Tekster med høgt blodtrykk
Kåseri av Ivar Eskeland, sendt 22. mai 2002, NRK P2


Eg burde vel kanskje ha snakka om sjukdomar i dag, under mottoet: Er du lei av alle dine gamle? Legg deg inn på norske sjukehus og skaff deg nye. Men eg tek heller for meg moderne medienorsk.

I min og Norsk Språkråds truleg fåfengde kamp mot stadig aukande innslag av anglisismar i norsk, kan me i vår tunge strid trøysta oss litt med uvilja humoristiske fenomen når det gjeld den omseggripande orddelinga eller serskrivinga av samansette ord etter smitte frå anglikansk, som når me blir tilbodne å kjøpa ei tverr fløyte i ein annonse, medan annonsøren og eigaren av denne sermerkte fløyta vel har vilja selja ei tverrfløyte, som vonleg ikkje er av dei tverraste. Etter same moderne orddelingsskikk er det no på tale å «koke bøker», har eg sett frå bokhandlarhald. Kanskje det er tale om tusen år gamle pergamentbøker som vart skrivne på kalvskinn, tenkte eg. Men er ikkje slikt kalvskinn litt seigt å eta? Det må i allfall krevja lang koketid. A propos kunsten å koke bøker: Ei slaktarforretning tilbyd får i kålkjøt. Eg er ikkje heilt sikker på kva kålkjøt er, om det høyrer til plante- eller dyreriket; kanskje begge? Eit drabeleg og sers oppegåande og friviljug organ i striden mot slik orddeling i tillegg til Språkrådet og meg er AMO, som er eit akronym for Astronomer mot orddeling. Dei finst på nettet og bør velsignast. Astronomane har vel litt betre og djupare oversyn enn folk flest, i allfall har dei kikkertane sine retta mot andre humoristiske feilskrivingar i norsk òg, henta frå pressa og etermedium. Som t.d. TV2, som kunne melda at «Det er nå tatt ut tiltale mot Gamal Hosein, som er siktet for å ha drept sin kone, Gry Hosein på ordre fra Riksadvoktaten». Skam deg, Busch. Det kan ikkje vera di sak å gje ordrar om drap. Ver varsam når du skal innom ein viss Shell-stasjon med bilen din: «Mellom klokken 12 og 16 sjekker vi kjølevann og spyler væske og olje på bilen din». For noko griseri, Shell. VG har denne meldinga frå NTB, a propos sjukdom og elende: «Sykdommen har en så lang inkubasjonstid at sykdommen vil kunne bryte ut hos mennesker som har spist infisert kjøtt flere tiår etter». So sant so sant: ein et i fåre kvar ein et, i fortid og framtid. Og no hentar me litt småpornografi frå Nettavisen (sitat): «Videre skal hun ha skjelt ut lensmannsbetjentene på det groveste og forsøkt å sparke legen som skulle ta blodprøve av henne i skrittet». Det er ikkje langt ifrå at eg held med henne, når lækjaren «går til det skritt», som det heiter, nemleg hennar, for å ta blodprøve. Kunne det vera ein tanke å ta blodprøven frå armen neste gong? Det er kje so vondt. Den same Nettavisen kan melda følgjande: «Selv om man tar hensyn til inflasjonen, er norske boliger rekordhøye nå». Hytter og hus, men ingen borge, song Bjørnson, men det var før husa vart rekordhøge. For ei tid sidan kunne Aftenposten melda dette, atter a propos sjukdomar av dei verre: «En høyt respektert kollega av dr. Sloan, Rachel Walters, har utviklet en ny operasjonsteknikk, men etter å ha demonstrert teknikken, dør pasienten». Sjå opp for kirurgar og deira skalpellar, seier eg. Og endå ein frå helsevesenet, i Aftenposten: «I stedet for å bygge ut Ullevål sykehus kunne pasientene like gjerne vært på Dikemark». Ja og ja. Det er vel ikkje nett pasientars oppgåve å byggja ut Ullevål sykehus, men ein veit aldri. Skulle det gå heilt gale med byggjinga, får ein kanskje tenkja på å reopna Dikemark?

Akkja. Journalistikk er hastverkslitteratur, heiter det, med høgt blodtrykk. Journalistar har alltid dødlinja for nasen. Likevel hender det nok at dei skriv verre når dei har betre tid. Men det er ikkje lett å vera journalistar. Dei lever ikkje av ord åleine, endå om dei stundom må eta dei i seg. Kanskje et dei for lite av den slags kost?

Eller som ein kjend journalist sa: Stundom kjennest det som om eg går ut av kontoret og let PCen halda fram å skriva.

Ha ein god dag med avisene. Det er mykje uvilja artig i dei.