbola. I Noreg er det enno stuereint å vifte med flagget – i motsetnad til i Sverige, der dei høgreekstreme har lykkast med å annektere både flagget og andre nasjonale symbol.

Eg skal koma attende til dei ulike tydingane av nasjonalismeomgrepet. Først skal vi sjå på nasjonsomgrepet, som også er grunnleggjande uklart. Sjølve ordet nasjon kjem av Latin natio, som igjen er avleidd av verbet nasci, som betyr å bli fødd. I det gamle Roma vart natio brukt om utlendingar frå same geografiske område. Seinare har omgrepet skifta meiningsinnhald fleire gonger. Eit særleg viktig skifte skjedde etter den franske revolusjon, da nasjonen gjekk over frå berre å omfatte dei politisk privilegerte klassane til også å omfatte folket, den jamne mann. Det er først etter dette siste semantiske skiftet at nasjonar i moderne forstand oppstår. Etter dette fekk nasjon dobbelttydinga eit suverent (sjølvstendig) folk og eit unikt (særeige) folk (Greenfeld 1992:4-9).

I dag er det vanleg å skilje mellom tre hovudtydingar av nasjon (Østerud 1994:17–24): Nasjonen som politisk fellesskap, nasjonen som sosiokulturelt fellesskap og nasjonen som voluntaristisk fellesskap. Desse tydingane av nasjonsomgrepet skil seg frå kvarandre med omsyn til kva for kriterium som blir lagt til grunn.

Nasjonsomgrepet brukt i tydinga politisk fellesskap er svært vanleg i daglegtalen. Når vi snakkar om SN (dei sameinte nasjonar), meiner vi eigentleg statar. Brukt på denne måten er nasjon synonymt med stat, og nasjonen omfattar alle som er borgarar av staten uavhengig av kulturelle og språklege forskjellar. Ein del av denne tradisjonen er også å omtale alle moderne statar som nasjonalstatar, sjølv om dei fleste statar framleis er fleirkulturelle, for ikkje å seia fleirnasjonale. Ifølgje Walker Connor (1994:96) var berre 9,1 prosent av statane tilnærma 100 kulturelt homogene i 1971. Prosenten er neppe høgare i dag.

Dette politiske nasjonsomgrepet er ikkje særleg vanleg i nasjonalismeforskinga, fordi ei slik samanblanding av omgrepa nasjon og stat tilslører det som har vore ærendet til nasjonale rørsler verda over, nemleg å skape samanfall mellom staten som politisk eining og nasjonen som kulturelt fellesskap.

Nasjon i tydinga (sosio-)kulturelt fellesskap eller avstammingsfellesskap inneber at kriteriet for å vera ein nasjon er knytt til "objektive" kjenneteikn som felles språk, felles etnisk opphav, felles religion, felles historie etc. I denne tydinga er nasjonen ei folkegruppe med felles kulturelle kjenneteikn, uavhengig av statsgrenser. Når det gjeld nasjonen som voluntaristisk fellesskap, er kriteriet for å vera ein nasjon bygd på eigendefinisjon eller ei subjektiv kjensle av å tilhøyre eit fellesskap. Etter denne definisjonen er ei kvar gruppe som ser på seg sjølv som ein nasjon, ein nasjon.

Innanfor nasjonalismeforskinga er det vanleg å kombinere det andre og det tredje av desse, og bruke omgrepet nasjon om folkegrupper som har visse kulturelle trekk felles, og der eit stort fleirtal av folket føler seg som ein nasjon, uavhengig av om dei har sin eigen stat eller ikkje. Etter ein slik definisjon kan vi ikkje tale om nasjonar før i første halvdel av 1800-talet.

I daglegtalen er det kanskje ikkje så nøye kva for nasjonsomgrep vi legg til grunn, sjølv om ein kunne ønskje seg noko større presisjon. For ein forskar, derimot, er det heilt avgjerande å vera presis i omgrepsbruken. Omgrepsdefinisjonen må fange variasjonen i den verkelege verda og dessutan vera analytisk fruktbar i den forstand at ein held frå kvarandre fenomen som inngår i forklaringar – årsak og verknad. Viss ein t.d. skal forklare kvifor Tsjekkoslovakia vart delt i to statar i 1993, kjem ein ingen veg dersom ein legg til grunn at tsjekkarar og slovakar var ein nasjon. Omgrepa våre må sjåast som reiskapar for å forstå verda.

