Forside - kampen for språket

Kampen for språket
Nynorsken mellom det lokale og det globale

Elisabeth Bakke og Håvard Teigen (red.):

Utdrag av forlagets vaskeseddel:

”Kva posisjon har nynorsken i det norske samfunnet anno 2001? Korleis er framtidsutsiktene for nynorsken? Og kva veit vi eigentleg om forholdet mellom språk og samfunnsutvikling?

Kampen for språket presenterer ny faktakunnskap om nynorsken si stilling i Noreg, i tillegg til personlege vurderingar frå framståande fagpersonar frå ei rekkje disiplinar og miljø. Artikkelforfattarane har bakgrunn frå filosofi, samfunnsvitskap, økonomi, språkforsking og historie. Kampen for språket tek mellom anna opp forholdet mellom språk og modernitet, regionale forskjellar mellom nynorsk- og bokmålskommunar, forholdet mellom dialektbruk og nynorsk, nynorsk og globalisering, og forholdet mellom språk og identitet.

Boka inneheld artiklar av Gunnstein Akselberg, Svein Ivar Angell, Elisabeth Bakke, Jan Terje Faarlund, Ottar Grepstad, Ottar Hellevik, Oddmund L. Hoel, Sylfest Lomheim, Gunnar Skirbekk og Håvard Teigen.”

Boka kan bestillast frå Det Norske Samlaget