![]() | Sentral-Europa og Baltikum etter 1989 Elisabeth Bakke (red.) Oslo: Det Norske Samlaget, 2006. Frå vaskeseddelen til forlaget: "Ny og revidert utgåve av boka om Sentral-Europa og Baltikum etter 1989. I 1989 fall kommunismen i heile det tidlegare Aust-Europa, men kva er skjedd etter revolusjonane og opprettinga av nye statar? Hovudvekta i framstillinga ligg på politisk utvikling, og i eigne kapittel om landa blir det gjort greie for institusjonelle løysingar, utviklinga av partisystem og regjeringsmønster. Landa som blir behandla, er Polen, Tsjekkia, Slovakia, Ungarn, Slovenia, Litauen, Latvia og Estland. I tillegg har boka eigne kapittel om regionen som heilskap: den historiske bakgrunnen, den økonomiske utviklinga og innlemminga i EU. Redaktør for boka er Elisabeth Bakke, som er førsteamanuensis i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Dei øvrige bidragsytarane er Jardar Seim, Jørn Holm-Hansen, Hermann Smith-Sivertsen, Nick Sitter, Svein Mønnesland og Eva Sárfi." Boka kan kjøpast i bokhandelen eller bestillast frå Det Norske Samlaget |