Identitetsomgrepet er eit godt inntak til å forstå kvifor ein fruktbar definisjon av nasjonen må ha med både subjektive og objektive element: Ein kollektiv identitet føreset både at vi føler oss som ei gruppe som høyrer saman, og at vi har noko "objektivt" felles som gjer at vi kan kjenne kvarandre att som medlemar av gruppa – og avgjera kven som ikkje høyrer til. Det siste er kanskje vel så viktig, i og med at identitetar oppstår i møtet med dei andre. Det å oppfatte seg som ei gruppe føreset at det finst andre grupper som ein kan sjå seg sjølv i kontrast til. Dersom det berre fanst kvinner i verda, ville kjenneteikna for kvinne vera identiske med kjenneteikna for menneske, og da ville det ikkje vera noko skilje mellom desse to omgrepa.

For at vi skal kunne snakke om ei gruppe i det heile tatt, må det finnast kriterium for inklusjon og eksklusjon. Målungdommen er ei gruppe, der kriteriet for å kunne kalle seg målungdom er at ein har betalt medlemskap og står i registeret. Når det gjeld nasjonar, er kriteria for medlemskap mykje meir diffuse, og dei varierer dessutan frå tilfelle til tilfelle og over tid. I det norske tilfellet er språk og felles historie viktig, nokon vil også meine at luthersk kristendom er ein del av den norske kulturarven. Innhaldet i det norske har vore og er gjenstand for debatt (sjå t.d. Sørensen 1998).

Eit viktig poeng at nasjonale identitetar blir forma og endrar seg over tid. Nasjonar har ikkje alltid vore her; dei har oppstått gjennom ein prosess. Den faglege usemja gjeld tre ting: 1) Kor moderne er nasjonar eigentleg? Oppstod dei frå ingenting i overgangen frå eit bondesamfunn til eit industrisamfunn, eller byggjer dei på tidlegare etniske identitetar? Dette heng også saman med 2) Kva er årsakene til at nasjonar oppstod? Usemja gjeld her særleg kva rolle moderniseringa spelte og kva for sider ved moderniseringa som var viktigast. Dette heng igjen saman med 3) Kor planlagde er nasjonar? Er dei konstruerte av nokon for bestemte formål eller er dei utfall av historiske prosessar? (Sjå t.d. Østerud 1994, Smith 1986, 1991, 1993, Hutchinson 1994, Hutchinson & Smith 1994, Hobsbawm 1992, Gellner 1983).

Det er likevel semje om at det historisk sett var to vegar til nasjonen i Europa: I vest vart kulturelt ueinsarta befolkningar som levde innanfor ein stats grenser vovne saman til nasjonale fellesskap, ofte ved at minoritetar vart assimilerte inn i kulturen til fleirtalet. I nokre tilfelle var denne prosessen ufullstendig, som f. eks. baskarane i Spania eller skottar og walisarar i Storbritannia. I den grad dette var ein planlagt prosess, var det dei som sat med makta som var den nasjonsbyggjande eliten.

I aust vart kulturelt meir einsarta befolkningar mobiliserte til motstand mot ein framand elite av ei nasjonal rørsle som hadde eit dobbelt siktemål: 1) å overbevise sine eigne om at dei var ein nasjon som burde stå saman, og 2) på vegne av denne befolkninga å rette krav mot ein framand elite om likebehandling og autonomi – eller kanskje til og med lausriving og eigen stat. Dette var i større grad ein bevisst initiert prosess, og dei intellektuelle spelte ei sterk rolle i utforming og spreiing av nasjonal identitet.

Nasjonalismeomgrepet er meir mangetydig enn nasjonsomgrepet, og av nyare dato. Det var den tyske filosofen Johann Gottfried von Herder som først brukte ordet nasjonalisme i eit verk frå 1774. På slutten av 1700-tallet vart nasjonalisme brukt i Tyskland om nasjonale aspirasjonar eller nasjonal glød. Deretter vart det teke opp i det franske språket i tydinga overdriven lojalitet til eigen nasjon. Seinare vart det også brukt om nasjonale rørsler. På engelsk vart nasjonalisme assosiert med nasjonale særtrekk, nasjonal karakter og fedrelandskjærleik, men omfatta ikkje sjåvinisme. Nasjonalismeomgrepet var ikkje mykje brukt før på slutten av 1800-talet, ifølgje Aira Kemiläinen (1964:48–52)

Når det gjeld bruken av nasjonalismeomgrepet i faglitteraturen, kan vi starte med å slå fast at alle dei vanlege tydingane av ordet har noko med nasjonen å gjera. Om vi ser bort frå den høgreekstreme definisjonen av nasjonalisme, fell resten i fem grupper.

For det første har vi nasjonalismen som ideologi. På den eine sida er nasjonalismen ein politisk doktrine som seier at grensene for nasjonen som kulturelt fellesskap og staten som politisk eining bør falle saman, og som munnar ut i krav om lausriving eller autonomi. Dette inneber også at berre eit styre utgått frå nasjonen er eit legitimt styre. Forholdet til demokrati er tvetydig: Eit styre av landsmenn er legitimt, sjølv om det er udemokratisk, eit styre av framande er det ikkje, sjølv om det er demokratisk. Av og til har nasjonale og demokratiske krav gått hand i hand, andre gonger har krav om sjølvstyre vorte fremja utan planar om demokratisering. På den andre sida er nasjonalismen eit kulturelt program for bevaring og utdjuping av nasjonens kulturelle eigenart. Dette kjem til uttrykk i ny vekt på nasjonal historieskriving, kodifisering av skriftspråket, innsamling av eventyr, segner og folkeviser, etc.

For det andre har vi nasjonalisme som sosial og politisk rørsle. Her blir nasjonalisme brukt synonymt med nasjonale rørsler som stiller krav om likebehandling og autonomi på vegne av nasjonen eller eit nasjonalt prosjekt. Det kan vera snakk om ei kulturell rørsle for sjølvhevding (kulturell nasjonalisme), ei politisk rørsle for sjølvstende (politisk nasjonalisme), eller ei økonomisk rørsle for sjølvberging/ proteksjonisme (økonomisk nasjonalisme).

Ei tredje tyding er nasjonalisme som nasjonsbygging, brukt om forsøk frå statlege styresmakter på å skape ein nasjon ut av kulturelt heterogene grupper. Fagleg sett er det ein fordel å skilje mellom 1) aktivitetane til nasjonale rørsler som vanlegvis er rørsler nedanfrå på vegne av ei kulturelt relativt homogen gruppe, retta mot ein framand politisk elite, og 2) aktivitetane til makthavarar som prøver å skape ein nasjon ut av ueinsarta etniske grupper. Her er det eit poeng at makthavarar har heilt andre maktmiddel til disposisjon. Dessutan har nasjonale rørsler eit dobbelt sikte: Dei vil både overtyde sine eigne om at dei er ein nasjon og krevja rettar på vegne av denne nasjonen, kanskje til og med ein eigen stat.

Nasjonalisme blir for det fjerde brukt synonymt med nasjonalt medvit eller nasjonal identitet. Dette er lite formålstenleg fordi nasjonalt medvit hos ein elite er ein føresetnad for at nasjonale rørsler oppstår, samtidig som nasjonalt medvit på massenivå er eit teikn på at den nasjonale rørsla eller makthavarane har lykkast med å overtyde folket om at dei er ein nasjon forskjellig frå andre. Men omgrepa rommar ikkje det same. Ei norsk nasjonal rørsle kan vi vel ikkje seia at eksisterer i dag, men det gjer norsk nasjonalt medvit og norsk identitet.

Endeleg har vi ei femte tyding av nasjonalisme som sterk eller overdriven støtte til eigen nasjon, eventuelt kombinert med aggressive haldningar til andre nasjonar. Dette er ei tyding av nasjonalismeomgrepet som har røter heilt tilbake til Herder, og som er vanleg i norsk offentleg debatt i tillegg til nasjonalisme brukt om aktivitetane og haldningane til høgreekstreme grupper.

I nasjonalismeforskinga er det vanlegast å leggje til grunn ein definisjon av nasjonalisme som omfattar element frå den første, andre og delvis tredje varianten over. Dette gjeld særleg den engelskspråklege nasjonalismeforskinga, medan dei negative assosiasjonane er sterkare i kontinentaleuropeisk tradisjon.

Til slutt nokre ord om den norske offentlege debatten: Fordømminga av nasjonalisme i norske media legg ofte til grunn ein definisjon av ordet som går i retning av rasistisk, fascistisk, eller nynazistisk tankegods. Historisk sett er denne koplinga mellom nasjonalisme og høgreekstremt tankegods sterkt misvisande av tre grunnar:

Den første er at nasjonalismen er ideologisk "nøytral" i den forstand at den kan gå saman både med liberalisme, kommunisme og fascisme. Nasjonalismen gir nasjonen eller nasjonale interesser forrang framfor andre omsyn, og synet på spørsmål knytt til styringssystem, organisering og verdiar er dermed underordna og situasjonsavhengig. Nasjonalismen som ideologi og politisk program kan vera moderniserande og tilbakesjåande, demokratisk og autoritær, ekspansjonistisk og eit forsvar for eigen kultur. Historisk sett har den vore alt dette, og meir til.

Den andre grunnen er at nasjonalismen historisk sett har vore ei frigjerande kraft oftare enn ei undertrykkjande kraft, den var opphavleg målbore av rørsler nedanfrå, for fridom og mot undertrykking, retta mot makthavarar i fleirnasjonale statar. Kjærleik til sitt eige og eit ønskje om å bestemme over seg sjølv inneber ikkje automatisk nedvurdering av andre, forfølging og drap. Det lar seg gjera å ha røter og likevel respektere andre kulturar.

Den tredje grunnen er at det er ein vesentleg forskjell på nazisme og nasjonalisme både når det gjeld objektet for lojalitet og haldninga til andre. Verdsbildet som nasjonalismen forfektar kan samanfattast i tre punkt: 1) verda er delt i nasjonar; 2) nasjonen er kjelda for all politisk og sosial makt, og lojalitet til nasjonen er overordna alt; 3) nasjonar må vera frie og trygge for at fred og rettferd skal råde i verda. Det ligg ikkje i seg sjølv noko ekspansivt i dette. Nazismen sprenger den nasjonale ramma på to måtar: dels ved vekta på rase og herrefolk – som går ut over nasjonen som kulturell eining, og dels gjennom ideen om at den ariske rasen treng 'Lebensraum', og skal herske over alle andre, mindreverdige rasar. Nazismen er faktisk anti-nasjonalistisk i vekta på det kvite rasefellesskapet, som er langt vidare enn den tyske nasjon, og i vekta på Lebensraum og herredømme over mindreverdige rasar.

Ei anna sak er sjølvsagt at nazismen som ideologi hadde samanheng med situasjonen til den tyske nasjon, med store grupper av landsmenn buande spreidd over heile Aust-Europa. Slik sett er nazismen heilt uforståeleg utan koplinga til tysk nasjonalisme, men denne koplinga mellom nasjonalisme og nazisme er ikkje allmenngyldig. Den er gyldig for bestemte land i ei avgrensa historisk periode.

Når journalistar og andre ukritisk bruker nasjonalismeomgrepet i tilknyting til dei gruppene i Noreg som i dag sjølve kallar seg nasjonalistar, klistrar dei samstundes negative assosiasjonar til andre fenomen som gjennom tidene har vore utstyrte med same merkelapp. Mange vil meine at vi førte ein nasjonal, for ikkje å seia nasjonalistisk motstandskamp under andre verdskrigen. Dei som levde gjennom denne tida kan nok styre seg for å bli sett i bås med norske høgreekstremistar anno 1999. Tvert imot kjempa jo "gutta på skauen" mot nazismen.

Personleg er eg ikkje særleg optimistisk med tanke på å "vinne attende" nasjonalismeomgrepet. I mi eiga forsking har eg tatt konsekvensen av at ordet er for mangetydig og for belasta til å vera praktisk å bruke, og bruker det difor minst mogleg (sjå Bakke 1999:31-32).

 

LITTERATUR:

Bakke, Elisabeth (1999): Doomed to failure? The Czechoslovak nation project and the Slovak autonomist reaction. Oslo: Series of dissertations submitted to the Department of Political science, Faculty of Social Sciences no. 11/1999.

Connor, Walker (1994): Ethnonationalism. The quest for understanding. Princeton: Princeton University Press.

Gellner, Ernest (1983): Nations and nationalism. Oxford: Blackwell.

Greenfeld, Liah (1992): Nationalism. Five roads to modernity. London: Harvard University Press.

Hobsbawm, Eric J. and Ranger, Terence (1992): The invention of tradition. New York: Cambridge University Press.

Hobsbawm, Eric J. (1992): Nations and nationalism since 1780. Programme, myth, reality. New York: Cambridge University Press.

Hutchinson, John (1994): Modern nationalism. London: Fontana Press.

Hutchinson, John & Smith, Anthony D. (eds.) (1994): Nationalism. Oxford: Oxford University Press.

Kemiläinen, Aira (1964): Nationalism. Problems concerning the word, the concept and the classification. Jyväskylä.

Smith, Anthony D. (1986): The ethnic origins of nations. Oxford & Cambridge: Blackwell.

Smith, Anthony D. (1991): National identity. London: Penguin.

Smith, Anthony D. (1993): The Nation: Invented, Imagined, Reconstructed? in: Marjorie Ringrose/ Adam Lerner (eds.): Reimagining the nation. Philadelpia: Open University Press.

Sørensen, Øystein (red.) (1998): Jakten på det norske. Oslo: Ad Notam Gyldendal.

Østerud, Øyvind (1994): Hva er nasjonalisme? Oslo: Universitetsforlaget.